Norge nå-logo
← Tilbake til Jobber i Norge

Klinikkleiar

Divisjon psykisk helsevern/ Klinikk sikkerheitspsykiatri, Helse Bergen HF

Arbeidssted
BERGEN, VESTLAND
Publisert
Søknadsfrist
20. nov. 2026
Omfang
Heltid
Ansettelsesform
Fast
Antall stillinger
1

Stillingsdetaljer

Vil du vere med å utvikle sikkerheitspsykiatri og framtidas psykiske helsevern på Sandvikenområdet? Vi søker ein leiar som evnar å kombinere strategisk utvikling med god drift, og som motiverast av å skape resultat gjennom sterke fagmiljø, forsking, utdanning, samarbeid og kontinuerleg forbetring. Haukeland universitetssjukehus er i kontinuerleg utvikling. Organisering, ansvarsområde og arbeidsoppgåver kan derfor bli justerte i takt med framtidige behov og prioriteringar. Divisjon psykisk helsevern har eit eige utviklingsprogram, "Psykisk helsevern for framtida". I dette programmet er det vedteke ein eigen utviklingsplan for Sandvikenområdet, der eit av hovedmåla er å utvikle Sandvikenområdet som eit spesialisert område, med vekt på langtidsrehabilitering, styrka sikkerheitspsykiatri og døgnplassar for pasientar med komplekse og samansette behov.  Klinikken omfattar følgande einingar: Kompetansesenter for sikkerheits-, fengsels- og rettspsykiatri Lokal sikkerheit rehabiliteringsavdeling (LSR) Lokal sikkerheitspost (LS) Regional sikkerheitspost (RS) Seksjon for fengselshelseteneste Sikkerheitspoliklinikken ArbeidsoppgåverSom klinikkleiar vil du ha heilskapleg ansvar for: Strategisk leiing og vidareutvikling av klinikken i tråd med nasjonale føringar, regional plan og divisjonen si retning Å sikre fagleg kvalitet, gode pasientforløp og forsvarlege tenester innan eit høgrisikofelt Personalansvar, rekruttering og kompetansebygging i alle einingar God intern og ekstern samhandling, særleg med politi, kriminalomsorg, kommunar og andre klinikkar Å etablere og halde ved lag god informasjonsflyt, føreseielege prosessar og tydelege prioriteringar Endringsleiing, inkludert å strukturere, forankre og følge opp naudsynte utviklingsprosessar Økonomi- og resultatstyring KvalifikasjonarVi søker ein leiar med tydeleg fagleg integritet og strategisk forståing. Du bør ha: Krav: Høgare relevant utdanning på masternivå eller embetsstudium Leiingserfaring frå større einingar, helst innan spesialisthelsetenesta God innsikt i lovverk, beredskap og risikohandtering Dokumenterte resultat frå endringsarbeid og strategisk utvikling God rolleforståing og erfaring med samarbeid i komplekse organisasjonar Ønskeleg: Erfaring frå sikkerheitspsykiatri, akuttpsykiatri eller anna relevant høgrisikoverksemd Kjennskap til samhandling mellom helse, kriminalomsorg, politi og rettsvesen Erfaring frå arbeid med faglege kvalitets- og styringssystem Personlege eigenskaparVi søker ein leiar som: Evnar å sjå heilskap og samanhengar i ein kompleks organisasjon Er trygg i strategiske val og prioriteringar Har stor gjennomføringsevne og skaper resultat gjennom andre Bygger tillit og gode relasjonar internt og eksternt Kommuniserer tydeleg og samlande Motiverer, støttar og utviklar leiarar og medarbeidarar Er utviklingsorientert og framtidsretta Kombinerer høge ambisjonar med god rolleforståing og samarbeidsevne Vi legg særleg vekt på at du: Er ein synleg, trygg og samlande leiar Har høg integritet og gode samarbeidsevne Handterer komplekse problemstillingar på ein konstruktiv måte Evnar å balansere langsiktig utvikling med krav til dagleg drift Skaper engasjement, retning og felles målforståing Er robust og kan ta avgjerder i krevande situasjonar  Vi tilbyrEi sentral leiarstilling i eit høgt spesialisert fagfelt med stort samfunnsoppdrag Eit engasjert og kompetent fagmiljø Moglegheit til å påverke i arbeidet med å forme framtidas tenester innan psykisk helsevern Moglegheit til å påverke utviklinga av sikkerheitspsykiatrien regionalt og nasjonalt Gode moglegheiter for personleg og fagleg utvikling Løn etter avtale Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse. KontaktinformasjonRandi-Luise Møgster, Direktør Divisjon psykisk helsevern, 91342978 ArbeidsstadSandviksleitet 1 5036 Bergen Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Helse Bergen HF Referansenr.: 5206240274 Stillingsprosent: 100% Fast Søknadsfrist: 20.11.2026
Søk på stillingen

Søknadsknappen åpner den opprinnelige søknadsfunksjonen hos kilden, i tråd med NAVs vilkår.