Lærar i naturbruk med hundefag
Stend Vgs
- Arbeidssted
- BERGEN, FANA, VESTLAND
- Publisert
- Søknadsfrist
- 11. nov. 2026
- Omfang
- Deltid
- Ansettelsesform
- Vikariat
- Antall stillinger
- 1
Stillingsdetaljer
Stend vidaregåande skule har om lag 550 elevar innan naturbruk, idrettsfag, sal, service og reiseliv, påbygging til generell studiekompetanse og klassar med redusert elevtal. Skulen ligg vakkert til ved Fanafjorden i Bergen kommune og har om lag 200 tilsette. Stend vidaregåande skule arbeider aktivt med å utvikle organisasjonen og studietilbodet, slik at tilbodet til den einskilde eleven skal bli best mogleg. Skulen har store ambisjonar, og har som mål å vere leiande innanfor dei programområda skulen tilbyr. Stend har fokus på læring gjennom praksis og tett samarbeid med næringslivet. Skulen har for tida 10 klassar med redusert elevtal innan yrkesfagleg grunnutdanning, arbeidstrening og kvardagslivstrening. I tillegg gjev skulen nokre elevar opplæring gjennom individuelle tiltak.
ArbeidsoppgåverVi har eit ledig vikariat for lærar i naturbruk med hundefag.
Stillinga er knytt til undervisning i hundefag på vg1, Yrkesfagleg fordjuping (YFF) og vg2, med hovudvekt på både praktisk og teoretisk opplæring.
Praktisk og teoretisk undervisning for naturbruk dyrefag med vekt på hund på vg1 og vg2
Planlegging, gjennomføring og vurdering av opplæringa
Samarbeid med kollegaer og deltaking i fagleg utviklingsarbeid
KvalifikasjonarVi ønskjer søkjarar som har:
Undervisningskompetanse og pedagogisk utdanning
Hundefagleg utdanning og/eller relevant erfaring innan hundefaget
Anna relevant eller praktisk kompetanse innan ulike aktivitetar med hund eller hundefag
Erfaring med undervisning og/eller opplæring
Kvalifiserte søkjarar utan pedagogisk undervisningskompetanse kan tilsetjast på vilkår
Praktisk erfaring og personlege eigenskapar vil bli lagde stor vekt på.
Personlege eigenskaparDu likar å arbeide med ungdom
Du har ei positiv innstilling og skaper gode relasjonar
Du ser behova og mogleigheitene til den enkelte elev
Du er ein god lagspelar, samarbeider godt og deler kunnskap
Du har god munnleg og skriftleg framstillingsevne
Du har god digital kompetanse
Du arbeider strukturert og systematisk
Vi tilbyrLøns- og arbeidsvilkår fastsett i lov og avtaleverk.
Gode forsikrings- og pensjonsordningar.
Stend er ein arbeidsplass med godt sosialt miljø og stor fagleg breidde, der du vert inkludert i eit aktivt og positivt miljø.
Andre opplysningar:
Administrasjonsmålet i fylkeskommunen er nynorsk.
Alle nytilsetjingar vert gjort med ei prøvetid på 6 månader.
Den som skal tilsetjast i vidaregåande skule må leggje fram politiattest
Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort.KontaktinformasjonJanne Seilen, avdelingsleiar, 92094232
ArbeidsstadFanavegen 249
5244 Fana
Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Vestland fylkeskommune
Referansenr.: 5202077216
Stillingsprosent: 90%
Vikar
Startdato: 01.12.2026
Sluttdato: 30.10.2027
Søknadsfrist: 11.11.2026
Søknadsknappen åpner den opprinnelige søknadsfunksjonen hos kilden, i tråd med NAVs vilkår.