Etterforskar eller kombistilling
Møre og Romsdal Politidistrikt
- Arbeidssted
- RAUMA, ÅNDALSNES, MØRE OG ROMSDAL
- Publisert
- Søknadsfrist
- 29. sep. 2026
- Omfang
- Heltid
- Ansettelsesform
- Fast
- Antall stillinger
- 1
Stillingsdetaljer
Om stillingaØnskjer du ein meiningsfull kvardag der du får jobbe med etterforsking av straffesaker ved Rauma og Vestnes politistasjon? Vi har no ledig ei fast stilling som etterforskar, eventuelt stilling med kombinert tjeneste dersom du ønskjer det.
Etterforskingsarbeidet skal vere ein integrert del av den førebyggjande strategien til politiet. I periodar må ein rekne med å bidra innan andre tenesteområde, avhengig av behovet i driftseininga.
Vestnes og Rauma byr på storslått natur. Det er unike moglegheiter for toppturar og friluftsliv, sommer som vinter, i umiddelbar nærleik. Er du klar for ein ny arbeidskvardag hos oss? Då vil vi gjerne høyre frå deg. Vi vil ha deg på laget.
Vi er på jobb for eit trygt Noreg. Som ein del av politiet sitt viktige samfunnsoppdrag, skal vi førebyggje og nedkjempe kriminalitet, skape tryggleik og vareta rettstryggleiken. Vi trur at mangfald bidreg til betre oppgåveløysing og søkjer derfor medarbeidarar med ulik bakgrunn, erfaring, perspektiv og kompetanse. Dersom du har behov for tilrettelegging i rekrutteringsprosessen eller arbeidskvardagen vil vi gjere vårt beste for å gi deg det du treng.
Dette ser vi etter hos ein ny medarbeidarVi ser etter deg som er motivert og interessert i etterforskingsfaget eller ønsker ei kombinert stilling. Vi stiller høge krav til fagleg motivasjon, arbeidsmoral og etisk integritet.
Vidare søkjer vi medarbeidarar som opptrer profesjonelt til kvar tid og fungerer som gode ambasadører for politiet gjennom handlingane sine i det daglege arbeidet. Evne til å vere trygg, tilstades i det daglege, lydhøyr, og å byggje tillit til publikum er avgjerande for suksess i organisasjonen vår.
I vår vurdering av kandidatar er dette blant det vi legg vekt på. I tillegg ønskjer vi medarbeidarar som bidrar til eit inkluderande og respektfullt arbeidsmiljø.
Arbeidsoppgåveretterforskingsoppgåver
kriminalitetsførebyggjande arbeid
andre oppgåver som høyrer til den daglege tenesta ved seksjonen
bidra med rettleiing og opplæring/kompetansehevande tiltak ved seksjonen
mogleghet for kombinert stilling med arbeid innanfor vakt og beredskap i turnustjeneste etter gjeldende tjenestelister (krev minimum IP4-godkjenning)
kan bli pålagd andre arbeidsoppgåver
KvalifikasjonarDette må du ha for å vere kvalifisert:
fullført og bestått Politi(høg)skule. Vitnemål skal leggjast ved. Karakterskjema skal fyllast ut og leggjast ved søknaden. Sjå https://www.politiet.no/sok/?SearchText=karakterskjema
god skriftleg og munnleg formidlingsevne
Plettfri vandel og vere skikka for teneste i politiet. Politiattest (uttømmande og utvida) må hentast inn ved eventuell tilsetjing, jfr. Politioven §18 og Politiregisterloven §41. Ved søknad på stillinga må ein rekne med at det blir henta inn opplysningar frå enkelte av politiet sine register og system til bruk i vandels- og skikkatheitsvurderinga
Ved kombinert stilling gjeld i tillegg krav om IP4-godkjenning, eventuelt at du kan bli godkjent på nytt.
Det er også ønskjeleg med
erfaring frå politistilling
erfaring frå etterforsking utover PHS
anna relevant erfaring
relevant etter- og vidareutdanning/tilleggsutdanning
Personlege eigenskaparmotivasjon og interesse for etterforskingsfaget
gode samarbeidsevner
strukturert og ansvarsbevisst i arbeidet ditt
evne til å byggje tillit hos publikum og gode kommunikasjonsferdigheiter
Som medarbeidar i politiet har du høg etisk moral. Du blir kjenneteikna ved at du er modig og heilskapsorientert. Du viser respekt og er tett på. Du kan lese meir om dei etiske retningslinjene våre og om medarbeidarplattforme her.
Dette kan vi tilby om du vel ossein utfordrande og meiningsfull kvardag med utviklingsmoglegheiter i Møre og Romsdal politidistrikt
fast stilling som politibetjent 3/2/1 (SKO 1461/1459/1457), avhengig av kompetanse, jf. Kompetansekriteriene for politibetjenter.
For etterforskningstilling gjeld:politibetjent 3 - brutto årslønn frå kr. 640 000 til kr. 690 000
politibetjent 2 - brutto årslønn frå kr. 585 000 til kr. 635 000
politibetjent 1 - brutto årslønn frå kr. 560 000 til kr 610 000
for erfarne kandidatar i etterforskarstilling vil stilling som 0285 politiførstebetjent (lønn: Kr. 650 000 - kr. 720 000) bli vurdert, eventuelt politioverbetjent (kr. 680 000 - kr. 760 000) for særskilt kvalifiserte, jf. lokale retningslinjer.
For kombistilling gjeld: politibetjent 3 - brutto årslønn frå kr. 590 000 til kr. 640 000
politibetjent 2 - brutto årslønn frå kr. 535 000 til kr. 585 000
politibetjent 1 - brutto årslønn frå kr. 510 000 til kr 560 000
ved andre tjenesteområde vert det gitt lønnsplassering etter gjeldande lønnsnivå for området
godtgjering etter gjeldande ATB på for tida 44 708 kr og tillegg for eventuell tunusteneste
medlemskap i Statens pensjonskasse, med mellom anna gode pensjons- og forsikringsordningar. Les meir på www.spk.no Det blir trekt to prosent frå løna til innskot i Statens pensjonskasse
mogelegheit for trening i arbeidstida
fordelar ved å tilhøyre ei IA-bedrift og tilknyting til bedriftshelseteneste
Tilsetting skjer på vilkår fastsett i statsansatteloven og personalreglementet for politiet, derunder at prøvetida er seks månadar.
Mangfald i politietDersom du har funksjonsnedsetting, innvandrarbakgrunn eller hol i CV-en, er det høve til å krysse av for dette i søknaden. Er du kvalifisert for stillinga, vil du bli vurdert for positiv særbehandling. Det inneber at minst éin søkjar frå kvar av desse gruppene blir innkalla til intervju.
Les meir om positiv særbehandling når ein søkjer jobb i staten her.
Opplysningane du gir, blir brukt til å utarbeide anonymisert statistikk som alle statlege verksemder rapporterer i sine årsrapportar.
Video: https://www.youtube.com/watch?v=uUTjHmSB_WcSlik søkjer duDu søkjer ved å fylle ut CV i Jobbnorge sitt CV-skjema og skrive eit kort søknadsbrev. I tillegg må du leggje ved relevante vitnemål og attestar.
Relevante kandidatar vil bli kalla inn til intervju.
Opplysningane om deg kan bli offentleggjorde sjølv om du har bede om å ikkje bli oppført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teken til følgje vil du bli varsla om dette.
Søknadsknappen åpner den opprinnelige søknadsfunksjonen hos kilden, i tråd med NAVs vilkår.