Norge nå-logo
← Tilbake til Jobber i Norge

Avdelingsleiar institusjonstenester

Aurland kommune

Arbeidssted
AURLAND, VESTLAND
Publisert
Søknadsfrist
9. nov. 2026
Omfang
Heltid
Ansettelsesform
Fast
Antall stillinger
1

Stillingsdetaljer

Om stillingaAvdelinga institusjonstenester i Aurland kommune har ledig 100% fast stilling som avdelingsleiar frå 18. januar 2027. Vi søkjer no ein engasjert og tydeleg leiar som ynskjer å vere med på å vidareutvikle tenestene våre. Vi ser etter deg som er utviklingsorientert, tek initiativ og trivst med ansvar og nye utfordringar.  Stillinga er direkte underlagt kommunalleiar for helse og omsorg. Som avdelingsleiar vil du vere ein del av leiargruppa og bidra aktivt i utviklingsarbeid, omstilling og strategiske prosessar for å sikre heilskaplege og framtidsretta tenester. Avdelingsleiar har det overordna ansvaret for fag, personal, økonomi og drift i eiga avdeling. Det er 24 institusjonsplassar som er samla ved Aurland helsetun og omfattar langtidsavdeling, korttidsavdeling og skjerma avdeling. Institusjonskjøkkenet produserer mat til både bebuarar ved helsetunet og heimebuande brukarar, og har eigen fagleiar. Aurland kommune har som mål at innbyggjarane skal kunne leve aktive og sjølvstendige liv, og ta medansvar for eiga helse. Helse- og omsorgstenestene skal vere heilskaplege, samordna og prega av førebygging, helsefremjing og høg kvalitet. Utvikling og endringVed institusjontenester er det tilsette med god kompetanse med pasienten i fokus. Avdelinga er inne i ei spanande utvikling med fleire viktige endringar dei komande åra. Vi nyttar journalsystemet Profil i dag, som etter planen skal bytast ut med eit nytt system i 2027. Det komande året skal vi også ta i bruk digital vaktbok og kalenderplan. Det er vidare ein pågåande prosess med å etablere fagansvarleg i alle avdelingar. Som avdelingsleiar vil du samarbeide tett med fagansvarleg for å styrkje fagutvikling, kvalitet og gode tenester til brukarane. Du vil ha ei sentral rolle i å leie og følgje opp endringsarbeidet i avdelinga. Arbeids- og ansvarsområdeLeie og utvikle avdelinga i samsvar med kommunen sine mål, strategiar og vedtekne føringar.  Planleggje, leie og koordinere den daglege drifta av avdelinga.  Sikre fagleg forsvarlege tenester og arbeide systematisk med fag- og kvalitetsutvikling.  Følgje opp avvik, forbetringsarbeid og internkontroll, samt sørgje for at nødvendige tiltak blir sette i verk.  Skape ein kultur prega av læring, samarbeid, medverknad og kontinuerleg forbetring.  Samarbeide på tvers av avdelingar og tenester for å sikre heilskaplege og koordinerte tilbod.  Ha ansvar for turnus- og bemanningsplanlegging, med fokus på ressursar og kvalitet i tenestene.  Personalleiing, inkludert rekruttering, oppfølging og utvikling av medarbeidarar.  Ha ansvar for at avdelinga blir driven innanfor vedtekne budsjett- og økonomiske rammer.  Bidra til eit godt samarbeid med bebuarar, pårørande og relevante samarbeidspartnarar. Andre oppgåver som naturleg fell inn under kommunalområdet sitt arbeidsområde må påreknast. Me tilbyr ei utfordrande stilling med moglegheit for utvikling og fagleg påverknad  bli ein del av ein triveleg arbeidsplass der arbeidsmiljø står i sentrum  gode pensjons- og forsikringsordningar  løn etter avtale etter Hovedtariffavtalen kap 4. 