Norge nå-logo
← Tilbake til Jobber i Norge

Personleg assistent søkjast til dame i Førde

Ecura BPA

Arbeidssted
SUNNFJORD, FØRDE, VESTLAND
Publisert
Søknadsfrist
7. nov. 2026
Omfang
Deltid
Ansettelsesform
Fast
Antall stillinger
1

Stillingsdetaljer

Vil du ha ein jobb der omsorg, tillit og menneskelege møte står i sentrum? Kanskje er dette stillinga du har vore på jakt etter? Hva er BPA? Brukarstyrt personleg assistanse (BPA) er ein alternativ måte å organisere tenester innan praktisk og personleg bistand for menneske med nedsett funksjonsevne. BPA er eit likestillings- og frigjeringsverktøy som, gjennom hjelp frå eigne assistentar, legg til rette for at personar med behov for bistand kan leve eit aktivt og så sjølvstendig liv som mogleg. Om meg og mitt behov Eg er ei 56år gammal dame som bur i Førde, og søkjer no etter ein trygg og omsorgsfull personleg assistent som kan bidra til at eg får ein god og føreseieleg kvardag. Eg har ei utviklingshemmning og eit omfattande behov for assistense i dagleglivet. Som person er eg roleg, heimkjær og trivst best med faste rutinar i trygge omgjevnader. Difor er det viktig for meg å ha assistentar som er stabile, ansvarsfulle og som møter meg med respekt, tolemod og omsorg. Vi har no ein ledig stilling på dag og kveldstid i 70-80 % stilling, med oppstart så snart som mogleg. Arbeidet inngår i turnusordning med arbeid kvar tredje helg. Arbeidstid er 12:00 - 21:15. Dette er ei meiningsfull stilling der du får moglegheita til å gjere ein viktig forskjell i kvardagen til eit anna menneske. Arbeidsoppgåvene vil mellom anna vere: Personleg stell/dusj Matlaging Husarbeid Handling Bistå med fysisk aktivitet og trening Personlege eigenskapar: God omsorgsevne Komfortabel med å ta ansvar Trygg og påliteleg Roleg av natur Personlege eigenskapar vert tillagde stor vekt, og livserfaring er ein fordel. Dersom du er «godt vaksen», ser vi på dette som noko positivt. Kvalifikasjonar: Gode norskkunnskapar (nivå B2) Gyldig politiattest Erfaring som BPA er positivt, men vilje og ønskje om å lære er vel så viktig Førarkort klasse B Vi tilbyr: Ein meiningsfull jobb der du gjer ein forskjell God opplæring og rettleiing Oppfølging og støtte frå erfarne rådgjevarar i Ecura BPA Pensjons- og forsikringsordningar Lønn etter avtale. Ved å søkje på stillinga, samtykkjer du til at søknad og CV vert vidareformidla til arbeidsleiar i ordninga. Aktuelle kandidatar vert intervjua fortløpande.
Søk på stillingen

Søknadsknappen åpner den opprinnelige søknadsfunksjonen hos kilden, i tråd med NAVs vilkår.