Helgestillingar i barneavlastinga og psykisk helse og rus
Meistring og psykisk helse, Stad kommune
- Arbeidssted
- STAD, NORDFJORDEID, VESTLAND
- Publisert
- Søknadsfrist
- 17. nov. 2026
- Omfang
- Deltid
- Ansettelsesform
- Fast
- Antall stillinger
- 4
Stillingsdetaljer
Vi søkjer engasjerte og omsorgsfulle medarbeidarar til fleire faste helgestillingar i 15 - 24 % på avdelingane Barneavlastinga og Myroldhaug psykisk helse og rus.
Hos oss får du høve til å gjere ein forskjell der det verkeleg betyr noko – enten du allereie er fagutdanna eller brenn for å arbeide med menneske.
ArbeidsoppgåverGjennomføring av faglege oppgåver, omsorg og behandling
Kartlegge og vurdere behov
Følge opp og dokumentere tenesteytinga etter kvalitetskrav, lovverk og kommunale retningslinjer
KvalifikasjonarVi ser særleg etter deg som:
Har helsefagleg utdanning
Er elev eller student innan helse-, sjukepleie- eller vernepleiefag
Har interesse for faget eller vurderer ei utdanning innan sektoren
God skriftleg og munnleg framstillingsevne på norsk
Du må vere over 18 år
Personlege eigenskaparLikar utfordringar og varierte arbeidsoppgåver
Gode kommunikasjonsevner, kan skape trygge og tillitsfulle relasjonar
Er fleksibel og interessert i forbetringsarbeid
Tek initiativ og ansvar
Kan arbeide sjølvstendig og saman med andre
Vi tilbyrGodt tverrfagleg samarbeid og godt arbeidsmiljø
Høve til fagleg utvikling
Moglegheit for stipendordning for sjukepleie- og vernepleiestudentar
Løn- og arbeidsvilkår i samsvar med gjeldande lov- og avtaleverk
Gode pensjons- og forsikringsordningar
Dersom du ønskjer høgare stillingsprosent og vil arbeide i fleire einingar, så vil vi forsøke å legge til rette for det
Vi ber om at attestar og vitnemål vert lasta opp saman med søknaden. Politiattest skal leggjast fram før start i stillinga. Stad kommune har 6 månader prøvetid.
Vi gjer merksam på at etter § 25 i offentleglova kan opplysningar om søkjaren bli offentlege sjølv om søkjar oppmodar om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Oppmoding om unnatak må grunngjevast.
KontaktinformasjonMarie Bakke, Einingsleiar meistring og psykisk helse, 40022692, marie.bakke@stad.kommune.no
ArbeidsstadMyroldhaugvegen 43
6770 Nordfjordeid
Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Stad kommune
Referansenr.: 5195118611
Stillingsprosent: 25%
Fast
Søknadsfrist: 17.11.2026
Søknadsknappen åpner den opprinnelige søknadsfunksjonen hos kilden, i tråd med NAVs vilkår.