Norge nå-logo
← Tilbake til Jobber i Norge

Vikariat barnehagelærar

Avdeling Tennfjord barnehage, Haram kommune

Arbeidssted
HARAM, VATNE, MØRE OG ROMSDAL
Publisert
Søknadsfrist
22. okt. 2026
Omfang
Heltid
Ansettelsesform
Vikariat
Antall stillinger
1

Stillingsdetaljer

Tennfjord barnehage ligg i naturskjønne omgjevnader med kort veg til skog, fjell og fjøre – som blir aktivt brukt  gjennom heile året. Barnehagen har 97 barn og 33 tilsette fordelt på seks basar per idag. Vi har eit godt fagmiljø der tilsette har lang erfaring og stort engasjement. Per idag er vi lokalisert på gamle Vatne barneskule, i påvente av utbygging i Tennfjord.  Vi søker deg som er aktiv, leiken, omsorgsfull, fagleg engasjert og ein trygg vaksen til å bli ein del av teamet vårt. Er du brennande engasjert i barn og ønsker å bidra til å gi dei ein god oppvekst ? Då håper vi at akkurat du skal søke på stillinga hos oss. Haram kommune er ein ambisiøs kommune som har fokus på gode, heilskaplege tenester. Vi jobbar fleksibelt og på tvers for å skape kvalitet for innbyggarane våre – og vi spelar kvarandre gode. ArbeidsoppgåverMedansvar for å iverksette og leie det pedagogiske arbeidet på avdelinga/ basen, i tråd med ramme - og lovverk (jf. Barnehageloven og Rammeplan for barnehage) Rettleie og sørge for at barnehagelova og rammeplanen vert oppfylt gjennom det pedagogiske arbeidet Planlegging, gjennomføring, dokumentasjon, vurdering og utvikling av arbeidet i barnegruppa eller innanfor dei områda han/ho er sett til KvalifikasjonarFor stilling som barnehagelærar er det krav om utdanning som barnehagelærar/førskulelærar eller anna treårig pedagogisk høgskuleutdanning med vidareutdanning i barnehagepedagogikk. Søkar må vidare: Levere oppdatert politiattest Jobbe i tråd med barnehagelova Ha gode norskkunnskapar. Personar med eit anna førstespråk enn norsk eller samisk må fylle språkkrav, jamfør Barnehagelova § 18b Jobbe i tråd med Haram kommune sine retningslinjer Personlege eigenskaparVi søker deg som har evne til å: Vere løysingsorientert, fleksibel og open for endring, samt å arbeide etter Tennfjord barnehage sin visjon; Vi gjer kvarandre gode Jobbe sjølvstendig og vere synleg i gruppa Motivere og vere ein pådrivar i både det praktiske og faglege arbeidet Bruke kompetansen du har, samt halde deg oppdatert både fagleg og det som elles skjer på eigen arbeidsplass Vere kreativ, jakte på nye idear og vise vilje til nyskaping Vere bidragsytar i ein levande og lærande organisasjon, både i kvardagen og på personalmøte, planleggingsdagar og i oppfølging av kurs Reflektere over eige arbeid og søke rettleiing ved behov Jobbe målretta, syne handlekraft, organisere og ta avgjerder med barna sitt beste i fokus  Samarbeide med styrar, pedagogisk leiar, andre tilsette, føresette og eksterne samarbeidspartnarar som til dømes skule, PPT, barnevern og helsestasjon Vere ein god rollemodell Vere inkluderande og bidra til eit godt arbeidsmiljø/ psykososialt miljø for både barn og vaksne, her under utøve nulltoleranse for mobbing og andre krenkingar jf barnehageloven Sikre barna sin rett til medverknad og involvering  Personlege eigenskapar og gode referansar vil bli vektlagt. Aktuelle kandidatar vert kalla inn til intervju. Vi tilbyrEit utviklingsorientert fagleg miljø og stimulerande omgjevnader Løn etter gjeldande tariff God pensjonsordning KontaktinformasjonGro Olsen Jenssen, Styrar, 95199275, gro.olsen.jenssen@haram.kommune.no ArbeidsstadGjerdebakken 55 6265 Vatne Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Haram kommune Referansenr.: 5180503034 Stillingsprosent: 100% Vikar Startdato: 02.11.2026 Sluttdato: 31.07.2027 Søknadsfrist: 22.10.2026
Søk på stillingen

Søknadsknappen åpner den opprinnelige søknadsfunksjonen hos kilden, i tråd med NAVs vilkår.