Fløgstad skule har ledig eit 100% vikariat som
Sauda kommune Fløgstad skule
- Arbeidssted
- SAUDA, ROGALAND
- Publisert
- Søknadsfrist
- 3. des. 2026
- Omfang
- Heltid
- Ansettelsesform
- Vikariat
- Antall stillinger
- 1
Stillingsdetaljer
Har du eit brennande engasjement for elevane si læring og trivsel? Vil du vera med å byggje eit sterkt fagmiljø der relasjonar, meistring og utvikling står i sentrum? Då vil me gjerne høyre frå deg.
Fløgstad skule har ledig eit 100% vikariat som lærar frå 01.01.2027-31.07.2027. Me søkjer ein engasjert og motiverande lærar som ønskjer å bidra til eit trygt, inkluderande og utviklande læringsmiljø for elevane våre.
ArbeidsoppgåverUndervisning i ulike fag på ulike trinn
Skape gode læringsopplevingar gjennom tydeleg klasseleiing og tilpassa opplæring
Delta aktivt i utvikling av skulen sitt profeksjonsfellesskap
Samarbeide tett med føresette, kollegaer og andre samarbeidspartnarar
KvalifikasjonarGodkjent undervisningskompetanse for grunnskule
Gjerne kompetanse i eitt eller fleire av faga norsk, matematikk eller engelsk
Gode digitale ferdigheiter (me nyttar læringsbrett)
Gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg
Me søkjer etter deg somByggjer gode relasjoner til elevar
Skapar trygge og inkluderande klassemiljø
Har tru på alle elevar sitt læringspotensial
Motiverer og inspirerer
Likar å samarbeide og dele erfaringar
Brukar teknologi som ein naturleg del av undervisninga
Personlege dugleikar vil bli vektlagt.
Me kan tilbyEin spanande og variert jobb i gode profesjonelle læringsfellesskap
Pensjonsordning i SPK
Gode forsikringsordningar
TilsettingsvilkårTilsettinga skjer på dei vilkår og med dei plikter som følgjer av gjeldande lovverk, reglement og tariffavtale for Sauda kommune. Ved tilsetting vil me krevje godkjend politiattest. Sauda kommune oppfordrar alle kvalifiserte kandidater til å søkja stillinga, uavhengig av kjønn, funksjonshemming, nasjonal eller etnisk bakgrunn.
Søknad sendesSauda kommune nyttar elektronisk søknadsprosess. Me ber difor alle om å søkje via vårt elektroniske søknadssystem.
Dersom du treng hjelp med registrering av søknad, ta kontakt med lønns- og personalavdelingen på mail til lonn@sauda.kommune.no.
Me gjer merksam på at opplysningar om søkjaren kan bli offentleggjort sjølv om søkjaren ber om å ikkje bli oppført på den offentlege søkjarlista. Dersom du ber om unntak frå offentleggjering i søknaden, og ønsket ikkje blir tatt til følgje, vil søkjar bli informert, jf. Offentlegheitslova §25.
Velkommen som søkjar!
Link til søknadsskjema: Søk her
Søknadsknappen åpner den opprinnelige søknadsfunksjonen hos kilden, i tråd med NAVs vilkår.