Norge nå-logo
← Tilbake til Jobber i Norge

Vernepleiar/sjukepleiar

Sogndal kommune Psykisk helse og rus

Arbeidssted
SOGNDAL, VESTLAND
Publisert
Søknadsfrist
18. okt. 2026
Omfang
Deltid
Ansettelsesform
Fast
Antall stillinger
1

Stillingsdetaljer

Er du autorisert vernepleiar eller sjukepleiar? Er du typen som ikkje er redd for å stille spørsmål, eller svare på dei? Har du  godt humør, sjølv om det er fredag eller måndag? Kan du samarbeida både med folk og datamaskiner? Kan du halde hovudet kaldt når det stormar og arbeidsdagen ikkje vert slik som planlagt? Samstundes som du meistrar å hugse kvar du sat i frå deg kaffikoppen? Då vil me gjerne at du søkjer jobb hjå oss!   Me kan tilby ein arbeidskvardag som sjeldan er lik dagen i går, og akkurat det er noko av det fine med denne jobben. Ikkje minst får du ein meiningsfull jobb, der du gjer ein forskjell og yter hjelp til personar med psykisk helse/rus utfordringar. 90% fast stilling som miljøterapeut i turnus. Pr. i dag årsturnus, med langvakter på 12,5t og dagvakter, samt arbeid kvar 4. helg. Dette betyr samanhengande friperiodar, der du kan reise på tur eller slappe av heime.   Om stillinga: Hjå oss skal du møte menneskjer med respekt, varme og tydlege grenser. Både i og utanfor deira heim, då hovuddelen av stillinga omhandlar miljøterapeutiske oppgåver. Dette inneber både samtalar og praktisk bistand i daglege gjeremål. Du bør vera ein kreativ problemløysar når plan A ikkje lengre er eit alternativ. Tolmod er ofte nøkkelen til å opne døra, samstundes som du må tola at den kan gå i vranglås. Evna til å samarbeida og kommunisera både med kollega og tenestemottakarar er viktig, også når det er forventa at du på førehand skal vera tankelesar. Hjå oss får du bruka den faglege kompetansen din, mykje meir enn du rekk å nemne på intervjuet. Ein del av stillinga vil også omhandle ansvar for legemiddelhandtering på medisinrom. Me ynskjer oss ein kollega som har humor, sjølv om datamaskina har låst seg. Som er engasjert og positiv til nye utfordringar, som har høg grad av sjølvstende, men samstundes trivst å jobbe i team. Me er ei lita kollegagruppe og godt arbeidsmiljø er difor viktig for oss. Det er viktig at du lyttar til alle, men samstundes kan vera usamd. Møter alle med respekt, men samstundes seier di meining. Kan le i saman med oss, men samstundes samtala om det som er mindre kjekt. Me treng at me støttar kvarandre i krevjande situasjonar og difor har kollega som er tolerante. Me kan tilby ein gjeng som heier på deg og veit at kaffien er ein viktig del av arbeidsdagen, sjølv om du ikkje alltid får drikke den før den vert kald. Ei gruppe som er god på faglege drøftingar. Kan le på jobb, sjølv når du minst ventar det. Ein gjeng som jobbar i saman mot måla for kvar einskild, utifrå dei tenestene dei vert tildelt og innafor dei rammene me har. Me har fokus på utvikling, både gjennom ekstern opplæring, men også internt både i kollegiet og elles i kommunen.   Arbeidsoppgåvene hjå oss er varierte og inneber blant anna: Ansvar for legemiddelhandtering etter kompetanse. Målretta miljøarbeid og samtale ilag med brukar. Praktisk bistand i daglege oppgåver, både i og utanfor heimen. Delta i tverrfagleg samarbeid i kommunen og spesialisthelsetenesta Rapportere og dokumentere i tråd med interne rutinar og gjeldande lovverk. Rådgjeving og rettleiing i saman med kollegaer, studentar, brukarar og pårørande. Kvalifikasjonar: Autorisert vernepleiar eller sjukepleiar Førarkort klasse B. Gode norsk kunnskapar. Politiattest av nyare dato ved tilsetjing. Ynskjelege kvalifikasjonar/eigenskapar: Erfaring frå miljøterapeutisk arbeid, evt. vidareutdanning innan psykisk helse og rus Høg grad av sjølvstende. God evne til samarbeid. Strukturert, fleksibel og løysningsorientert. Me tilbyr ellers: Gode pensjons- og forsikringsordningar Gode velferdsordningar Lønn etter tariffavtale   Det er ønskjeleg å ha eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal spegla folkesetnaden elles. Me oppfordrar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn eller minoritetsbakgrunn. Administrasjonsmålet i kommunen er nynorsk. Alle nytilsetjingar vert gjort med ei prøvetid på 6 månader. Me gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort, sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort. Søknadar må leverast innan fristen og må sendast inn via rekrutteringssystemet vårt EasyCruit. Link til søknadsskjema: Søk her
Søk på stillingen

Søknadsknappen åpner den opprinnelige søknadsfunksjonen hos kilden, i tråd med NAVs vilkår.