Operativ grensekontrollør
Møre og Romsdal Politidistrikt
- Arbeidssted
- ÅLESUND, MØRE OG ROMSDAL
- Publisert
- Søknadsfrist
- 8. nov. 2026
- Omfang
- Heltid
- Ansettelsesform
- Fast
- Antall stillinger
- 1
Stillingsdetaljer
Om stillingaVil du bidra til å sikre Noreg mot truslar utanfrå, og sørgje for at dei som tek seg inn i landet har lov til det? Ønskjer du å jobbe med eit spennande fagfelt i stadig endring, er glad i utfordringar og vil jobbe i eit miljø med gode og dyktige kollegaer? Då kan dette vere jobben for deg.
Vi har ledig ei fast stilling som operativ grensekontrollør ved seksjon for utlendings- og grensekontroll i Ålesund. Seksjonen består av høgt motiverte menn og kvinner fordelt på oppmøtestadane Ålesund og Kristiansund.
Vi arbeider med fagfelt som er høgt prioriterte sentralt og lokalt, og har godt og tett samarbeid med andre driftseiningar, særorgan og eksterne aktørar. Arbeidskvardagen er variert og tidvis hektisk, med krav til fleksibilitet og evne til å ta på seg ulike roller. Dette er ei ypparleg stilling for deg som ønskjer fagleg utvikling og variasjon i kvardagen. Seksjonen er operativ med oppsøkjande verksemd, og dette er ei operativ stilling som inngår i politiet sin operative beredskap med mellom anna operativ tjeneste i helger. Du må pårekne jamleg reiseverksemd i heile fylket.
Vi har eit spesielt godt arbeidsmiljø, og er ute etter deg som ønskjer å styrke dette ytterlegare og som er motivert til å bidra til å utvikle faget og seksjonen over tid.
Vi er på jobb for eit trygt Noreg. Som ein del av politiet sitt viktige samfunnsoppdrag, skal vi førebyggje og nedkjempe kriminalitet, skape tryggleik og vareta rettstryggleiken. Vi trur at mangfald bidrar til betre oppgåveløysing. Seksjonen ønskjer mangfald og ser spesielt positivt på søkjarar med bakgrunn/erfaring/perspektiv/kompetanse som kan utfylle det vi har frå før. Dersom du har behov for tilrettelegging i rekrutteringsprosessen eller arbeidskvardagen, vil vi gjere vårt beste for å gi deg det du treng.
Dette ser vi etter hos ein ny medarbeidarVi ser etter motiverte personar som er interesserte i å møte utfordringar knytt til kriminalitetsnedkjemping. Vi stiller høge krav til fagleg kompetanse, arbeidsmoral og etisk integritet.
Vidare søkjer vi medarbeidarar som opptrer profesjonelt til ei kvar tid og fungerer som gode ambassadørar for politiet gjennom handlingane sine i det daglege arbeidet. Evna til å vere trygg, nærverande, lydhøyr og å byggje tillit til publikum, er avgjerande for suksess i organisasjonen vår.
I vurderinga vår av kandidatar er mellom anna dette noko vi vil leggje vekt på, i tillegg til evna til å bidra til eit inkluderande og respektfullt arbeidsmiljø.
Arbeidsoppgåversystematisk overvaking av luft -og sjøgrensa i Møre og Romsdal
oppsøkjande fysisk kontroll av fartøy
planleggje og gjennomføre personkontrollar
vere oppdatert på fagfeltet og tilgjengeleg ressursperson for andre driftseiningar
rettleiing og opplæring av andre grensekontrollørar
vareta andrelinje grensekontroll – under dette opprette og gjennomføre bort-/utvisingssaker
operativ tjeneste og del av totalberedskapen i politidistriktet
jamleg dialog og samarbeid med eksterne aktørar
andre oppgåver kan leggjast til ved behov
KvalifikasjonarDette må du ha for å vere kvalifisert:
fullført og bestått politi(høg)skule ved tiltreding. Vitnemål og karakterskjema skal leggast ved søknaden, sjå https://www.politiet.no/sok/?SearchText=karakterskjema2023.xlsx. Vitnemål må ettersendast for avgangsstudentar 2026.
