Straume bu og servicesenter
Øygarden kommune Straume bu og servicesenter
- Arbeidssted
- ØYGARDEN, STRAUME, VESTLAND
- Publisert
- Søknadsfrist
- 11. okt. 2026
- Omfang
- Deltid
- Ansettelsesform
- Fast
- Antall stillinger
- 8
Stillingsdetaljer
Om avdelinga:Straume bu- og servicesenter er eit levande og unikt omsorgssenter midt på Straume. Her arbeider ein engasjert og tverrfagleg personalgruppe for at bebuarane skal få ein aktiv og meiningsfull kvardag med tryggleik og meistring. Hos oss jobbar sjukepleiarar, vernepleiarar, musikkterapeut, helsefagarbeidarar, miljøterapeutar og assistentar.
Senteret består av tre bufellesskap, ei dagavdeling og 27 omsorgsbustader. No søkjer vi nye medarbeidarar som vil vera med å gi gode tenester til bebuarane våre på helg.
Vi har fleire faste helgestillingar ledige, frå 13 til 20%.
Arbeidsoppgåver:Stell, pleie og omsorgsoppgåver til våre bebuarar
Ivareta bebuars individuelle behov
Delta i aktivitetar saman med våre bebuarar
Medansvarleg til et godt arbeidsmiljø
Kvalifikasjonar:Ønskjeleg med fagbrev innan helse eller studentar i helsefag/sjukepleie
Lang og relevant arbeidserfaring kan kompensere for manglande formell utdanning
Gode munnleg og skriftlege norskkunnskapar
Gyldig politiattest
Ønskjeleg med:Erfaring frå arbeid i sjukeheim eller heimeteneste
Personlege eigenskapar:Du har gode samarbeidsevner, og kan jobbe både sjølvstendig og i team
Du er stabil, påliteleg og ansvarleg
Du bidrar positivt, har godt humør og trivst med varierte oppgåver
Du evner å handtere hektiske arbeidsdager når det er nødvendig
Du er løysingsorientert og likar nye utfordringar.
Du engasjerer deg, er positiv i møte med bebuarar og pårørande
Personlege eigenskaper vil verta vektlagt
Anna:Dersom du er under høgare utdanning som sjukepleiarstudent, vernepleiarstudent, legestudent vert du etter lokal avtale løna slik :
1. studieår kr 10.000 over sentral garantiløn
2. studieår kr 20.000 over sentral garantiløn
3. studieår kr 50.000 over sentral garantiløn
Du må dokumntere kor langt du er komen i studiet
Vi tilbyr:Gode pensjons- og forsikringsordningar
IA verksemd
Motiverte og kunnskapsrike kollegaer
Interessante utfordringar
Høve til fagleg og personleg utvikling
Støttande leiarskap og godt arbeidsmiljø
Kontakt:Avdelingsleiar, Astrid Geitle tlf: 913 19 622
Heidi Reisegg Endal tlf: 919 11 187
Øygarden kommune ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre medarbeidarar i størst mogleg grad skal spegla mangfaldet i befolkninga. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller minoritetsbakgrunn. Som IA-verksemd ønskjer kommunen å leggja til rette for arbeidsforholda dersom du har behov for det.
Etter utløpet til søknadsfristen, vert det sett opp ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar, kan verta offentlege sjølv om søkjaren har bede om ikkje å vert ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teken til følgje, vert søkjaren varsla om dette. Ved vurderinga av om ei slik oppmoding skal takast til følgje, skal det leggjast vekt på om det knyter seg særleg offentleg interesse til stillinga.
Link til søknadsskjema: Søk her
Søknadsknappen åpner den opprinnelige søknadsfunksjonen hos kilden, i tråd med NAVs vilkår.