Norge nå-logo
← Tilbake til Jobber i Norge

Landbruksvikar husdyrhald

Ytre Sogn og Sunnfjord Landbrukstenester Sa

Arbeidssted
ASKVOLL, VESTLAND
Publisert
Søknadsfrist
22. okt. 2026
Omfang
Deltid
Ansettelsesform
Fast
Antall stillinger
1

Stillingsdetaljer

Landbruksvikaren har eit variert og sjølvstendig yrke. Stillinga dekker eit stort geografisk område og du vert kjend på gardar med ulike dyrehald og driftsmåtar. Landbruksvikaren er beredskapen som rykker ut når bonden vert sjuk eller ramma av ulykke, men trer og inn ved ferieavvikling. Hva vi ser etter Du er agronomutdanna eller har erfaring frå husdyr-/mjølkeproduksjon Du er god til å kommunisere med ulike typar menneske Du er fleksibel, sjølvstendig, ansvarleg og påliteleg Du trivast med fysisk og variert arbeid Du er løysingsorientert og god til å handtere uventa hendingar Du har førarkort for bil og traktor Arbeidsoppgaver Landbruksvikaren går inn i bondens rolle på ulike gardsbruk og tek ansvar for bruket. Du må vere ansvarsbevisst og kunne jobbe sjølvstendig. Samtidig er du god på kommunikasjon, både for å ta i mot instruks og for å kunne informere tilbake. Fjøsstell foregår både i bås- og robotfjøs. Ein vanleg arbeidsdag er delt i to, der du jobbar morgon og kveld med å fore, mjølke og stelle dyr og fjøs. Du er roleg med dyr, kan handtere kalving og identifisere sjukdom. Du er fleksibel, kan litt av det meste og likar avveksling. Vi tilbyr Lønn etter kvalifikasjon og erfaring pensjons- og forsikringsordningar varierte arbeidsoppgåver kurs / sosiale tilstellingar for landbruksvikar / avløysar eit eldorado for ulike formar for friluftsliv
Søk på stillingen

Søknadsknappen åpner den opprinnelige søknadsfunksjonen hos kilden, i tråd med NAVs vilkår.