Vil du jobbe breitt med akuttmedisin og korttidspasientar? Team-sjukepleiar søkjast
Lærdal kommune Pleie og omsorg
- Arbeidssted
- LÆRDAL, VESTLAND
- Publisert
- Søknadsfrist
- 16. nov. 2026
- Omfang
- Heltid
- Ansettelsesform
- Fast
- Antall stillinger
- 1
Stillingsdetaljer
I Lærdal bur me ikkje meir enn rundt 2 200 menneske, men jammen skjer det mykje her! Store marknadar, musikkfestival, matfestival, gytefestival (Du får berre googla), varierte konsertar, motbakkeløp, terrengløp, fotballcup med gamle stjerner, vårfest og mykje anna.
Me har majestetiske fjell med eit vel av fantastiske turalternativ både til fots og på ski, masse fiskevatn og gode jaktmoglegheiter. Og me har eit koseleg sentrum heilt ned til fjorden med gamle, søte trehus. På dei mange åkrane i dalen dyrkar dyktige bønder poteter, grønsaker, bær og frukt i rikt monn.
Kommunen vår er faktisk veldig sentralt plassert – tre timars køyring til Bergen ein veg, fire timars køyring til Oslo andre vegen. Dessutan ligg «bygdebyen» Sogndal og turistmagneten Aurland berre ein dryg halvtime unna. Og me har lokalsjukehus.
Me søkjer no etter team-sjukepleiar ved KAD/kortidsavdeling
Lærdal kommune har etablert kommunale akutte døgnplassar (KAD) ved kortidsavdelinga på Lærdal bu- og omsorgsheim. Me søkjer no etter ein sjukepleiar til ei spanande heiltidsstilling i eit team med ansvar for KAD og kortidsavdeling.
Ved Lærdal bu- og omsorgsheim er det 25 plassar fordelt på 1 KAD-plass, 4 korttidsplassar og 20 langtidsplassar. I tillegg har me eige kjøkken, fysio- og ergoterapeut, fagkoordinator, demenskoordinator og ei aktivitetsstove med mykje liv og røre. Heimesjukepleia er samlokalisert med omsorgsheimen og yt tenester til 12 heildøgnsbemanna omsorgsbustader og om lag 70 tenestemottakarar i bygda.
Me er kring 75 tilsette i stort og smått, og kanskje vert du vår nye kollega?
Stillinga inngår i turnus med arbeid kvar tredje helg, med moglegheit for langvakter. Me nyttar årsturnus.
Me ser etter deg som:
Har autorisasjon som sjukepleiar
Arbeider nøyaktig og kunnskapsbasert, er fagleg oppdatert og ønskjer vidare utvikling
Har gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg. Søkjarar utanfor Skandinavia må ha bestått norskprøve på nivå B2
Har førarkort klasse B, godkjent i Noreg
Har gyldig politiattest
Har gyldig arbeids- og opphaldsløyve
Relevant erfaring vert veklagd.
Arbeidsoppgåver som ligg til stillinga:
Ansvar for oppfølging av pasientar ved KAD og kortidsavdeling, inkludert observasjon, kartlegging og vurdering av endring i tilstand, samt iverksetjing av nødvendige tiltak
Dokumentasjon ved innkomst og utskriving, dagleg journalføring og bruk av e-link
Oppfølging ved legevisitt og samarbeid med spesialisthelsetenesta
Arbeid på medisinrom for alle avdelingar
Utføre sjukepleiefaglege prosedyrar ved behov på langtidsavdeling og i heimebasert omsorg
Tverrfagleg samarbeid kring medisinsk oppfølging, observasjon, NEWS2-kartlegging og behandlingsavklaring
Me tilbyr:
Løn i tråd med hovudtariffavtalen i KS, med plassering i garantilønstabell i kap. 4
Rekrutteringstilskot på kr 60 000 med to års bindingstid
Tillegg for rettleiing av studentar og lærlingar
Gode pensjonsordningar gjennom medlemskap i KLP
Gode personforsikringar som ein del av tilsettingsforholdet
Eit godt og inkluderande fagmiljø med dyktige, kjekke og engasjerte kollegaer
Gode moglegheiter for fagleg utvikling og kompetanseheving
Det kan nemast at Lærdal kommune mellom anna har:
Full barnehagedekning
Gratis fulltids-SFO for 1. -og 2.klassingar, gratis deltids-SFO for 3.klasse
Gratis kommunale bustadtomter rett ved Borgund sentrum
Eit variert kommunalt kulturprogram i tillegg til alt det andre som skjer i bygda
Les meir om Lærdal ved å klikka på denne lenkja
Me ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at dei tilsette hjå oss skal spegla samansetjinga i resten av befolkninga. Me oppmodar alle kvalifiserte søkjarar til å søkja stilling hjå oss, uavhengig av alder, funksjonsevne, kjønn eller minoritetsbakgrunn. Me legg til rette for arbeidsforholda dersom du har behov for det.
Etter at søknadsfristen har gått ut, vert det sett opp ei offentleg søkjarliste. Lista inneheld namn, alder, stilling eller yrkestittel, samt bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn i opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar kan likevel verta offentlege sjølv om søkjaren har bede om å ikkje stå oppført på søkjarlista. Dersom anmodninga ikkje vert teken til følgje, vil søkjaren verta varsla om dette.
Søknadsknappen åpner den opprinnelige søknadsfunksjonen hos kilden, i tråd med NAVs vilkår.