Norge nå-logo
← Tilbake til Jobber i Norge

Midtsoneassistent 

Nevrologi og rehabilitering sengepost, Helse Førde

Arbeidssted
SUNNFJORD, FØRDE, VESTLAND
Publisert
Søknadsfrist
29. nov. 2026
Omfang
Heltid
Ansettelsesform
Engasjement
Antall stillinger
1

Stillingsdetaljer

Nevrologi og rehabilitering sengepost søkjer ein positiv og påliteleg medarbeidar til ein praktisk og meiningsfull støttefunksjon i ein hektisk og lærerikt kvardag. Stilling:    Midtsoneassistent Periode:  d.d. -  31.10.2027 Om stillinga Midtsoneassistent er ei service- og støttefunksjon der hovudoppgåva er å avlaste sjukepleiarar og helsefagarbeidarar med praktiske og ikkje-medisinske arbeidsoppgåver. Som midtsoneassistent bidreg du til tryggleik og god flyt i sengeposten gjennom viktige praktiske gjeremål i kvardagen.  Du blir ein viktig del av arbeidsmiljøet på sengeposten.  I sengeposten vår har vi pasientar med sjukdomar og skader innanfor områda nevrologi, rehabilitering og indremedisin. Hjå oss vil du møte fagpersonar frå ulike yrker som lege, sjukepleiar, helsefagarbeidar, logoped, ergoterapeut, fysioterapeut m.m. som alle samhandlar til det beste for pasient og pårørande. Vi søkjer deg som er serviceinnstilt, sjølvstendig og trivst med å vere der det skjer. Rolla krev ikkje formell helsefagleg utdanning.  ArbeidsoppgåverFørefallande arbeid av ikkje-medisinske oppgåver t.d. rydde rom, vaske utstyr og skylleromsarbeid Kjøkkenteneste; servere mat, bestille varer, halde orden Yte god service til pasient, pårørande og kollegaer. KvalifikasjonarDet er krav om fullført vidaregåande skule  Må meistre norsk godt, både munnleg og skriftleg Må kunne handtere bruk av PC med tilhøyrande program. Opplæring og kurs i interne program vert gitt.  Personlege eigenskaparBidra positivt til kollegialt godt miljø Evne til å arbeide sjølvstendig, strukturert og målretta Gode samarbeidsevner, er arbeidsvillig og initiativrik Tilpassingsdyktig Påliteleg og arbeidssam Positiv, omgjengeleg og serviceinnstilt til pasientar, pårørande og kollegaer Vi tilbyrVarierte og spennande oppgåver Lønn i samsvar med gjeldane overeinskomst Gode pensjons- og forsikringsordningar Triveleg arbeidsmiljø Fagleg og personleg utvikling Arbeidstid dagtid   Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse. KontaktinformasjonSirianne Pidic, Seksjonsleiar, (+47) 924 99 376 ArbeidsstedSvanehaugvegen 2 6812 Førde Nøkkelinformasjon:Arbeidsgiver: Helse Førde Referansenr.: 5209104749 Stillingsprosent: 100% Engasjement Søknadsfrist: 29.11.2026
Søk på stillingen

Søknadsknappen åpner den opprinnelige søknadsfunksjonen hos kilden, i tråd med NAVs vilkår.