Norge nå-logo
← Tilbake til Jobber i Norge

Klinikkleiar

Tannhelsekompetansesenteret, Vestland, 

Arbeidssted
BERGEN, VESTLAND
Publisert
Søknadsfrist
22. nov. 2026
Omfang
Heltid
Ansettelsesform
Fast
Antall stillinger
2

Stillingsdetaljer

Vestland fylkeskommune har ansvar for den offentlege tannhelsetenesta i fylket. Vårt samfunnsoppdrag er å levere tenester av høg kvalitet til våre innbyggarar og dette løyser vi gjennom samarbeid, førebygging og god klinisk praksis. Vi behandler hovudsakleg prioriterte pasientgrupper, men tar også i mot vaksne, betalande pasientar. Tannhelsetenesta i Vestland er ein stor og kompleks verksemd med brei fagkompetanse, spesialistfunksjonar, gode forskingsmiljø og med eit sterkt førebyggjande fokus. Samla bidreg dette til gode folkehelse i fylket vårt. Avdelinga har omlag 550 tilsette fordelt på 55 tannklinikkar, ein intern fagstab og kompetansesenteret TkVestland. God leiing av klinikkane våre er avgjerande for å sikre drift, effektiv ressursbruk og trygge arbeidsmiljø. Har du lyst til å leie eit av dei mest spennande og fagleg sterke miljøa innan offentleg tannhelseteneste i Noreg?  Tannhelsekompetansesenteret i Vestland ( TkVestland) søkjer no to engasjerte og tydelege klinikkleiar til vår spesialistklinikk i Bergen, som vil vere med å styrkje oppdraget vårt gjennom god og framtidsretta leiing.  Om ossSom eitt av fem regionale odontologiske kompetansesenter i landet har TkVestland eit breitt samfunnsoppdrag: vi skal sikre spesialisttannhelsetenester til befolkninga, drive fagutvikling og kvalitetsarbeid, byggje kunnskap gjennom klinisk praksisnær forsking, og vere ein fagleg ressurs for heile den offentlege tannhelsetenesta i fylket. Spesialistklinikken er hjarta i denne verksemda, med eit sterkt tverrfagleg fagmiljø og tett samarbeid med forskingsavdelinga vår. Klinikken har om lag 45 tilsette og som ein av to klinikkleiar får du ansvar for omlag 25 tilsette og ei sentral rolle i å utvikle tenesta vidare, samstundes som du tek vare på og styrkjer eit arbeidsmiljø prega av fagleg stoltheit, samarbeid og utviklingsvilje. Du bidrar til å utvikle gode, trygge og moderne tenester for dei som treng oss aller mest. Du deltek aktivt i strategi- og utviklingsprosessar for TkVestland gjennom områdeleiar si leiargruppe,  og bidreg til at vi når måla våre innan fagutvikling, forsking og pasienttilbod. Arbeidsoppgåver Ansvar for personalleiing av 25 tilsette pr dags dato, inkludert kompetanseutvikling, medarbeideroppfølging og rekruttering.  Byggje og vidareutvikle eit trygt og inkluderande arbeidsmiljø, med vekt på medverknad, samarbeid og kontinuerleg fagleg utvikling. Ansvar for budsjett og økonomistyring for eigen klinikk. Sørgje for at vedtak, føringar og styringsdokument blir følgde opp og operasjonaliserte i den daglege drifta. Syte for at drifta er i tråd med lover og retningslinjer, og følgjer målsetnadane til Vestland tannhelseteneste. Saman med den andre klinikkleiaren, sikre at klinikken tilbyr tenester med høg fagleg kvalitet, god pasienttryggleik og profesjonell service. Bidra til god samhandling mellom klinikk, forsking og administrasjon. KvalifikasjonarDu må ha: relevant høgare utdanning, gjerne innan leiing, administrasjon eller tilsvararande.  erfaring frå leiing, anten i form av personalleiing og/eller fagleiing . gode norskkunnskapar, både skriftleg og munnleg. godkjent politiattest. Det er ønskjeleg at du har: utdanning innan helsefagleg retning, fortrinnsvis innan tannhelse erfaring frå offentlege helsetenester erfaring med endring- og omstillingsprosessa Personlege eigenskaparVi søkjer deg som:  utøver tydeleg, trygg og tillitsbasert leiing. evner å skape samhald og felles retning for eininga di. byggjer sterke fagmiljø og ein verdibasert kultur, der kvalitet, ansvar og samarbeid står sentralt. tek avgjerder og følgjer dei opp og evnar å omsetje planar til handling og resultat. er utviklingsorientert og tek initiativ til forbetring. byggjer gode relasjonar til pasientar, pårørande, medarbeidarar og eksterne samarbeidspartnarar. Leiarskapet ditt kan forankrast i verdiane til Vestland fylkeskommune som er kompetent, open og modig. Vi tilbyr ei spanande og variert leiarstilling i eit fagmiljø med høg kompetanse og engasjement. deltaking i Vestland fylkeskommune sitt leiarutviklingsprogram. eit sterkt leiarfelleskap i tannhelseområdet si leiargruppe. løn etter avtale i tråd med Vestland fylkeskommune sin lønspolitikk fylkeskommunale tilsetjingsvilkår med gode offentlege forsikrings- og pensjonsordninga   Les gjerne meir om oss her: https://www.vestlandfylke.no/tannhelse/tkvestland/om-tkvestland/   KontaktinformasjonTonje Hauge Lundin, områdeleiar tannhelse, 99568232, tonje.lundin@vlfk.no ArbeidsstadÅrstadvegen 19 5009 Bergen Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Vestland fylkeskommune Referansenr.: 5181108274 Stillingsprosent: 100% Fast Søknadsfrist: 22.11.2026
Søk på stillingen

Søknadsknappen åpner den opprinnelige søknadsfunksjonen hos kilden, i tråd med NAVs vilkår.