Norge nå-logo
← Tilbake til Jobber i Norge

Assistent/helsefagarbeidar til pasient ved somatisk avdeling

Osterøy kommune

Arbeidssted
OSTERØY, VALESTRANDSFOSSEN, VESTLAND
Publisert
Søknadsfrist
7. okt. 2026
Omfang
Deltid
Ansettelsesform
Fast
Antall stillinger
1

Stillingsdetaljer

Om stillingaOsterøytunet er kommunen sin sjukeheim og ligg på Hauge. Sjukeheimen har 65  plassar fordelt på tre avdelingar, med tre-fire grupper i kvar avdeling. Kvar gruppe har 9-11 pasientar. Me har eige kjøkken og eigen lege.   Ein av våre pasientar treng ein omsorgsfull og trygg assistent/helsefagarbeidar til personleg stell og oppfølging i dagleg aktivitet. Oppfølging innebærer handtering av medisinsk utstyr, men opplæring vil bli gitt. Bemanning er ein-til-ein, men du vert tilknytt ei gruppe ved somatisk avdeling. Du vil også ha enkelte vakter i gruppen Det er no en faste stilling ledige, på 80 %, med arbeid kvar tredje helg. Det er og mogleg å ta ekstravakter. Det er stor mulighet for langvakter i ny årsturnus fra mars 2027. Oppstart i stillinga er så raskt som mulig. Meir informasjon om stillinga får du ved å henvenda deg til kontaktpersonen vår.    Kven søkjer vi etter?Me søkjer etter deg som er ein trygg vaksen som trives med å jobbe med prosedyrer og nytte deg av tekniske hjelpemidler, nokon meir avansert enn andre. Du må like å ha ansvar, men ha evne til å samarbeide med andre. Du må evne å opprette god relasjon til både pasienten du har spesielt ansvar for, men og dine kollegaer.  Høyres dette ut som deg - eller kanskje nokon du kjenner? Ikkje nøl med å ta kontakt med oss!  Vi tilbyr degEi spanande og gjevande stilling God opplæring Du får samarbeide med fagleg dyktige og engasjerte kollegaer Eit godt arbeidsmiljø med god blanding av fagleg kunnskap, humor og hjertevarme Moglegheit for fagleg utvikling Moglegheit til å påverke eigen arbeidplan i planlegginga av årsturnus (kvar haust) Gode pensjons- og forsikringsvilkår ArbeidsoppgåverHeilskapeleg omsorg og pleie i det daglege. Bistand og rettleiing ut frå pasienten sine behov Prosedyrer som inkluderer medisinsk/tekninsk utstyr KvalifikasjonarErfaring frå liknande arbeid er å føretrekke Fagbrev som helsefagarbeider er ynskjeleg, men andre kan også søkja Personleg egnaheit vil verte vektlagt Søkjarar utanfor Skandinavia må dokumentera kunnskap i norsk skritfleg og muntleg gjennom bestått B2 test i norsk Det er krav om gyldig politiattest som ikkje er eldre enn 3 md om du får tilbod om stilling.
Søk på stillingen

Søknadsknappen åpner den opprinnelige søknadsfunksjonen hos kilden, i tråd med NAVs vilkår.