Ledig 100% lærarvikariat
Fresvik Enspire Skule As
- Arbeidssted
- VIK, FRESVIK, VESTLAND
- Publisert
- Søknadsfrist
- Snarest
- Omfang
- Heltid
- Ansettelsesform
- Vikariat
- Antall stillinger
- 1
Stillingsdetaljer
Vi søker ein engasjert og framtidsretta lærar til eit 100% vikariat for våren 2027, med oppstart 1. januar
Hva vi ser etter
Kvalifikasjonar
• Grunnskulelærar eller anna relevant utdanning
• Gode norskkunnskapar, skriftleg og munnleg
• Undervisningskompetanse i matematikk, norsk eller engelsk
Personlege eigenskapar
• Du er god på relasjonsbygging og samarbeid
• Du kan både jobba strukturert og ta utgangspunkt i elevane sine initiativ
• Du er interessert i pedagogisk entreprenørskap og bruk av lokalmiljøet
• Du ynskjer å vera ein aktiv bidragsytar til utvikling av skulen.
Arbeidsoppgaver
Skape eit trygt, inkluderande og motiverande læringsmljø for alle elevar
Arbeide aktivt med entreprenørskap, kreativitet og praktisk læring i undervisninga
Leggje til rette for elevmedverknad, samarbeid og utforskande arbeidsmåtar
Samarbeide med kollegaer, føresette og eksterne samarbeidspartnarar
Vi tilbyr
Vi kan tilby:
• Tilsetjing, lønn og arbeidsvilkår i samsvar med gjeldande lovverk, reglement og tariffavtale.
• Pensjonsrettar og medlemskap i Statens pensjonskasse
• Hjelp til å skaffa bustad viss det er ønskjeleg
• Eigen lokal tariffavtale mellom Virke og Utdanningsforbundet
Personlege eigenskapar vil bli vektlagde.
Vitnemål og attestar kan visast fram ved eventuelt intervju. Ny politiattest må leggjast fram før ein startar opp i stillinga. For tilsetjing gjeld ei prøvetid på 1 månad.
Søknadsknappen åpner den opprinnelige søknadsfunksjonen hos kilden, i tråd med NAVs vilkår.