Norge nå-logo
← Tilbake til Jobber i Norge

Heimetenesta

Øygarden kommune Heimetenesta

Arbeidssted
ØYGARDEN, STRAUME, VESTLAND
Publisert
Søknadsfrist
12. nov. 2026
Omfang
Heltid
Ansettelsesform
Vikariat
Antall stillinger
1

Stillingsdetaljer

Om avdelinga: Heimetenesta i Øygarden kommune er under kommunalsjefområde helse og velferd og er inndelt i fire avdelingar, Skogsvåg, Ågotnes, Straume og Bildøy. Tenesta er organisert med to avdelingsleiarar i kvar avdeling. Du får høve til å utfordre, utvikle og tileigne deg mykje ny erfaring, i eit miljø som er oppteken av å vere fagleg oppdatert. Vi har fokus på å gje brukaren god livskvalitet, oppretthalde eigne ressursar og gje dei høve til å bu heime så lenge som mogleg gjennom førebyggjande behandling/ tiltak. Som avdelingsleiar vil du møte mange spennande og varierte oppgåver. Ein del av primæroppgåvene er:Ansvar for innhald, kvalitet og utvikling av tenestetilbod i samband med einingsleiar Delegert personal- og fagansvar Medverka til at brukar mottek tenester dei har krav på ut frå behov, vedtak og avtaler Ansvar for dagleg drift og tilrettelegging av tenesta Relasjonsorientert og endringsbasert leiing Ansvar for oppgåver som til ein kvar tid måtte bli delegert frå einingsleiar Kvalifikasjonar:Autorisert sjukepleiar Leiarutdanning eller anna relevant vidareutdanning Leiarerfaring frå heimetenesta er eit krav Evne til å samarbeide i leiarteam God munnleg og skriftleg framstillingsevne på norsk Gode kommunikasjons- og samarbeidsevner Gode datakunnskapar generelt og erfaring med bruk av fagsystem, turnusprogram m.m. Evne til å gripe moglegheiter og oppnå resultat, åleine og saman med andre Førarkort Personlege eigenskapar:Vi søkjer ein leiar som har evne til å sjå medarbeidarar, som klarer å utvikle seg sjølv og sine tilsette. Ein leiar som er opptatt av å skape gode relasjonar og bidra til arbeidsglede. Ein leiar  som evner å byggje felles kultur samt finne gode løysingar innanfor gjeldande rammer av fag, kvalitet og økonomi. Som ser moglegheiter framfor avgrensingar i dagleg drift og tør å tenkje nytt og utfordre etablerte ordningar der det er hensiktsmessig. Som leiar arbeider du administrativt, og det blir viktig at du engasjerer deg i dei faglege utfordringane i tenesta. Du må vere systematisk, strukturert, kunne arbeide sjølvstendig og ta slutningar. Vi ynskjer ein leiar som trivs med, og som er positiv og initiativrik i høve endringar. Om stillinga:Vikariatet er ledig frå 01.12.2026 – 30.11.2027 Stillinga er på dagtid Vi tilbyr:Gode pensjons- og forsikringsordningar Ein spennande arbeidsplass med godt arbeidsmiljø Motiverte og kunnskapsrike kollegaer Interessante utfordringar Høve til fagleg og personleg utvikling. Moglegheit til å søke startlån. Sjå kommunen si heimeside for meir informasjon: Startlån for å rekruttere og behalde helsepersonell - Øygarden kommune KontaktAss. Einingsleiar Kate S Løland 56 16 05 02 / 950 71 121 Øygarden kommune ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre medarbeidarar i størst mogleg grad skal spegla mangfaldet i befolkninga. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller minoritetsbakgrunn. Som IA-verksemd ønskjer kommunen å leggja til rette for arbeidsforholda dersom du har behov for det. Etter utløpet til søknadsfristen, vert det sett opp ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar, kan verta offentlege sjølv om søkjaren har bede om ikkje å vert ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teken til følgje, vert søkjaren varsla om dette. Ved vurderinga av om ei slik oppmoding skal takast til følgje, skal det leggjast vekt på om det knyter seg særleg offentleg interesse til stillinga. Link til søknadsskjema: Søk her
Søk på stillingen

Søknadsknappen åpner den opprinnelige søknadsfunksjonen hos kilden, i tråd med NAVs vilkår.