2 x 25% engasjement ved Livskvalitet
Bjørnafjorden kommune Psykisk helse og rustenester
- Arbeidssted
- BJØRNAFJORDEN, OS, VESTLAND
- Publisert
- Søknadsfrist
- 7. okt. 2026
- Omfang
- Deltid
- Ansettelsesform
- Engasjement
- Antall stillinger
- 2
Stillingsdetaljer
Om Bjørnafjorden kommune
Bjørnafjorden kommune har over 26 000 innbyggjarar og rundt 1 800 engasjerte kommunalt tilsette. Vi har ein nær og inkluderande kommune, noko som kjem til uttrykk visjonen vår: «Det gode livet for alle». Som tilsett hos oss er du med på å løyse viktige samfunnsoppgåver og bidrar til auka livskvalitet for innbyggjarane våre. Hos oss har arbeidet ditt har verdi – og du betyr noko.
Avdeling Miljø og aktivitet, Psykisk helse og rustenester i Bjørnafjorden har ledig engasjement for sykkelreparatør/medarbeidar med brukarerfaring i Livskvalitet. Det er 2x25 % engasjement, og det er ledig frå snarast og til og med 31.08.2027.
Arbeidsstad og avdeling
Avdeling Miljø og aktivitet tilbyr ambulerande helsehjelp, oppfølging i eigen bustad og ulike tenester til menneske med samansette behov. Vi har særleg fokus på å fremje livskvalitet, meistring og aktivitet i kvardagen.
Livskvalitet
Eit lågterskeltilbod dagtilbod med arbeidstrening, aktivitet og gruppetilbod. Vi har mellom anna eigen sykkelverkstad og kaffibrenneri, samt tilbod innan utendørsterapi, gatelag fotball, klatring og terapiriding.
Arbeidsoppgåver
Reperasjon av syklar, ski og anna utstyr
Deltaking på Kontakto (lågterskel dagsenter)
Arbeid i kaffibrenneri
Butikkoppgåver
Matlaging
Bruke sin erfaring gjennom samtaler og deltaking i Livskvalitet sine aktivitetar
Kvalifikasjonar
Medarbeidar med brukarerfaring (MB)
Vi ser etter deg som
har brukarerfaring og som kan bruke denne på ein trygg og reflektert måte i møte med andre.
er god til å skape tillit, lytte og bidra til meistring, håp og brukarmedverknad.
samarbeider godt med både brukarar og fagpersonar, og har forståing for rolla som tilsett i kommunen.
Personlege eigenskapar vert vektlagt
Vi tilbyr
Eit inkluderande arbeidsmiljø der brukarerfaring blir verdsett som viktig kompetanse
Varierte og meiningsfulle arbeidsoppgåver i eit lågterskeltilbod med fokus på meistring, aktivitet og fellesskap
Opplæring, rettleiing og støtte i rolla som medarbeidar med brukarerfaring
Moglegheit til å bidra til utvikling av tenesta og styrkje brukarmedverknad i praksis
Samarbeid med engasjerte fagpersonar og kollegaer
Løn etter gjeldande avtaleverk
God pensjonsordning, yrkesskade- og gruppelivsforsikring
Mangfald og offentleg søkjarliste
Bjørnafjorden kommune er ein arbeidsplass som verdset likestilling og mangfald, der alle tilsette forpliktar seg til prinsippet om likeverd og bidreg til å skapa eit inkluderande arbeidsmiljø. Vi ønskjer eit mangfald av søkjarar og oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søkje, uavhengig av kjønn, alder, funksjonsevne, seksuell orientering, etnisk bakgrunn eller livssyn.
Etter utløpt søknadsfrist, vil det bli generert ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar kan bli offentlege sjølv om ein har kryssa av for å bli unnateke. Dersom anordninga ikkje vert teke til følgje vil søkjaren varslast om dette.
Vi vil aldri be søkjar om å oppgi BANK-ID informasjon i søknadsprosessen.
Link til søknadsskjema: Søk her
Søknadsknappen åpner den opprinnelige søknadsfunksjonen hos kilden, i tråd med NAVs vilkår.