Ledig stilling som vikar for lærar ved Sand skule
Suldal kommune Sand skule
- Arbeidssted
- SULDAL, SAND, ROGALAND
- Publisert
- Søknadsfrist
- 23. nov. 2026
- Omfang
- Heltid
- Ansettelsesform
- Vikariat
- Antall stillinger
- 1
Stillingsdetaljer
Det er ledig 100 % vikariat for lærar på barnetrinnet frå og med snarast til og med 31.07.2027
Sand skule har om lag 285 elevar fordelt på 13 klassar frå 1.-10. trinn.
Visjonen til skulen er å skapa ein stad for læring med tydelege vaksne, god struktur og trygge elevar som blir rusta for livet.
Oppdraget er å utvikla robuste barn og unge som inkluderer alle, gjennom å styrka medvit og mot.
Arbeidsoppgåver
Me søkjer etter lærarar på barnetrinnet med kompetanse innan norsk, matematikk og spesialpedagogikk.
Andre oppgåver i tråd med eininga sine behov.
Kvalifikasjonar
Godkjend undervisningskompetanse for grunnskulen, men andre med relevant kompetanse kan òg søkja.
Personlege eigenskapar
vera ein relasjonsbasert klasseleiar som viser retning og veg for eleven, fagleg og sosialt.
vera ein aktiv deltakar i det profesjonsfaglege fellesskapet.
vera ein lagspelar i skulen, med føresette og med andre samarbeidsinstansar utanfor skulen.
er fleksibel, strukturert og effektiv i ein hektisk kvardag for ein skule i kontinuerleg utvikling.
har gode munnlege og skriftlege ferdigheiter.
Hjå oss i Suldal kommune får du:
Faglege og personlege utfordringar i eit godt og inspirerande arbeidsmiljø
Engasjerte og dyktige kollegaer
Pensjons- og forsikringsordningar etter tariffavtale
Bedriftshelseteneste
Løns- og tilsetjingsvilkår i samsvar med lov- og avtaleverk
Nynorsk som administrasjonsspråk
Høve til innmelding i lokalt kunstlag for fast tilsette
Andre opplysningar:
Aktuelle søkjarar vert kalla inn til intervju
Det er krav om godkjend politiattest etter gjeldande lovverk ved tiltrede. Attesten kan ikkje vere eldre enn tre månadar
Kontaktinformasjon for stillinga finn du til høgre for annonsa
Kommunen følgjer offentlighetslova § 25 ved eventuell offentleggjering av søkjarlist
Slik søkjer du:
Me ber om at du søkjer elektronisk. Sjå her korleis du går fram for å søkje.
Treng du hjelp, kan kontakte kommune på tlf 52 79 22 00.
Velkommen som søkjar! Me ser fram til å høyra frå deg!
Link til søknadsskjema: Søk her
Søknadsknappen åpner den opprinnelige søknadsfunksjonen hos kilden, i tråd med NAVs vilkår.