Norge nå-logo
← Tilbake til Jobber i Norge

Frå kode til samfunnsnytte – bli vår nye mobilapputviklar

Fellesløsninger (FEL), Digitaliseringsdirektoratet (Digdir)

Arbeidssted
SOGNDAL, LEIKANGER, VESTLAND
Publisert
Søknadsfrist
23. nov. 2026
Omfang
Heltid
Ansettelsesform
Fast
Antall stillinger
1

Stillingsdetaljer

Lyst å være ein del av vår satsing på MobilApp i produktteam som jobbar med framtidas digitale løysingar?  Som utviklar i vår avdeling blir du med på å utvikle løysingar som ikkje tåler nedetid, handterer høg trafikk, og sjølvsagt har den sikkerheita som trengs.  Vår topp moderne utviklingsplattform sørger for at produktteama har dei beste fasilitetane for å utvikle smidig og med stor fart. Vi definerer problem, finn løysing, kodar, et lunsj, tek ein kaffi og prodsetter – kvar dag !  Vi er allereie i gang med å utforske alt det nye som kjem med EU si eIDAS-lovgiving og EU-lommebok. Samtidig skal vi gjere våre løysingar som ID-Porten, Maskinporten, KRR, ELMA, Altinn-komponentane og eInnsyn endå betre. Vi er heilt sikre på at det blir spennande, krevjande, hektisk, lærerikt og utfordrande – akkurat slik vi likar det !   Om du også likar det slik, kan noko og vil noko, så søk gjerne.   I denne runden er vi spesielt ute etter utviklarar som har erfaring med utvikling på Mobilplattform.   Teknologi   Vi utviklar og forvaltar våre eigne native mobilapper – som apputviklar får du ansvar for heile livssyklusen, frå idê og utvikling til produksjonssetting og vidareutvikling i tverrfaglege team.   Vi bruker moderne native teknologiar og skriv appane i Jetpack Compose og SwiftUI.  ArbeidsoppgåverHovudoppgåva di vil vere produktutvikling i tverrfagleg produktteam. Du vil saman med teamet ha det tekniske ansvaret for teamets produkt og kontinuerleg forbetring av desse over tid. Du bidrar til å bygge løysingar som betyr noko for mange andre og gir løpande verdiauke for samfunnet. KvalifikasjonarDu må ha høgare, relevant utdanning på høgskole-/universitetsnivå på minimum bachelornivå. Relevant arbeidserfaring kan erstatte manglande utdanning.   Du må vere kvalitetsbevisst på koden du leverer, som for eksempel modellering, overvaking og testing.  Arbeidsspråket er norsk, og du må derfor ha gode munnlege og skriftlege norskkunnskapar.  Du må vere kjent med utvikling av native mobilappar, Android / iOS  Stillinga krev at du må autoriserast for BEGRENSET definert i sikkerhetslova.    Det er også ønskjeleg med  Erfaring frå å jobbe i tverrfaglege team med kontinuerlege leveransar.  Minimum 3 års erfaring som utviklar.  Erfaring med drift av app i Google Play, App Store, Firebase, Testflight  Denne stillinga er primært plassert på vårt kontor i Sogndal, men vi er open for at seniorutviklarar kan jobbe frå eit av våre andre kontor i Brønnøysund eller Oslo.    Personlige egenskaparDu blir ein del av eit lag ,og då samarbeider du godt med andre og set pris på kompetansedeling. Kontinuerleg evaluering og forbetring er viktig for oss, men også for deg sjølv og teamet ditt.  Det er derfor viktig at du   kan jobbe sjølvstendig og i team    tek initiativ når du ser nye moglegheiter    er engasjert, strukturert, analytisk og løysingsorientert   har stor arbeidskapasitet og gjennomføringsevne   ønskjer å ta ansvar i teamet og er open for å lære ny teknologiar og metodikk   Vi tilbyreit godt arbeidsmiljø med ein uformell tone og stor vilje til å skape noko saman  arbeidsoppgåver i eit fagfelt prega av høg utviklingstakt og eit spennande samfunnsoppdrag   gode ordningar for opplæring og vidareutvikling   familievennleg personalpolitikk   lønn som rådgjevar/seniorrådgjevar i lønnsspenn kr 624 500 - kr 1 025 200. For spesielt kvalifiserte søkjarar kan vi vurdere høgare lønn  fleksitid, sommartid og moglegheit for to timar trening i veka innanfor arbeidstida   medlemskap i Statens pensjonskasse som er ei av landets beste pensjonsordningar med gunstige bustadlån og gode forsikringsordningar Les meir om goda ved å jobbe i staten på Arbeidsgivarportalen.    Inkluderande arbeidsliv og mangfald   Vi har tru på at mangfald er ein viktig byggestein i eit godt, spennande og utviklande arbeidsmiljø, og vi oppfordrar alle kvalifiserte kandidatar til å søke. Rett kompetanse på rett stad er vår viktigaste prioritering når vi rekrutterer, og vi vil legge til rette for at personar med nedsett funksjonsevne også kan jobbe hos oss.   Vil du vite meir?   Synes du dette høyrest interessant ut og ønskjer nærare informasjon, kontakt gjerne   Seksjonssjef Jørn Stenehjem   E-post: jorn.stenehjem@digdir.no Telefon: 911 46 279  Seniorrådgiver Eldar Venes  E-post: eldar.venes@digdir.no Telefon: 913 28 347  Vitnemål og attestar må følgje søknaden. Vi ber om at du hentar vitnemål frå Vitnemålsportalen direkte i Jobbnorge når du søkjer på stillinga. Har du teke heile eller delar av utdanninga di i utlandet, ber vi om godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.   Søkarlister kan bli offentleggjorde i samsvar med offentleglova § 25. Dersom du ønskjer å reservere deg mot å bli oppført på den offentlege søkjarlista, må dette grunngjevast. Opplysningar kan bli offentleggjorde sjølv om du har bedt om å ikkje bli oppført på lista. Du vil i så fall bli varsla.   Sikkerheit i Digdir   Digdir forvaltar samfunnskritisk infrastruktur. Sikkerheit er derfor integrert i rekrutteringsprosessane hos oss. I stillingar som blir vurdert som sikkerheitskritiske, må du rekne med å få spørsmål knytt til sikkerheitsmessig skikkaheit i rekrutteringsprosessen. Vi nyttar Semac til bakgrunnssjekk i samband med våre tilsetjingar.     KontaktinformasjonJørn Stenehjem, Seksjonsleiar, 91146279, jorn.stenehjem@digdir.no Eldar Venes, Seniorrådgiver , 91328347, eldar.venes@digdir.no Alette Kronberg, HR , kaja.alette.kronberg@digdir.no ArbeidsstedAskedalen 4 6863 Leikanger Nøkkelinformasjon:Arbeidsgiver: Digitaliseringsdirektoratet (Digdir) Referansenr.: 5202392489 Stillingsprosent: 100% Fast Søknadsfrist: 23.11.2026
Søk på stillingen

Søknadsknappen åpner den opprinnelige søknadsfunksjonen hos kilden, i tråd med NAVs vilkår.