Dommarfullmektig
Hardanger og Voss tingrett
- Arbeidssted
- ULLENSVANG, LOFTHUS, VESTLAND
- Publisert
- Søknadsfrist
- 10. des. 2026
- Omfang
- Heltid
- Ansettelsesform
- Åremål
- Antall stillinger
- 1
Stillingsdetaljer
Vil du ha ei stilling der du får arbeide med eit breitt spekter av juridiske oppgåver og ta del i eit viktig samfunnsoppdrag?
Som dommarfullmektig får du rask oppgåver innan heile breidda av det juridiske fagfeltet. Arbeidskvardagen vekslar mellom straffesaker, sivile tvistar og andre saker tingretten behandlar.
Du får ta i bruk verktøya og metodane du lærte under jusstudiet, og utvikle deg både som menneske og jurist. Du vil arbeide sjølvstendig gjennom heile prosessen: frå å førebu sakene til å leie rettsmøta og skrive avgjerdene. Du blir del av eit fellesskap med flinke og hyggelege kollegaer som samarbeider, støttar kvarandre og deler kunnskap. I tillegg får du ein fadder som følgjer deg opp fagleg og sosialt.
Arbeidskvardagen er både hektisk og utfordrande. For å trivast i jobben må du kunne setje deg raskt inn i ulike problemstillingar, ta gode avgjerder og halde tidsrammene. Du møter menneske i ulike livssituasjonar og må kunne møte dei med respekt, også når situasjonen er krevjande.
Stillinga som dommarfullmektig er tidsavgrensa til to år, med høve til forlenging i eitt år, jf. domstollova § 55 g.
På www.domstol.no kan du sjå korleis nokre dommarfullmektigar presenterer jobben sin.
Tinghuset er på Lofthus, og vi gjennomfører rettsmøte i rettssalane våre på Voss, i Norheimsund og i Odda. Stillinga inneber reising med bil til desse rettsstadene. Du må ha førarkort klasse B og disponere bil til bruk i tenesta.
Hardanger og Voss tingrett har tre dømande stillingar, medrekna domstolleiar, og tre saksbehandlarar. Hos oss vil du få eit tverrfagleg arbeidsmiljø med svært kompetente kollegaer som alle deler eit engasjement for samfunnsoppdraget vårt. Domstolen omfattar kommunane Eidfjord, Kvam, Samnanger, Ullensvang, Ulvik og Voss.
ArbeidsoppgaverDei viktigaste arbeidsoppgåvene dine er å:
planleggje og gjennomføre sakene effektivt og med høg fagleg kvalitet
leie rettsmøte
sikre at avgjerdene får god kvalitet
bidra til eit godt fagmiljøved å dele kunnskap og erfaringar
KvalifikasjonerFor å bli dommarfullmektig må du ha følgjande kompetanse:
juridisk embetseksamen/mastergrad i rettsvitskap med gode resultat
relevant erfaring frå domstol, politiet eller advokatbransjen mv.
gode munnlege og skriftlege norskkunnskapar
god skriftleg og munnleg framstillingsevne, med eit språk alle kan forstå
evne til å sjå moglegheitene digitale verktøy gir for å forbetre arbeidsprosessar
Du må vere norsk statsborgar. Uttømmande politiattest vil bli innhenta.
Personlige egenskaperDet er viktig at du kjenner deg igjen i fleire av følgjande eigenskapar:
Du har høg etisk standard og integritet.
Du er fagleg dyktig, set deg raskt inn i komplekse problemstillingar og har god vurderingsevne.
Du arbeider sjølvstendig og tek ansvar for å ta vanskelege avgjerder.
Du leverer kvalitet, er effektiv og bidreg til god framdrift i sakene.
Du er robust og held ro og oversikt i krevjande situasjonar.
Du er løysingsorientert og finn praktiske løysingar i saksbehandlinga.
Du kommuniserer godt med partar og aktørar.
Du samarbeider godt med andre og bidreg til eit godt arbeidsmiljø.
Det vil bli lagt vekt på relevant juridisk arbeidserfaring og om du er personleg eigna for stillinga.
Vi tilbyrvarierte og utfordrande arbeidsoppgåver på ein arbeidsplass med eit viktig samfunnsoppdrag
eit godt tverrfagleg arbeidsmiljø med hyggelege og kompetente kollegaer
ein eigen fadder i domstolen
fleksible ordningar for fri, avspasering og høve til trening i arbeidstida
moglegheit for god referanse for vidare karriere
eit sjølvstendig og meiningsfylt arbeid og stort rom for fagleg utvikling
introduksjonsprogram og deltaking på relevante kompetansetiltak
gode pensjons-, forsikrings- og låneordningar i Statens pensjonskasse
Tilsetjingsvilkår etter hovudtariffavtalen i staten, med startlønn frå ca. kr 590.000,- per år. Lønsutvikling etter tenestetid og avtaleverk.
KontaktinformasjonAnne Østberg Vikøren, Domstolleiar, 97723345, anne.ostberg.vikoren@domstol.no
ArbeidsstedUllensvangvegen 855
5781 Lofthus
Nøkkelinformasjon:Arbeidsgiver: Hardanger og Voss tingrett
Referansenr.: 5210081799
Stillingsprosent: 100%
Annet
Søknadsfrist: 10.12.2026
Søknadsknappen åpner den opprinnelige søknadsfunksjonen hos kilden, i tråd med NAVs vilkår.