Norge nå-logo
← Tilbake til Jobber i Norge

Overlege palliasjon 

Legar kreftavdelinga, Helse Møre og Romsdal HF

Arbeidssted
ÅLESUND, MØRE OG ROMSDAL
Publisert
Søknadsfrist
18. okt. 2026
Omfang
Heltid
Ansettelsesform
Fast
Antall stillinger
1

Stillingsdetaljer

Vil du vere med å forme framtidas palliative teneste i Møre og Romsdal?  Ved Kreftavdelinga Ålesund sjukehus har vi ledig 100 % fast stilling som overlege i palliativt team frå 1. april 2027.  Vi søkjer ein engasjert og fagleg sterk lege som ønskjer å bidra til utvikling av palliasjon som fagfelt, og til å gi pasientar og pårørande behandling og oppfølging av høg kvalitet.  Palliativ medisin er eit fagområde i sterk utvikling og omfattar avansert symptomlindring, medisinske vurderingar, kommunikasjon og tett samarbeid med både spesialist- og kommunehelsetenesta. Stillinga gir unikt høve til å arbeide breitt klinisk og samtidig bidra til fagutvikling, undervisning og samhandling på tvers av nivåa i helsetenesta.  Vi lyser i utgangspunktet ut stillinga som ei fast 100 % stilling, men vi oppmodar også legar som ønskjer deltidsstilling eller kombinasjonsstilling til å søkje. Det kan vere aktuelt å dele stillinga mellom to søkjarar, om ein ser dette som mest hensiktsmessig gjennom søknads - og tilsettingsprosessen.  Om palliativt team;  Palliativt team ved Ålesund sjukehus er organisert i Kreftavdelinga og arbeider tett saman med andre spesialistar, sjukepleiarar og andre faggrupper kring pasientar med alvorleg sjukdom og komplekse symptom. Teamet har ei sentral rolle i samhandlinga mellom sjukehuset og kommunane, og bidreg med rådgiving, rettleiing og kompetansebreidding til helsepersonell i heile regionen.  Arbeidet omfattar pasientar med kreftsjukdom, men og pasientar med andre alvorlege og livsavgrensande sjukdomar som har behov for spesialisert palliasjon.   ArbeidsoppgåverPolikliniske konsultasjonar  Oppfølging av inneliggande pasientar ved Sengepost for kreft og blodsjukdommar, og ved andre avdelingar  Vurdering og prioritering av tilvisingar Ambulant verksemd og heimebesøk   Deltaking i tverrfaglege møte   Rådgiving og rettleiing til helsepersonell i sjukehus og i kommunehelsetenesten Undervisning og kompetansebygging innan palliasjon  Bidra til kvalitetsarbeid, fagutvikling og vidareutvikling av tenesta  Eventuell deltaking i forsking og innovasjonsarbeid  KvalifikasjonarNorsk autorisasjon som lege  Godkjend spesialist innan relevant fagområde. Særleg aktuelle spesialitetar kan vere onkologi, anestesiologi, indremedisin, allmennmedisin eller andre fagområde med relevans for palliasjon Interesse for eller erfaring frå palliasjon  Gode ferdigheiter i norsk, både munnleg og skriftleg  Erfaring frå samhandling mellom kommune- og spesialisthelseteneste er ein fordel  Personlege eigenskaparVi ser etter deg som:  har eit sterkt engasjement for pasientbehandling og livskvalitet  møter pasientar og pårørande med respekt, tryggleik og empati  trivst med tverrfagleg samarbeid  er fagleg nysgjerrig og ønskjer å vidareutvikle tenesta arbeider sjølvstendig og strukturert  bidreg positivt til arbeidsmiljøet  Å vere personleg eigna vert vektlagt ved tilsetting. Vi tilbyrEi spennande stilling i eit fagområde med aukande betydning i helsetenesta Eit inkluderande og kompetent tverrfagleg fagmiljø  Varierte arbeidsoppgåver og høg grad av sjølvstende  Gode moglegheiter for kompetanseutvikling innan palliasjon  Løn etter gjeldande overeinskomstar Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår Vi ber om at attestar og vitnemål vert lasta opp som vedlegg til søknaden din. Ålesund er kåra til den vakraste byen i Norge. Ålesund sin vakre Jugendstilarkitektur er viden kjent. Eit mangfald av tårn, spir og vakre utsmykkingar er som teken ut av eit eventyr. Byen og omlandet har eit særs rikt kultur- og konsertliv med nasjonale og internasjonale artistar. Du kan og oppleve eit mangfold av fjordar, øyer og fjell som ventar på å få begeistre deg. Les meir om Ålesund og omland her.  KontaktinformasjonSynnøve Haram Rotnes, Seksjonsleiar, 90140721, synnove.haram.rotnes@helse-mr.no ArbeidsstadÅsehaugen 15 6017 Ålesund Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Helse Møre og Romsdal HF Referansenr.: 5185242166 Stillingsprosent: 100% Fast Søknadsfrist: 18.10.2026
Søk på stillingen

Søknadsknappen åpner den opprinnelige søknadsfunksjonen hos kilden, i tråd med NAVs vilkår.