Tankbilsjåfør
FLÅTEN MASKIN AS
- Arbeidssted
- STRYN, VESTLAND
- Publisert
- Søknadsfrist
- 25.09.2026
- Omfang
- Heltid
- Ansettelsesform
- Fast
- Antall stillinger
- 1
Stillingsdetaljer
Flåten Maskin AS søkjer tankbilsjåfør (2 veker på / 2 veker av).
Er du ein ansvarsbevisst og sjølvstendig sjåfør som trivst på vegen? Vi søkjer no ein dyktig sjåfør til vår moderne tankbil, ein Scania R660 (2025-modell).
Hos oss blir du ein del av eit selskap som legg vekt på gode verdiar, profesjonalitet og ordna arbeidsforhold. Vi ønskjer å vere ein arbeidsplass der medarbeidarane trivst, samarbeider godt og leverer kvalitet til kundane våre.
Om stillinga
• Fast turnus
• Oppstart måndag morgon og avslutning søndag kveld to veker seinare
• Du deler bilen med ein annan fast sjåfør
• Ved rolegare periodar kan det også vere aktuelt med andre transportoppdrag, til dømes krokbil
Arbeidsområde
Køyringa skjer hovudsakleg i:
• Rogaland
• Vestland
• Møre og Romsdal
• Trøndelag
Verkeområdet strekkjer seg frå Mandal i sør til Saltfjellet i nord.
Vi ser etter deg som
• Har førarkort klasse CE
• Har gyldig YSK
• Er påliteleg og ansvarsbevisst
• Jobbar sjølvstendig og tek eigarskap til arbeidsoppgåvene dine
• Bidreg til eit godt arbeidsmiljø
• Har fokus på sikker og profesjonell transport
Vi tilbyr
• Moderne og godt utstyr
• Konkurransedyktige lønsvilkår
• Fast turnusordning med god balanse mellom arbeid og fritid
• Eit godt arbeidsmiljø
• Ein trygg og seriøs arbeidsgivar
Søknadsknappen åpner den opprinnelige søknadsfunksjonen hos kilden, i tråd med NAVs vilkår.