7451 avdelingsleiar gratis inngang til treningsrom og symjehall i Aurlandshallen (mellombels velferdsordning) å formidle kontakt med utleigar av ledige husvære  eventuell informasjon om ledige stillingar til partnar, samt moglegheit for utlån av kontorfasilitetar (kontorhub) barnehageplass, for søknadsfrist og informasjon sjå her: Søke eller endre barnehageplass - Aurland kommune Sjå gjerne informasjonsbrosjyre om kommunen vår her. Video: https://www.youtube.com/watch?v=aFXLAnqaUbISletting av studiegjeld? I Aurland kan du få inntil kr 25 000 i årleg avskriving av studielånet ditt frå og med 2026. Som arbeidstakar og busett i ein distriktskommune kan du ha rett til å få sletta delar av studielånet gjennom Lånekassen si nye ordning for distriktskommunar. Sjå meir informasjon ved å fylgje lenka:  https://aurland.kommune.no/nyhet/har-du-studielaan-og-bur-i-aurland-kommune  KvalifikasjonarMinimum bachelorutdanning, fortrinnsvis innan sjukepleie eller vernepleie.  Det er ynskjeleg at du har motivasjon for fagleg utvikling og vidareutdanning innan leiing. Leiarerfaring frå kommune- eller spesialisthelsetenesta er å føretrekke. Erfaring med prosjekt- og utviklingsarbeid er ynskjeleg. God forståing for strategisk planlegging, økonomistyring og administrasjon. Kjennskap til turnus- og bemanningsplanlegging er ein fordel. God kunnskap om relevant lovverk innan helse- og omsorgstenester og offentleg forvaltning. Erfaring med økonomistyring og budsjettoppfølging. God gjennomføringsevne og evne til å finne løysingar, også i krevjande situasjonar. God digital kompetanse og evne til å ta i bruk nye digitale løysingar. Personlege eigenskaparVi vil legge vekt på at du er eigna til stillinga, og vil at du: Er tydeleg og trygg i kommunikasjonen din.  Er handlekraftig, tek avgjerder og evnar å prioritere i ein travel kvardag.  Handterer endringar på ein god måte og har god rolleforståing.  Tek initiativ, arbeider målretta og systematisk, og følgjer opp resultat.  Er serviceinnstilt og har gode samarbeidsevner på tvers av fagområde og tenester.  Har evne til å skape engasjement, fremje utvikling og byggje ein kultur for kontinuerleg forbetring.  Er relasjonsbyggjande og bidreg til eit godt arbeidsmiljø.  Du motiverer medarbeidarar og legg til rette for læring, medverknad og fagleg utvikling. Verdiane våre er:  L-Æ-R, som står for Likeverd, Ærlegdom og Respekt.   Løns- og tilsetjingsvilkårTilsetting, løn og arbeidsvilkår er i samsvar med gjeldande lover, reglement og tariffavtale. Det er viktig at alle søkjarar legg ved vitnemål, tenesteattestar og annan relevant dokumentasjon.  Krav til språkAurland kommune nyttar nynorsk som målform. Særskilt god skriftleg, og munnleg, framstillingsevne er viktig i stillinga. Generell informasjon Aurland kommune praktiserer meiroffentlegheit og kunngjer forenkla søkarlister til ledige stillingar. Søkarar, som har oppmoda om at namnet blir unnateke søkarlista, må krysse av for dette og grunngje valet i søknadsteksten. Me tek kontakt med søkarar som har bedt om dette, dersom me meinar at grunngjevinga ikkje er tilstrekkeleg.  Mangfald kan gje oss eit breiare perspektiv. Medarbeidarar med ulik livserfaring og fagkombinasjonar kan gjere oss i stand til å finne gode løysingar i kommunen vår. Me oppfordrar derfor alle til å søke jobb utan omsyn til alder, kjønn, funksjonsevne eller etnisk bakgrunn. Du er også velkomen til å søke sjølv om du ikkje kan syne til ei samanhengende yrkeskarriere.  Treng du hjelp i samband med søknaden, ta kontakt med Jobbnorge på telefon +47 75 54 22 20, mandag til fredag mellom kl. 08.00-16.00, eller send E-post til support@grade.no. Du vil få raskt svar, og veldig god hjelp av hyggelege medarbeidarar. NB! Me overfører nytilsette direkte til lønsystemet vårt, det er difor veldig viktig at du skriv namnet ditt slik det er registrert i folkeregisteret når du søker stilling, samt at du skriv med stor forbokstav. Me ynskjer deg velkomen som arbeidssøkar i Aurland kommune.
Søk på stillingen

Søknadsknappen åpner den opprinnelige søknadsfunksjonen hos kilden, i tråd med NAVs vilkår.