Helsfagarbeidar 60% stilling - NATT
Bjørnafjorden kommune Tilrettelagte tenester
- Arbeidssted
- BJØRNAFJORDEN, OS, VESTLAND
- Publisert
- Søknadsfrist
- 8. okt. 2026
- Omfang
- Deltid
- Ansettelsesform
- Fast
- Antall stillinger
- 1
Stillingsdetaljer
Tilrettelagte tenester i Bjørnafjorden kommune gjer tenester til personar med ulike funksjonsnedsettingar. Tenestene for vaksne består av 9 bufellesskap, og 2 dagsenter.
Torsneset bufellesskap er eit bufellesskap for vaksne, med 7 tenestemottakarar med ulike behov for oppfølging. Avdelinga ligg sentralt lokalisert i Eikelandsosen.
Stillinga er I turnus med f.t arbeidshelg kvar 3. helg - ledig frå 01.01.2027
Arbeidsstad
Eining; Tilrettelagte tenester, v/Torsneset bufellesskap i Eikelandsosen
Arbeidsoppgåver
Den tilsette skal yte eit heilskapleg og fagleg omsorgstilbod til tenestemottakarane, der det er lagt vekt på god livskvalitet, brukarmedverknad og førebygging. "Kva er viktig for deg", skal spegla seg i ord og handlingar og stå sentralt i vårt miljøarbeid og samhandling med tenestemottakar. Vi skal sikre at kvar enkelt får den bistand vedkommande treng for å gjennomføra daglege gjeremål og ta del i sosiale aktivitetar. Det vil kunna liggja primærkontaktarbeid til stillinga og du vil få ein viktig rolle inn i medikamenthandteringa på avdelinga.
Målretta miljøarbeid og oppfølging av ulike tiltak er sentrale arbeidsoppgåver.
Kvalifikasjonar
Vi søkjer deg som har autorisasjon som helsefagarbeidar, men søkjarar under helsefagleg utdanning eller andre med medisinfagleg kompetanse blir òg vurderte. Det er ønskeleg at du har erfaring med arbeid med personar med nedsett funksjonshemming.
Du er bevisst dine haldningar og prioriterer høgt verdiar som respekt, lojalitet og etikk.
Vi legg vekt på å sette saman personalgruppa med størst mogleg kompetansebreidde og personlege kvalifikasjonar.
Det vert lagt stor vekt på din kjennskap til brukargruppa og på dine personlege eigenskapar.
Utanlandsk utdanning må vere godkjend av Direktoratet for høyere utdanning og kompetanse (HK-dir): https://hkdir.no/utdanning-fra-utlandet
Vi gjer merksam på at du må leggja fram politiattest.
Vi tilbyr
Faglege og personlege utfordringar i eit godt og inspirerande arbeidsmiljø
God pensjonsordning, yrkesskade- og gruppelivsforsikring
Løn etter gjeldande avtalar. Stillingar på natt har i tillegg på årsløn eit funksjonstillegg.
Vi arbeidar for å få etablert heiltidskultur i kommunen
Bjørnafjorden kommune er ein arbeidsplass som verdset likestilling og mangfald, der alle tilsette forpliktar seg til prinsippet om likeverd og bidreg til å skapa eit inkluderande arbeidsmiljø. Vi ønskjer eit mangfald av søkjarar og oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søkje, uavhengig av kjønn, alder, funksjonsevne, seksuell orientering, etnisk bakgrunn eller livssyn
Etter utløpt søknadsfrist, vil det bli generert ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar kan bli offentlege sjølv om ein har kryssa av for å bli unnateke. Dersom anmodningen ikkje vert tatt til følgje vil søkjaren bli varsla om det.
Vi vil aldri be søkjar om å oppgi BANK-ID informasjon i søknadsprosessen.
Link til søknadsskjema: Søk her
Søknadsknappen åpner den opprinnelige søknadsfunksjonen hos kilden, i tråd med NAVs vilkår.