Hagahaugen rehabilitering søkjer sjukepleiar
Voss herad Rehabiliteringsavdeling, Hagahaugen
- Arbeidssted
- VOSS, VESTLAND
- Publisert
- Søknadsfrist
- 30. nov. 2026
- Omfang
- Deltid
- Ansettelsesform
- Vikariat
- Antall stillinger
- 1
Stillingsdetaljer
Hagahaugen rehabilitering er ein døgnbemanna avdeling der ein jobbar tett i tverrfagleg team.
På Hagahaugen finn du fysio/ergo avdeling, dagavdeling, friskliv og meistring samt døgnbemanna rehabiliteringsavdeling.
Stillinga gjeld for rehabiliteringsavdelinga og er to-delt då me har nattevaktsordning.
Det tverrfaglege rehabiliteringsteamet fokuserer på : "Kva er viktig for deg?" Me vektlegg at pasient når måla sine.
Som sjukepleiar i Voss herad vil du få moglegheit til å verta ein del av eit dyktig fagmiljø, med dedikerte og kunnskapsrike tilsette.
Me har eit godt arbeidsmiljø og høg trivsel. Me arbeider etter årsturnusprinsippet som sikrar føreseieleg arbeidstid for dei tilsette, og kontinuitet for våre brukarar. Som tilsett kan du påverka arbeidsrotasjonen din.
Vikaratet er ledig frå 04.01.27 til 30.11.27 med mogleg forelnging.
Me tilbyr
rekrutteringstillegg på kr 30.000 for sjukepleiar i turnus
god forsikrings- og pensjonsavtale
lønn og arbeidsvilkår etter tariff og lokal lønnspolitikk
gode faglige utviklingsmogelegheiter
Kvalifikasjoner
norsk autorisasjon som sjukepleiar.
meistra skriftleg og munnleg norsk
gjerne med vidareutdanninga innan rehabilitering, omsorgsteknologi, forskingsbasert kunnskap, eller anna relevant vidareutdanning
Personlege eigenskapar
gode samarbeidsevne, samtidig evne til å arbeide sjølvstendig
du er påliteleg, engasjert og ønsker å bidra til gode opplevingar for våre brukarar
du er ansvarsbevisst
du er punktleg
løysingsorientert og evner å tenkje framtidsrettet omkring tjenesten
du er positiv og kan takle høgt arbeidspress over tid.
du må vera strukturert og kunna handtera og ha oversikt over ulike oppgåver samstundes
Arbeidsoppgåver
legemiddelhåndtering
dokumentasjon, journalføring, tiltaksplanar og rapportsystem
sakshandsaming i tråd med gjeldende regelverk
erfaring med å sjå nytte av arbeidet i tverrfagleg team
god dialog med dei andre institusjonane i heradet
utføra teneste etter etiske retningslinjer, aktuelt lovverk og heradets regleverk
arbeid med fokus på brukarmedverknad og kva som er viktig for kvar enkelt i kvardagen
arbeid med velferdsteknologi
medansvarleg for eit godt arbeidsmiljø
Gyldig politiattest må leggast fram ved tilsetjing, samt arbeids- og opphaldstillatelse.
Me ynskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal gje eit bilete av folkesetnaden generelt. Me oppmodar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hjå oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller kulturell bakgrunn.
Etter søknadsfristen vert det sett opp ei offentleg søkjarliste som inneheld namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. I fylgje offentlighetsloven § 25 2. ledd kan opplysningar om søkjaren verta offentleggjort sjølv om søkjaren har bede om ikkje å verta oppført på søkjarlista. Søkjaren vert varsla dersom førespurnaden ikkje vert teken til fylgje
Ver vennleg og legg ved vitnemål og attestar til søknaden.
Link til søknadsskjema: Søk her
Søknadsknappen åpner den opprinnelige søknadsfunksjonen hos kilden, i tråd med NAVs vilkår.