Miljøarbeidar
Stend Vgs
- Arbeidssted
- BERGEN, FANA, VESTLAND
- Publisert
- Søknadsfrist
- 30. sep. 2026
- Omfang
- Heltid
- Ansettelsesform
- Fast
- Antall stillinger
- 2
Stillingsdetaljer
Stend vidaregåande skule har om lag 550 elevar innan naturbruk, idrettsfag, sal, service og reiseliv, påbygging til generell studiekompetanse og klassar med redusert elevtal. Skulen ligg vakkert til ved Fanafjorden i Bergen kommune og har om lag 200 tilsette. Stend vidaregåande skule arbeider aktivt med å utvikle organisasjonen og studietilbodet, slik at tilbodet til den einskilde eleven skal bli best mogleg. Skulen har store ambisjonar, og har som mål å vere leiande innanfor dei programområda skulen tilbyr. Stend har fokus på læring gjennom praksis og tett samarbeid med næringslivet. Skulen har for tida 10 klassar med redusert elevtal innan yrkesfagleg grunnutdanning, arbeidstrening og kvardagslivstrening. I tillegg gjev skulen nokre elevar opplæring gjennom individuelle tiltak. Desse stillingane vil i all hovudsak ha arbeidsoppgåvene sine knytte til kvardagslivstrening
ArbeidsoppgåverStøtte den einskilde eleven sitt læringsarbeid og fremje trivsel gjennom målretta rettleiing og aktiv medverknad til eleven si faglege og sosiale utvikling
Arbeide systematisk for å hjelpe elevane med å utvikle ferdigheiter som gjer dei i stand til å meistre eit mest mogleg sjølvstendig liv som vaksne.
Gjennomføre aktivitetar og læringsøkter i tråd med pedagogiske planar.
Samarbeide tett med lærarar, miljøarbeidarar og leiar for å nå pedagogiske mål.
Stillingane innbefattar og arbeid på TIV (Tilsysnordninga i den vidaregåande skulen)
KvalifikasjonarVi søkjer personar med kompetanse og erfaring frå arbeid retta mot barn og ungdom med samansette utfordringar.
Det er ønskjeleg med minimum fagbrev.Personlege eigenskaparDu har gode samarbeidsevner og høg relasjonskompetanse.
Du trivst med å arbeide i team, samstundes som du evnar å jobbe sjølvstendig.
Du er tålmodig, raus, tydeleg og strukturert.
Du er fleksibel og løysingsorientert, og handterer uventa endringar i arbeidskvardagen på ein god måte.
Du er positiv, lærevillig og har eit godt humør.
Du er trygg i arbeid med ungdom som kan ha utfordrande åtferd.
Personlege eigenskapar vil bli tillagd stor vekt i denne stillinga.
Vi tilbyrLøns- og arbeidsvilkår fastsett i lov og avtaleverk.
Gode forsikrings- og pensjonsordningar.
Stend er ein arbeidsplass med godt sosialt miljø og stor fagleg breidde, der du vert inkludert i eit aktivt og positivt miljø.
Andre opplysningar:
Administrasjonsmålet i fylkeskommunen er nynorsk.
Alle nytilsetjingar vert gjort med ei prøvetid på 6 månader.
Den som skal tilsetjast i vidaregåande skule må leggje fram politiattest.
Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort.KontaktinformasjonAnne-Kjersti Lien, avdelingsleiar, 41673710
ArbeidsstadFanavegen 249
5244 Fana
Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Vestland fylkeskommune
Referansenr.: 5179051282
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 30.09.2026
Søknadsknappen åpner den opprinnelige søknadsfunksjonen hos kilden, i tråd med NAVs vilkår.