Sakshandsamar - 100 % fast
Bjørnafjorden kommune Avdeling for forvaltning og koordinering
- Arbeidssted
- BJØRNAFJORDEN, OS, VESTLAND
- Publisert
- Søknadsfrist
- 25. nov. 2026
- Omfang
- Heltid
- Ansettelsesform
- Fast
- Antall stillinger
- 1
Stillingsdetaljer
Avdeling forvaltning, koordinering og bustadkontoret består av omlag 14 årsverk. Her lyses det no ut ein 100 % fast stilling som sakshandsamar frå og med 01.01 2027 innan helse- og omsorgstenester. Oppgåvene er å sakshandsame etter lov om helse- og omsorgstenester, pasient -og brukarettigheitslova og forvaltningslova.
Arbeidsstad
Rådhuset, Osøyro
Arbeidsoppgåver
I tida som kjem så må vi skape meir for mindre ved å gå frå tradisjon til inovasjon. Vi søker difor ein initiativrik person med engasjement for forvaltningsarbeid.
Arbeidsoppgåvene vil i hovudsak vere å sakshandsame søknader om kommunale helse- og omsorgstenester. Dette inneber avgjersler om tildeling eller avslag på kommunale tenester ut frå lov, forskrift, rutinar og rettleiing. Som igjen inneber tett samarbeid med spesialisthelsetenesta, kommunehelsetenesta, fastlegar, søkjarar og pårørande.
Kartlegge, vurdere og ta stilling til kva tenester som er aktuell for den enkelte søkjar
Veilede og informere brukere og pårørande om bakgrunn for, og konsekvensar av beslutningar
Samarbeide med kollegaer og andre interne og eksterne partar som helseforvaltning og offentlege organ
Sakshandsamaroppgåvene vil i hovudsak vere knytt til handsaming av ulike søknadar om tenester til barn/unge og deira pårørande, samt psykisk helse og rustenster til vaksne, men ein må kunne tileigna seg kunnskap om og bidra på heile kontoret sitt ansvarsområde
Kvalifikasjonar
3 årig helse- og sosialfagleg høgskuleutdanning
Utanlandsk utdanning må vere godkjend av Direktoratet for høyere utdanning og kompetanse (HK-dir): https://hkdir.no/utdanning-fra-utlandet
Minimum 3 års relevant erfaring frå arbeid innan helsesektoren
Erfaring som sakshandsamar innan helse-og forvaltningsrett (vil vere ein fordel)
Kompetanse innan rettleiing (vil vere ein fordel)
Gode IKT-kunnskapar og beherska digitale kommunikasjonsformer
Gode kommunikasjonsferdigheiter på norsk og engelsk, muntleg og skriftleg
Ynskjeleg at du har førarkort klasse B
Personlege eigenskapar
Nøyaktig, strukturert og arbeidar sjølvstendig
Rask, effektiv og likar høgt arbeidstempo
Positiv og løysningsorientert med ei heilheitleg tilnærming
Fremma lagarbeid både internt i avdelinga og mot eksterne aktørar
kommuniserer godt med mennesker i utfordrande livssituasjonar
Personlege eigenskapar vil bli vektlagt.
Vi tilbyr
Fagleg dyktige og engasjerte kollegaer med godt humør i eit godt tverrfagleg arbeidsmiljø
Utfordrande og varierte arbeidsoppgåver og høg grad av sjølvstendig arbeid
Utstrakt samarbeid både internt og ekstertn
God pensjonsordning, yrkesskade- og gruppelivsforsikring
Løn etter gjeldande avtalar
Vi arbeidar for å få etablert heiltidskultur i kommunen
Bjørnafjorden kommune er ein arbeidsplass som verdset likestilling og mangfald, der alle tilsette forpliktar seg til prinsippet om likeverd og bidreg til å skapa eit inkluderande arbeidsmiljø. Vi ønskjer eit mangfald av søkjarar og oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søkje, uavhengig av kjønn, alder, funksjonsevne, seksuell orientering, etnisk bakgrunn eller livssyn
Etter utløpt søknadsfrist, vil det bli generert ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar kan bli offentlege sjølv om ein har kryssa av for å bli unnateke. Dersom anmodningen ikkje vert tatt til følgje vil søkjaren bli varsla om det.
Vi vil aldri be søkjar om å oppgi BANK-ID informasjon i søknadsprosessen.
Link til søknadsskjema: Søk her
Søknadsknappen åpner den opprinnelige søknadsfunksjonen hos kilden, i tråd med NAVs vilkår.