Norge nå-logo
← Tilbake til Jobber i Norge

Ynskjer du ei nøkkelrolle i eit veksande selskap?

Sirkla Ressurs As

Arbeidssted
SOGNDAL, KAUPANGER, VESTLAND
Publisert
Søknadsfrist
28. okt. 2026
Omfang
Heltid
Ansettelsesform
Fast
Antall stillinger
1

Stillingsdetaljer

Me søkjer administrasjons- og utviklingsleiar! Sirkla Ressurs er i utvikling, og no ser me etter ein engasjert og løysingsorientert person som vil vere med og ta selskapet vidare. Hjå oss får du ein variert arbeidskvardag der du kombinerer administrative oppgåver med utviklingsarbeid, prosjekt og dagleg drift. Du blir ein viktig del av laget, med moglegheit til å påverke korleis me jobbar og utviklar oss framover. Stilling: Administrasjons- og utviklingsleiar Arbeidsstad: Kaupanger Stillingstype: 100% fast Kva skal du jobbe med? Du får ei sentral og allsidig rolle i Sirkla, med varierte oppgåver på tvers av verksemda. Følgje opp administrative oppgåver, dokumentasjon, avtalar og internkontroll. Kalkulere og utarbeide pristilbod på oppdrag. Fakturering, budsjettering og økonomisk rapportering. Utvikle og forbetre rutinar, system og arbeidsprosessar. Delta i utviklingsprosjekt og bidra til vidareutvikling av verksemda. Samarbeide tett med leiing, medarbeidarar, kundar og samarbeidspartnarar. Bidra i den daglege drifta og andre oppgåver ved behov. Kven ser me etter? Me ser etter deg som trivst med ansvar, likar å ha fleire ballar i lufta og ser moglegheiter der andre ser utfordringar. Du er strukturert og sjølvstendig, men samarbeider også godt med andre. Du har evne til å sjå heilskapen, samtidig som du ikkje er redd for å ta tak i dei praktiske oppgåvene som må løysast. Me ser gjerne at du har: Relevant utdanning eller erfaring innan administrasjon, økonomi, leiing eller organisasjonsutvikling. Gode digitale ferdigheiter og interesse for å utvikle smartere arbeidsmåtar. God skriftleg og munnleg framstillingsevne. Førarkort klasse B. Erfaring frå transport, logistikk eller renovasjon er ein fordel.
Søk på stillingen

Søknadsknappen åpner den opprinnelige søknadsfunksjonen hos kilden, i tråd med NAVs vilkår.