Norge nå-logo
← Tilbake til Jobber i Norge

Vil du vere med å gje barn og unge ein trygg oppvekst?

Bjørnafjorden kommune Os ungdomsskule

Arbeidssted
BJØRNAFJORDEN, OS, VESTLAND
Publisert
Søknadsfrist
25. nov. 2026
Omfang
Heltid
Ansettelsesform
Vikariat
Antall stillinger
1

Stillingsdetaljer

Os ungdomsskule har ledig eit inntil 100 % vikariat frå 11. januar til 31. mai 2027. Vi søkjer ein engasjert lærar som vil bidra til eit trygt og inkluderande læringsmiljø og god læring for elevane. Om skulen Os ungdomsskule ligg sentralt i Os sentrum og har 78 tilsette og 470 elevar fordelte på fem til seks klassar per trinn. Verdigrunnlaget vårt er «Meistring, tryggleik og anerkjenning». Vi arbeider med livsmeistring, nærvær og fråvær, lesing og vidareutvikling av undervisninga i tråd med LK20. I Bjørnafjorden kommune er vi opptekne av å skapa trygge og gode skulemiljø som gir elevane gode føresetnader for læring, meistring og trivsel. Vi satsar også på å utvikla sterke rammer for lesing gjennom heile opplæringsløpet. Arbeidsoppgåver - Undervisning i fleire fag på ungdomstrinnet, særleg matematikk, naturfag, kroppsøving og valfaget fysisk aktivitet og helse. - Kontaktlæraroppgåver. - Oppfølging av enkeltelevar og elevgrupper, og samarbeid med føresette og kollegaer. Kvalifikasjonar - Godkjend lærarutdanning frå høgskule eller universitet. - Kompetanse i eitt eller fleire av faga skulen har særleg behov for. - God munnleg og skriftleg framstillingsevne. Nynorsk er administrasjonsmålform i Bjørnafjorden kommune. Dersom du har utdanning frå utlandet, må utdanninga vere godkjend for arbeid som lærar i Noreg. Den som får tilbod om stillinga, må leggje fram tilfredsstillande politiattest før tiltreding. Personlege eigenskapar Vi ser etter deg som er ein trygg og tydeleg klasseleiar, byggjer gode relasjonar og samarbeider godt med elevar, føresette og kollegaer. Du er fleksibel, finn gode løysingar og ønskjer å bidra i det pedagogiske utviklingsarbeidet ved skulen. Personlege eigenskapar blir vektlagde. Vi tilbyr - Eit engasjert fagmiljø og eit godt arbeidsmiljø. - Arbeid med skuleutvikling og trygge oppvekstvilkår. - Mentorordning og faste nettverk for nyutdanna lærarar. - Løn etter gjeldande avtalar og medlemskap i Statens pensjonskasse med tilhøyrande pensjons- og forsikringsordningar. Søknad og offentleg søkjarliste Bjørnafjorden kommune er ein arbeidsplass som verdset likestilling og mangfald, der alle tilsette forpliktar seg til prinsippet om likeverd og bidreg til å skapa eit inkluderande arbeidsmiljø. Vi ønskjer eit mangfald av søkjarar og oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søkje, uavhengig av kjønn, alder, funksjonsevne, seksuell orientering, etnisk bakgrunn eller livssyn. Etter utløpet av søknadsfristen vil det bli utarbeidd ei offentleg søkjarliste. Denne vil innehalda namn, alder, stilling eller yrkestittel og dessutan bustad- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn dersom ein søkjar ber om det, men opplysningar kan likevel bli offentleggjort i samsvar med gjeldande regelverk. Dersom ei oppmoding om unntak ikkje blir teken til følgje, vil søkjaren bli varsla. Vi vil aldri be søkjarar om å oppgi BANK-ID-informasjon i søknadsprosessen. Kontakt Diana Voinea Johansen, rektor E-post: diajoh@bjornafjorden.kommune.no Link til søknadsskjema: Søk her
Søk på stillingen

Søknadsknappen åpner den opprinnelige søknadsfunksjonen hos kilden, i tråd med NAVs vilkår.