Vil du bli vår nye maskinsjef?
Fjord1 - Maritim Drift, Fjord1 AS
- Arbeidssted
- EVENES, BOGEN I OFOTEN, NORDLAND
- Publisert
- Søknadsfrist
- 27. sep. 2026
- Omfang
- Heltid
- Ansettelsesform
- Fast
- Antall stillinger
- 1
Stillingsdetaljer
Vi søkjer etter ein engasjert maskinsjef til fartøyet MF Lote, som trafikkerer sambandet Bognes - Skarberget.
Attraktiv turnus med mykje fri: 2 uker nattarbeid, 4 uker fri. Deretter 2 uker dagvakter, 2 uker fri. I Fjord1 får du også gode velferdsordningar og tilsettgoder.
Som maskinsjef på sambandet blir du nøkkelpersonen i maskinrommet, med ansvar for drift, vedlikehald, tekniske system, og sørgjer for at ferja går trygt og effektivt. Stillinga gir deg ein variert kvardag der du får høve til å bruke din tekniske kompetanse og erfaring, i eit team med trivelege og inkluderande kollegaer. Dette er ein jobb som let deg kombinere arbeid og fritid.
Det er mogleg å bu ombord i arbeidsperioden. Oppstart fortløpande.
ArbeidsoppgåverLei det tekniske arbeidet om bord og sørg for at alt utstyr fungerer i samsvar med klasse- og styresmaktene sine krav.
Vedlikehald av maskineri og komponentar i tråd med AMOS vedlikehaldssystem.
Bidra til energieffektiv og trygg drift av fartøyet gjennom målretta oppfølging av SEEMP-tiltak, energileiing og optimal bruk av teknisk utstyr i samsvar med ISO 50001.
Samarbeid med skipsførar for å sikre at tryggleikssystemet vert følgt og at ISM-koden er oppfylt.
Opplæring av personell og handsaming av alarminstruks.
Oppdatere og ajourhalde jobbeskrivelsar, reservedelsoversikt, samt arkivering og vedlikehald av tekniske dokument.
Overvake forbruk av brennolje, smøreolje og ferskvatn, samt føre maskindagbok og oljedagbok i samsvar med krav.
Budsjettere og bestille reservedelar og utstyr innanfor sitt ansvarsområde.
Sørgje for oppdatert stoffkartotek, samt reinhald og brannførebygging.
KvalifikasjonarMinimum M3-sertifikat
Sikkerheitskurs i høve til kvalifikasjonsføreskrifta
Krise- og passasjerhandtering
Gyldig helseerklæring
Allsidig erfaring som maskinsjef
Personlege eigenskaparVi søkjer ein sjølvstendig, og løsningsorientert maskinsjef med teknisk innsikt, og gode leiareigenskapar. Du må vere ansvarsbevisst, nøyaktig, samt evne å jobbe under press. Gode samarbeidsevner, og vektlegging på eit sikkert arbeidsmiljø er avgjørande. Om desse eigenskapane beskriver deg, tar vi gledeleg imot din søknad.
Vi tilbyrLønn vert gitt etter overenskomst mellom NHO Sjøfart og Det Norske Maskinistforbund.
Eit godt arbeidsmiljø med støttande kollegaer.
Attrakive velferdsordningar og tilsettgoder.
KontaktinformasjonJonas Hovland, Rekrutteringsrådgiver, +47 90210232, jonas.hovland@fjord1.no
ArbeidsstadBognes - Skarberget
8539
Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Fjord1 - Maritim Drift
Referansenr.: 5131579368
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 27.09.2026
Søknadsknappen åpner den opprinnelige søknadsfunksjonen hos kilden, i tråd med NAVs vilkår.