Sjukepleiar 100% legesenter/legevakt
Sykkylven Legesenter, Sykkylven kommune
- Arbeidssted
- SYKKYLVEN, MØRE OG ROMSDAL
- Publisert
- Søknadsfrist
- 18. nov. 2026
- Omfang
- Heltid
- Ansettelsesform
- Fast
- Antall stillinger
- 1
Stillingsdetaljer
Sykkylven Helsehus er ein spennande arbeidsplass i nye lokaler med eit godt fagmiljø, hyggelege og engasjerte kollegaer, med tydelig fokus på å levere best mogleg helsetenester til kommunen. Det er ein arbeidsplass med høgt tempo, og varierte og spennande arbeidsoppgåver.
Vi har prosjekt som gir fokus på fagleg utvikling, oppgåvedeling og effektivisering av legetenester.
Sykkylven legesenter er kommunalt drive og har 9 legeheimlar, samt ein LIS1-lege. Legesenteret har 5 sjukepleiarar og 4 andre helsepersonell der fleire også jobbar ved legevakta i todelt turnus. Legevakta er eit interkommunalt samarbeid med Stranda kommune og omfattar 3 fast tilsette legevaktsleger og sjukepleiarar.
Vi har no ledig 100 % fast stilling som sjukepleiar ved legesenter/legevakt.
Stillinga er per no i todelt turnus, med arbeid på legevakt kvar 3 helg, evt. kveldsvakter kvar 3. veke.
Vi har fokus på helsefremjande turnus og lav vaktbelastning. Oppstartsdato etter avtale.
ArbeidsoppgåverTriagering av pasientar over telefon
Samarbeid med AMK, ambulanse og Ålesund legevakt
Skiftestue arbeid (EKG, spirometri, sårstell, infusjonar, injeksjonar, m.m.)
Laboratoriearbeid
Observere og vurdere pasientar og sette strakstiltak ved akutte situasjoner
Bli med lege på utrykning ved akutte situasjonar
Gi råd og veiledning til pasientar og pårørande
Helsefremmande og forebyggande arbeid
Jobbe aktivt med forbedringsarbeid ved legesenteret/legevakta
KvalifikasjonarSjukepleiar med autorisasjon
Må ha erfaring frå legevakt 2 år eller meir
Må ha erfaring med triagering og kjennskap til legevaktsindeks
Erfaring innan diabetes, lungesjukdommar, infeksjonssykdommar og akuttberedskap er ein fordel
Gode IT-kunnskaper
Gode norskkunnskaper, både skriftleg og munnleg
Personlege eigenskaparDu er god på kommunikasjon, samarbeid og skapar gode relasjonar til pasientar og kollegaer
Du har genuin interesse for mennesket og dets helse- og livssituasjon
Du har evne til utvikling og nytenking
Løysningsorientert, endringsvillig og motiverande i arbeidsmiljø
Du er fleksibel, har god arbeidskapasitet og omstillingsevne
Evne til å takle høgt arbeidstempo
Godt klinisk blikk og interesse for fagutvikling
Evne til å arbeide sjølvstendig og i team
Personlig egnaheit blir vektlagt.
Vi tilbyrGodt arbeidsmiljø og engasjerte kollegaer
God kollegial støtte og samarbeid
Fagleg utvikling
Fagmøter kvar veke med fagleg innhald og kvalitetsarbeid
Varierte og utfordrende arbeidsoppgaver
God opplæring og tett oppfølging
Utfordrande og varierte arbeidsoppgåver
Gode pensjons- og forsikringsordningar i KLP
Vi gjer merksam på at det er offentleg søkjarliste. Unntak frå offentlegheit må grunngjevast jf. offentleglova § 25 andre ledd.
KontaktinformasjonKanutte Roald, Einingsleiar Helsehus, 98876765, kanutte.roald@sykkylven.kommune.no
ArbeidsstadAuregata 19
6230 Sykkylven
Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Sykkylven kommune
Referansenr.: 5201184533
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 18.11.2026
Søknadsknappen åpner den opprinnelige søknadsfunksjonen hos kilden, i tråd med NAVs vilkår.