Vi har ledig helgestilling som kokk/matkyndig på Luranetunet
Bjørnafjorden kommune Luranetunet bu -og behandlingssenter
- Arbeidssted
- BJØRNAFJORDEN, OS, VESTLAND
- Publisert
- Søknadsfrist
- 6. sep. 2026
- Omfang
- Deltid
- Ansettelsesform
- Fast
- Antall stillinger
- 1
Stillingsdetaljer
Luranetunet har ledig 21,60% helgestillling m/arbeid fredag, laurdag søndag kvar 3. helg som kokk/matkyndig
Om stillinga
Stillinga er i kjøkkenet på Luranetunet. Stillinga inneber arbeid på dagtid kvar tredje helg. (fredag-søndag) Kjøkenet opna hausten 2022. Produksjonskjøkkenet ligg ved Fusa Bu- og behandlingssenter, kjøkkenet på Luranetunet tek seg av siste produksjon og varmebehandling av middagen før servering samt tillaging av frukost, lunsj, kaffemat og dessert. Her har du høve til å delta i utvikling av framtidas tilbod. Her får du vere med i det daglege arbeidet ved kjøkenet på Luranetunet og samarbeide tett med fagleiar.
Arbeidsoppgåver
Generell kjøkkendrift
Klargjør frukost, lunsj, middag, kvelds og kaffemat/dessert til avdelingene
Vera ein ressursperson innan matfag ut mot avdelingane
IK-Mat og reinhald
Varemottak
Vidareutvikle tilbodet innan matomsorg.
Kvalifikasjonar
Du har utdanning som kokk eller har matfagleg kompetanse/erfaring
Du har evne til å arbeide sjølvstendig og team.
Du har interesse for matlaging
Du har god norsk munnleg og skriftleg framstilllingsevne
Utanlandsk utdanning må vere godkjend av Direktoratet for høyere utdanning og kompetanse (HK-dir): https://hkdir.no/utdanning-fra-utlandet
Eigenskapar
Vi ønskjer deg som:
Har gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
Er sjølvstendig og intuitiv
Er oppteken av kvalitet og fagutvikling
Er utprega løysningsorientert
Har evne til å strukturera og koordinera arbeid i ein hektisk kvardag
Er oppteken av god service
Om Luranetunet bu- og behandlingssenter
Luranetunet rommar 2 korttidsavdelingar, 7 langtidsavdelingar, samt ein serviceavdeling som inneheld reinhalds-, vaskeri-, og teknisk avdeling.
Luranetunet sin visjon er «Varme og vekst i samspel». Visjonen spring ut av den flotte, overbygde tropehagen på 1300 m2 i sentrum av Luranetunet. Her er det varmt og godt heile året, og aktivitet på både dag- og kveldstid.
Hagen er ein god plass å vere for bebuarar, pårørande og tilsette - og alt anna som veks og trivst når vi legg til rette for det. Ute har vi sansehage med lysthus, bærbuskar, tre og planter.
Vi tilbyr
Arbeid i ei eining i utvikling og moglegheit til å vera med å påverka
Faglege og personlege utfordringar i eit godt og inspirerande arbeidsmiljø med fokus på samarbeid og utvikling
Varierte og spanande arbeidsoppgåver med fokus på å skape gode måltidsopplevingar for bebuarane våre.
God pensjonsordning, yrkesskade- og gruppelivsforsikring
Løn etter gjeldande avtalar
Personalreglement som er tilpassa arbeidstakerar i ulike livsfaser
Vi arbeidar for å få etablert heiltidskultur i kommunen
Bjørnafjorden kommune er ein arbeidsplass som verdset likestilling og mangfald, der alle tilsette forpliktar seg til prinsippet om likeverd og bidreg til å skapa eit inkluderande arbeidsmiljø. Vi ønskjer eit mangfald av søkjarar og oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søkje, uavhengig av kjønn, alder, funksjonsevne, seksuell orientering, etnisk bakgrunn eller livssyn
Etter utløpt søknadsfrist, vil det bli generert ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar kan bli offentlege sjølv om ein har kryssa av for å bli unnateke. Dersom anmodningen ikkje vert tatt til følgje vil søkjaren bli varsla om det.
Vi vil aldri be søkjar om å oppgi BANK-ID informasjon i søknadsprosessen.
Link til søknadsskjema: Søk her
Søknadsknappen åpner den opprinnelige søknadsfunksjonen hos kilden, i tråd med NAVs vilkår.