Norge nå-logo
← Tilbake til Jobber i Norge

Helsefagarbeidar/hjelpepleiar til vikariat i Medisinsk seksjon

Voss sjukehus, Helse Bergen HF

Arbeidssted
VOSS, VESTLAND
Publisert
Søknadsfrist
30. okt. 2026
Omfang
Deltid
Ansettelsesform
Vikariat
Antall stillinger
1

Stillingsdetaljer

Voss sjukehus har ledig 80% vikariat for helsefagarbeidar/hjelpepleiar på Medisinsk seksjon, sengepost. Stillinga er ledige frå 01.12.2026 eller etter avtale. Vi har ledig 80% vikariat for helsefagarbeidar/hjelpepleiar ved sengeposten i Medisinsk seksjon fram til 30.11.2027. Vi ser etter deg som ynskjer å arbeida i eit aktivt miljø med høg faglegheit. Stillinga inngår i todelt vaktordning (dag, kveld) og arbeid kvar 3. helg.  OM AVDELINGA Medisinsk sengepost  er lokalisert under Medisinsk seksjon, og har 20 heildøgnssengeplassar. Det blir behandla pasientar med ulike indremedisinske diagnosar, som til dømes hjarte, lunge, nyre, mage, tarm, hjerneslag, infeksjonar, diabetes og kreft.  Sengeposten har nært samarbeid med andre profesjonar i sjukehuset.  OM SJUKEHUSET Voss sjukehus har akuttberedskap innan indremedisin, kirurgi og ortopedi, føde- og gynekologi. Sjukehuset har høg aktivitet og ynskjer å halde fram den positive utviklinga. Opptaksområdet er på om lag 30.000 innbyggjarar fordelt på fem kommunar. I tillegg kjem det pasientar frå Bergen og kommunar frå Sogn og frå Hardanger. OM VOSS Voss har flott natur som gjev særs gode høve til naturopplevingar og aktivitetar for born og vaksne innan ei heil mengd ulike idrettar. Ekstremsportsmiljøet er viden kjent gjennom til dømes Ekstremsportsveko. Nord-Europas mest moderne gondolbane er opna i desse dagar og ligg nokre steinkast frå sjukehuset. Kulturlivet er rikt og variert, og det er eit godt utbygd skuletilbod med to nye vidaregåande skular. Det er god kommunikasjon vestover til Bergen/ Flesland og austover til Oslo. ArbeidsoppgåverPleie og oppfylgjing av pasientar Observasjon av pasientar (NEWS) Oppgåver knytt til ernæring, hygiene og generell drift av sengeposten KvalifikasjonarDen som blir tilsett må meistre norsk, svensk eller dansk for munnleg og skriftleg dokumentasjon Søkjar må ha norsk autorisasjon som helsefagarbeidar/hjelpepleiar Personlege eigenskaparVi tenkjer at du: Er ein god teamarbeidar Trivst i eit aktivt og travelt miljø Likar utfordringar Har engasjement for fagfeltet/pasientgruppa og ynskjer å vidareutvikla kompetansen din Vi tilbyrOpplæring med fadder Medverknad til arbeidsplan Eit inkluderande og godt arbeidsmiljø i Medisinsk seksjon og på Voss sjukehus Løn etter gjeldande overeinskomst Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse. KontaktinformasjonSissel Marie Finne, Ass seksjonsleiar, 56533780, sissel.marie.finne@helse-bergen.no Stine Hernes, Ass seksjonsleiar, 56533780, stine.hernes@helse-bergen.no ArbeidsstadSjukehusvegen 16 5704 Vossevangen Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Helse Bergen HF Referansenr.: 5195676129 Stillingsprosent: 80% Vikariat Startdato: 01.12.2026 Søknadsfrist: 30.10.2026
Søk på stillingen

Søknadsknappen åpner den opprinnelige søknadsfunksjonen hos kilden, i tråd med NAVs vilkår.