Assistentar 15% helgestilling
Medisinsk klinikk/ Medisinsk post geriatri og infeksjon, Helse Bergen HF
- Arbeidssted
- BERGEN, VESTLAND
- Publisert
- Søknadsfrist
- 30. nov. 2026
- Omfang
- Deltid
- Ansettelsesform
- Fast
- Antall stillinger
- 3
Stillingsdetaljer
Akuttgeriatri og infeksjon ønsker å tilsette sjukepleiarstudentar, helsefagarbeidarar/hjelpepleiarar og medisinstudentar. Vi ønsker å bidra til å bygge di kunnskap og kompetanse ved at du blir fast tilsett på ein sengepost, samtidig som du ved behov også kan arbeide på andre postar.
Vi har behov for assistentar frå januar/februrar og lyser ut tre faste helgestillingar på 15% med arbeid kvar tredje helg for deg som har pleieerfaring.
Vi kan tilby opplæring og kompetanseutvikling innan det indremedisinske fagfeltet. Gjennom arbeid på ein av våre sengepostar vil du få moglegheit til å utvikle deg fagleg og tileigne deg kunnskap som kan vere nyttig vidare i arbeid ved klinikken.
ArbeidsoppgåverGi god omsorg for pasient og pårørande
Stell og pleie , samt overvaking av pasientar
Matservering
Skylleromsarbeid
Fastvakt
Målinger (NEWS), 4AT, CFS, Trygg pleie etc.
KvalifikasjonarMeistre norsk skriftleg og munnleg
Må ha relevant praksis frå helsesektoren, og gjerne sjukehuserfaring
Kunnskap om Medisinsk teknisk utstyr og IKT system (Dips og Meona)
Under helsefagleg utdanning
Personlege eigenskaparDu tilpassar deg lett og er løysingsorientert og fleksibel
Gode kommunikasjonseevner
Du må kunne arbeide godt både sjølvstendig og i team
Du behandlar pasientar profesjonelt og empatisk, er imøtekommande og viser respekt
Du bidrar positivt til eit fagleg og kollegialt godt miljø
Du er god til å sjå kva som må gjerast, og tilbyr og mottar gjerne hjelp
Du har motivasjon og interesse for fagfeltet
Vi tilbyrLønn i samsvar med gjeldande overeinskomst
Triveleg arbeidsmiljø
Ein arbeidsplass som er ei inkluderande arbeidsliv-bedrift (IA-bedrift)
Fagleg og personleg utvikling
Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
KontaktinformasjonKristin Fjæreide Myhre, Seksjonsleiar, 55971533, kristin.fjereide.myhre@helse-bergen.no
ArbeidsstadHaukelandsveien 22
5021 Bergen
Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Helse Bergen HF
Referansenr.: 5208834505
Stillingsprosent: 15%
Fast
Søknadsfrist: 30.11.2026
Søknadsknappen åpner den opprinnelige søknadsfunksjonen hos kilden, i tråd med NAVs vilkår.