Norge nå-logo
Tilbake til Jobber i Norge

Vil du vere med og servere matglede?

Avdeling matforsyning Haugesund Sjukehus

Arbeidssted
HAUGESUND, ROGALAND
Publisert
Søknadsfrist
25. sep. 2026
Omfang
Deltid
Ansettelsesform
Annet
Antall stillinger
1

Stillingsdetaljer

🍽️ Har du lyst til å jobbe i matforsyningstenesta vår og ta vakter ved behov? Som matvert blir du ein del av eit triveleg og engasjert team som sørgjer for gode måltidsopplevingar for pasientar, tilsette og besøkande på sjukehuset. Kvar dag bidreg vi til trivsel, omsorg og god ernæring gjennom mat laga med kvalitet og omtanke. 💙 Kvart år serverer vi rundt 100 000 porsjonar, og vi er stolte av å levere måltid som betyr mykje for dei som oppheld seg på sjukehuset. Helse Fonna set pasienten først. Difor legg vi stor vekt på ernæring og spesialkost, god næringsmiddelhygiene, kvalitet i alle ledd og ei serviceinnstilt tilnærming. ✨ Høyrest dette ut som noko for deg? Då håpar vi å høyre frå deg! Kva går jobben ut på?Servere smakfulle og næringsrike måltid til pasientar, tilsette og kantinegjester Førebu og gjennomføre buffet- og brettservering av fem daglege måltid frå pasientkantinene Sørgje for rydding, reinhald og oppvask i pasientkantiner og produksjonskjøkken Dagleg bruk av Helse Fonna sine system for mattryggleik, internkontroll (IK-Mat) og HACCP Ha kontakt med pasientar i samband med måltid og bidra til ei god måltidsoppleving Bidra til eit godt arbeidsmiljø og høg kvalitet i matforsyningstenesta Kva kompetanse er viktig i denne rolla?Erfaring frå storkjøkken, hotell, sjukehus eller andre helseinstitusjonar er ein fordel. Du har grunnleggande IKT-kompetanse og er komfortabel med å bruke elektroniske system og hjelpemiddel i arbeidskvardagen. Du har gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg. Du har interesse for mat, service og gode måltidsopplevingar. Kva ser vi etter hos deg?Hos oss er det viktig at du: er ein lagspelar, men òg trygg på eigne vurderingar held høg standard på det du leverer – og stiller krav til deg sjølv er førebudd på fysiske utfordringar som krev mykje gåing er sjølvstendig tilpassar deg nye arbeidsmåtar og oppgåver Me søkjer deg som har grunnleggjande serviceinnstilling og kan visa ein god kundebehandling, med vekt på kvalitet og effektivitet. 🌟Kvifor skal du velje oss?Du blir ein del av eit godt arbeidsmiljø med fokus på trivsel, samarbeid og eit systematisk HMS-arbeid. Du får spennande og varierte arbeidsoppgåver innan matforsyning i sjukehus. Du blir del av ei viktig teneste som bidreg til gode opplevingar for pasientar, tilsette og besøkjande. Vi tilbyr gode forsikringsordningar og ei konkurransedyktig pensjonsordning gjennom KLP, ein av dei beste pensjonsleverandørane i Noreg. Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse. KontaktinformasjonBjarte Halleraker, Avdelingsleiar, 95180683 ArbeidsstadKarmsundgata 120 5528 HAUGESUND Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Helse Fonna HF Referansenr.: 5174316993 Stillingsprosent: 0% Anna Søknadsfrist: 25.09.2026
Søk på stillingen

Søknadsknappen åpner den opprinnelige søknadsfunksjonen hos kilden, i tråd med NAVs vilkår.