IP4-godkjenning, eller må kunne bli godkjent
god skriftleg og munnleg formidlingsevne på norsk og engelsk
god basiskunnskap IKT
plettfri vandel og vere skikka for teneste i politiet. Politiattest (uttømmande og utvida) må hentast inn ved eventuell tilsetting, jf. politiloven § 18 og politiregisterloven § 41. Ved søknad på stillinga må ein rekne med at det blir henta inn opplysningar frå enkelte av politiet sine register og system til bruk i vandels- og skikkaheitsvurderinga.
Det er også ønskjeleg med
relevant tilleggsutdanning og erfaring frå fagområdet
erfaring frå etterretning og utlendingskontroll
språkkompetanse utover engelsk
Personlege eigenskapargode haldningar, kommunikasjons- og samarbeidsferdigheiter
sjølvstendig med evne til å arbeide systematisk
lagspelar som bidrar positivt til arbeidsmiljøet i atferd og engasjement
tar initiativ til eigen utvikling, har høg lærevilje og evne.
Som medarbeidar i politiet har du høg etisk medvit, du blir kjenneteikna av å vere modig og heilskapsorientert, du viser respekt og er tett på. Du kan lese meir om dei etiske retningslinjene våre og medarbeidarplattformen her.
Personlege eigenskapar blir vektlagt.
Dette kan vi tilby om du vel ossein utfordrande og utviklande arbeidsplass
fast stilling som politibetjent 3/2/1 (SKO 1461/1459/1457) i Møre og Romsdal politidistrikt, avhengig av kompetanse, jf. kompetansekriteriene for politibetjenterpolitibetjent 1 - brutto årslønn frå kr. 510 000 til kr. 585 000
politibetjent 2 - brutto årslønn frå kr. 535 000 til kr. 610 000
politibetjent 3 - brutto årslønn frå kr. 590 000 til kr. 640 000
For særskilt kvalifiserte kan noko høgare lønnsplassering vurderast. Ved endring av tjenesteområde vert det gitt lønnsplassering etter gjeldande lønnsnivå for området.
godtgjersle etter gjeldande ATB som for tida er kr 44 708 og tillegg for eventuell turnusteneste
medlemskap i Statens pensjonskasse, med mellom anna gode pensjons- og forsikringsordningar. Les meir på www.spk.no. Det blir trekt to prosent frå løna til innskot i Statens pensjonskasse
tilknyting til bedriftshelsetjeneste og fordelar ved å tilhøyre ei IA-bedrift
Tilsetting skjer på vilkår fastsett i statsansatteloven og personalreglementet for politiet, derunder at prøvetida er seks månadar.
Mangfald i politietDersom du har funksjonsnedsetting, innvandrarbakgrunn eller hol i CV-en, er det høve til å krysse av for dette i søknaden. Er du kvalifisert for stillinga, vil du bli vurdert for positiv særbehandling. Det inneber at minst éin søkjar frå kvar av desse gruppene blir innkalla til intervju.
Les meir om positiv særbehandling når ein søkjer jobb i staten her.
Opplysningane du gir, blir brukt til å utarbeide anonymisert statistikk som alle statlege verksemder rapporterer i sine årsrapportar.
Video: https://www.youtube.com/watch?v=uUTjHmSB_WcSlik søkjer duDu søkjer ved å fylle ut CV i Jobbnorge sitt CV-skjema og skrive eit kort søknadsbrev. I tillegg må du leggje ved relevante vitnemål og attestar. Relevante kandidatar vil bli kalla inn til intervju.
Opplysningar om deg kan bli offentleggjorde sjølv om du har bede om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teken til følgje, vil du bli varsla om dette.
Søknadsknappen åpner den opprinnelige søknadsfunksjonen hos kilden, i tråd med NAVs vilkår.