Lærarvikariat 100 %
Austevoll kommune
- Arbeidssted
- AUSTEVOLL, STOREBØ, VESTLAND
- Publisert
- Søknadsfrist
- 20. sep. 2026
- Omfang
- Heltid
- Ansettelsesform
- Vikariat
- Antall stillinger
- 1
Stillingsdetaljer
Om arbeidsstadenKommunalområdet Oppvekst er ei eining med omlag 145 tilsette, og blir leia av kommunalsjefen. I denne eininga inngår Austevoll ungdomsskule, Storebø skule, Selbjørn skule, private barnehagar, PPT-kontor, helsestasjon, barnevern, vaksenopplæring, kulturskule og bibliotek. Oppvekst har som mål å leggja til rette for gode oppvekstvilkår for barn og unge, derfor er folkehelsa og livsmeistring eit av fleire satsingsområde.
Storebø skule skal vere ein god stad å vere og ein god stad å læra. Skulen er ein Trivselsleiarskule kor vi har fokus på aktiv undervisning og uteskule. Skulen er den største barneskulen i Austevoll med rundt 310 elevar og 60 tilsette. Skulen er plassert på Storebø, kommunesenteret i Austevoll kommune. Skulen er rehabilitert med nye klasserom, oppgradert uteområde og læraravdeling.
Om stillingaStorebø skule har ledig vikariat som lærar i 100 % frå 01.11.26 - 31.07.27.
Vi søker etter ein positiv lærar som er klar til å bidra med utvikling til beste for elevar, kollegaer og seg sjølve!
Storebø skule ligg sentralt på Storebø med kort veg til ferje.
Ansvars- og arbeidsoppgåver
Undervisning
Kontaktlæraransvar kan vere aktuelt
Delta i utviklingsoppgåver som skulen har
Arbeida i team
KvalifikasjonskravFormelle kvalifikasjonskrav
Godkjent lærarutdanning for undervisning på 1.-7. trinn
Kunnskapar om og evner til god klasseleiing
Internasjonale gradar må vere godkjent av NOKUT
Personlege eigenskapar
Gode samarbeidsevner
At du er strukturert, sjølvstendig og fleksibel
God IKT- kompetanse
Vi tilbyrMoglegheit for fagleg utvikling i eit godt og positivt fagmiljø
Spanande utfordringar
Løn etter kvalifikasjonar, kommunen har eit rekrutteringstillegg for lærarar på 12 300 kr pr år, kontaktlærartillegget er kr 32 000 kr pr år.
Gode pensjons- og forsikringsordningar
Slik søker duSend søknad og CV ved å klikke på knappen merka "Søk stilling" på denne sida.
Det er søkar sitt ansvar å sørge for at alle relevante vedlegg er lagt inn innan fristen, som for eksempel attester og vitnemål. Dersom vitnemål, karakterutskrifter eller annan dokumentasjon ikkje er på eit skandinavisk språk eller engelsk, må søkar sjølv laste opp attesterte omsettingar.
Ikkje send søknad på e-post til enkeltpersonar i kommunen.
Vi gjer merksam på at i følge offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkaren bli offentleggjort sjølv om søkaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på offentleg søkarliste. Søkaren vil alltid bli varsla på førehand dersom søkarlista blir offentleggjort.
Søknadsknappen åpner den opprinnelige søknadsfunksjonen hos kilden, i tråd med NAVs vilkår.