Norge nå-logo
← Tilbake til Jobber i Norge

Ringevikar ved Jondal skule

Ullensvang kommune Jondal skule

Arbeidssted
ULLENSVANG, JONDAL, VESTLAND
Publisert
Søknadsfrist
31. des. 2026
Omfang
Heltid
Ansettelsesform
Vikariat
Antall stillinger
1

Stillingsdetaljer

Ringevikar ved Jondal skule  Jondal skule søkjer ringevikarar til skule og SFO Oppstart etter avtale   Informasjon om skulen Jondal skule er ein 1.-10. skule i Ullensvang kommune. Skulen ligg fint til i sentrum av bygda Jondal, i nær tilknyting til både barnehage og kulturskule, fjell og fjord. Skulen er nyleg rehabilitert, og har fått mange nybygg. Skulen har 127 elevar, og  eigen SFO-avdeling med rundt 30 elevar. Me har rundt 30 engasjerte og fagleg dyktige tilsette,  som er opptekne av å skapa eit godt læringsmiljø for alle elevane.    Me treng fleksible ringevikarar som kan stille på både på kort og lengre varsel.   Arbeidsoppgåver: gjennomføra undervisning etter planar laga av faglærar (når vikar for lærar) undervisning i klassar, lita grupper eller enkeltelevar (når vikar for lærar) vera ein trygg, tydeleg og omsorgsfull vaksen  skapa eit godt miljø for utvikling, læring og trivsel  vera aktiv med borna i leik og bidra til aktivitet  ha eit godt og positivt samarbeid med kollegaer og føresette  praktiske oppgåver knytt til kvardagen i skule og på SFO.   Ynskte kvalifikasjonar: fordel med fullført vidaregåande opplæring, fagbrev i barne- og ungdomsarbeidar eller pågåande/fullført lærar-/pedagogutdanning erfaring frå arbeid med barn og unge, gjerne skule og SFO  gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg B2 må legge fram godkjent politiattest   Me ser etter deg som: likar å arbeida med barn og unge  har positivt elevsyn og gode evner til å byggja relasjonar  er sjølvstendig og fleksibel  likar arbeid i høgt tempo og med raske endringar har gode samarbeidsevner  er robust, omsorgsfull og tolmodig  er løysningsorientert og initiativrik      Det vert lagt stor vekt på å vera personleg eigna.    Me tilbyr: Interessant og spennande arbeid med barn og unge  Dyktige, positive og løysingsorienterte kollegaer  Lærerike arbeidsdagar i høgt tempo  Lønn etter hovudtariffavtalen     Sletting av utdanningsgjeld/studielån: Ullensvang kommune er omfatta av ordninga. Alle som bur i ein av dei 189 kommunane på SSBs sentralitetsnivå 5 og 6 kan få sletta 25 000 kroner av utdanningsgjelda i året frå januar 2026. Du må vera busett i ein av desse kommunane, og vera yrkesaktiv, i minst eitt år. Du vil få sletta utdanningsgjeld kvart år, fram til gjelda er nedbetalt. Tiltaket gjeld all typar utdanningsgjeld, uavhengig av når ho er teken opp. Ein person som bur i ein av desse kommunane frå 1. januar 2025, eller flyttar dit når som helst etter denne datoen, vil etter eitt års butid vera kvalifisert til å få sletta gjeld. Til orientering om Offentleglova:Utgangspunktet er at alle søkjarnamn er offentlege etter Offentleglova. Det betyr at ditt namn vert gjort offentleg på kommunen si postliste når du har søkt ledig stilling. For å gjera unntak må kommunen ha heimel i lova og vurdera konkret i kvar sak kva som er grunnen til unntaket. I følgje offentleglova § 25 vert det stilt følgjande krav for å få unntak: "Det kan likevel gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkommande sjølv ber om det. Ved vurderinga av om ei slik oppmoding skal takast til følgje, skal det leggjast vekt på om det knyter seg særleg offentleg interesse til stillinga. I utlysinga skal det gjerast oppmerksam på at opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette. Arbeidsavtalar i Ullensvang kommune:Dei som vert tilsett i Ullensvang kommune får tilsendt arbeidsavtale til digital signering. Du får tilsendt sms og e-post med link til digital arbeidsavtale. Viss du har fått munnleg melding om at du er tilsett vil du få tilsendt arbeidsavtale. Viss du ikkje får e–post i innboksen din, sjekk uønska e-post/søppelpost, eller fylge følgjande link: https://signering.posten.no/ Link til søknadsskjema: Søk her
Søk på stillingen

Søknadsknappen åpner den opprinnelige søknadsfunksjonen hos kilden, i tråd med NAVs vilkår.