Fagarbeidar/assistent i Kjørnes barnehage
Sogndal kommune Kjørnes barnehage
- Arbeidssted
- SOGNDAL, VESTLAND
- Publisert
- Søknadsfrist
- 18. okt. 2026
- Omfang
- Heltid
- Ansettelsesform
- Vikariat
- Antall stillinger
- 1
Stillingsdetaljer
Kjørnes barnehage er ein naturbarnehage som ligg flott til i byggefeltet på Kjørnes, 4 km utanfor Sogndal sentrum, med gode buss- og sykkelforbindelsar.
Me har eit stort uteområde med skog, fjordutsikt og varierte leike- og turområde. Barnehagen har seks avdelingar og legg stor vekt på fysisk aktivitet, friluftsliv heile året og barns medverknad i mat- og måltidsaktivitetar.
Me har eige gymrom, variert utemiljø med klatrevegg, ulendt terreng, og ein stor trelavvo som fungera som uteavdeling for storbarnsavdelingane.
Det er ledig eit 40% vikariat frå 30.11.2026 til 04.07.2027 og eit 100% vikariat frå 04.01.2027 til 04.07.2027, og me vil gjerne ha deg med på laget.
Det kan verte fleire ledige stillingar enn det som er utlyst i denne utlysinga. Då vil me ta kontakt med aktuelle søkjarar frå denne søknadsrunden. Utlysinga gjeld difor og eventuelt andre ledige barnehagestillingar som kan koma til seinare i vinter, og søkarar kan vere aktuelle for stillingar som ikkje er annonsert gjennom denne utlysinga.
Arbeidsoppgåver:
Skapa eit inkluderande, inspirerande og utviklande leike- og læringsmiljø for alle barna i barnehagen
Ta initiativ, visa engasjement og gjennomføra planlagde aktivitetar på avdelinga
Vera ein aktiv deltakar i barna sin leik og læring både ute og inne
Skapa gode relasjonar til alle barna i barnehagen
Samarbeida med kollegaene og med føresette
Kvalifikasjonar:
Fagbrev som barne- og ungdomsarbeidar
Anna relevant utdanning som sosialt arbeid, vernepleiar, barnevernspedagog, idrett, friluftsliv
Erfaring frå arbeid med barn og unge
Nivå A2 på delprøven i skriftleg framstilling og nivå B1 på delprøvane i leseforståing, lytteforståing og munnleg
Interesse og erfaring med friluftsliv og fysisk aktivitet for barn
Interesse og erfaring for mat og helse, og legge til rette for barns medverknad i mat og måltidsaktivitetar
Du kan søkje om du ikkje har godkjend relevant utdanning eller relevant erfaring
Personlege eigenskapar:
Engasjement for arbeid med barn
Positiv, inkluderande og glad i nye utfordringar
Fysisk aktiv og leiken
Tek initiativ og ansvar
Evnar å skapa gode relasjonar i barnegruppa, med føresette og medarbeidarar
Likar å arbeida saman med andre
Taklar høgt tempo i kvardagen
Godt humør
Leik er eit prioritert område i Sogndalsbarnehagen
Me er opptekne av at leiken har ein eigenverdi for barna som ein positiv og lærande aktivitet.
Leikande barn og leikande vaksne er avgjerande i:
Relasjonsbygginga med barna
Det førebyggande arbeidet
Det å skape eit trygt og godt barnehagemiljø for barna
Me tilbyr:
Ein spanande jobb i eit godt arbeidsmiljø
Kjekke og varierte dagar
Gode pensjons- og forsikringsordningar
Gode velferdsordningar
Oppfølging og rettleiing
Bedriftstrening
Andre opplysningar:
Me ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal spegla folkesetnaden elles. Me oppfordrar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn eller minoritetsbakgrunn. Me legg vekt på å leggje til rette arbeidsforholda dersom du har behov for det.
Politiattest må leggast fram før tilsetjing.
Administrasjonsmålet i kommunen er nynorsk. Alle nytilsetjingar vert gjort med ei prøvetid på 6 månader. Me gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort, sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort.
Søknad må leverast innan fristen 18. oktober, og må sendast inn via rekrutteringssystemet vårt EasyCruit.
Link til søknadsskjema: Søk her
Søknadsknappen åpner den opprinnelige søknadsfunksjonen hos kilden, i tråd med NAVs vilkår.