Norge nå-logo
← Tilbake til Jobber i Norge

Avdelingsdirektør

Kultur- og likestillingsdepartementet

Arbeidssted
OSLO
Publisert
Søknadsfrist
13. nov. 2026
Omfang
Heltid
Ansettelsesform
Fast
Antall stillinger
1

Stillingsdetaljer

Om stillingaKorleis sikrar vi eit sterkt og uavhengig medielandskap i ei tid prega av raske teknologiske endringar? Korleis byggjer vi motstandskraft mot desinformasjon og vernar den offentlege samtalen? Og korleis utviklar vi ein ansvarleg pengespelpolitikk som tek vare på sårbare grupper og samtidig møter nye utfordringar i ein digital marknad? Kultur- og likestillingsdepartementet søkjer ein strategisk og utviklingsorientert avdelingsdirektør til seksjon for medie- og pengespillpolitikk. Dette er ei sentral leiarstilling i skjeringspunktet mellom politikk, teknologi, jus og samfunnsutvikling, med ansvar for område som har stor betydning for demokratiet, ytringsfridomen og tilliten i samfunnet. Seksjonen har ansvar for medie- og pengespelpolitikk, ansvar for etatsstyringa av Medietilsynet og Lotteri- og stiftelsestilsynet, samt eigarstyring av Norsk rikskringkasting (NRK) og Norsk Tipping. Fagområda er prega av mykje regelverk og EØS-rett og dei har stor offentleg interesse. Som leiar vil du spele ei sentral rolle i utviklinga og gjennomføringa av regjeringa sin politikk på desse områda.  Seksjonen består av ti høgt kvalifiserte medarbeidarar med variert fagleg bakgrunn.  ArbeidsoppgåverSom avdelingsdirektør vil du ha ansvar for å: leie, organisere og følgje opp arbeidet i seksjonen ha resultatansvar for oppgåvene i seksjonen ha personalansvar for dei tilsette i seksjonen utvikle fagområda og medarbeidarane bidra til å leie og utvikle avdelinga samarbeide med den politiske og administrative leiinga i departementet og bidra til å utforme og setje regjeringa sin politikk innan medie- og pengespelområdet   Avdelingsdirektøren er medlem av leiargruppa i avdelinga og rapporterer til ekspedisjonssjefen. Søkjarar må vere budde på at det kan skje endringar i porteføljen til seksjonen og avdelinga, og på å samarbeide tett på tvers av seksjonar og avdelingar i departementet. KvalifikasjonarFor å være kvalifisert til stillinga må du ha: relevant høgare utdanning på masternivå, fortrinnsvis innan jus, samfunnsvitskap, mediefag, økonomi eller tilsvarande erfaring frå offentleg sektor eller annan relevant verksemd med komplekse styrings- og beslutningsprosessar god forståing for samspelet mellom politikk og forvaltning og for embetsrolla svært god munnleg og skriftleg framstillingsevne på norsk og engelsk forståing for samspelet mellom teknologiutvikling, regulering  og samfunn Det er ein fordel om du har relevant leiarerfaring, enten som prosjektleiar, leiar for utviklingsarbeid eller som personalleiar erfaring frå departement eller anna sentral statsforvaltning erfaring frå regelverksarbeid eller politikkutforming kjennskap til eitt eller fleire av seksjonen sine ansvarsområda   Vi vil òg leggje vekt på motivasjonen din for stillinga og arbeidsområda. Personlege eigenskaparVi ser etter ein leiar som evnar å skape retning, motivasjon og gode rammer for høgt kompetente og sjølvstendige medarbeidarar arbeider strategisk og har evne til å sjå samanhengar i komplekse problemstillingar er analytisk, lærevillig og rask til å setje seg inn i nye saksområde byggjer tillit, utviklar gode samarbeidsrelasjonar og fremjar lagånd tek initiativ og ansvar, også når saker krev raske avklaringar og prioriteringar er trygg i møte med politisk og administrativ leiing bidreg til utvikling og nytenking gjennom ein løysingsorientert og framoverlent arbeidsmåte   Personleg eignaheit vil bli tillagd stor vekt. Vi tilbyrei sentral leiarstilling med stor samfunnsmessig betydning moglegheit til å påverke utviklinga av viktige politikkområde utfordrande oppgåver i skjeringspunktet mellom politikk, samfunn, teknologi og jus eit sterkt fagmiljø med høgt kompetente medarbeidarar deltaking i ei erfaren og engasjert leiargruppe innplassering som Avdelingsdirektør med stillingskode 1218 med ei brutto årslønn frå kr 1 060 000 til kr 1 270 000 fleksibel arbeidstid, med sommar- og vintertid høve til å trene i arbeidstida, tilgang til treningsrom og treningstilbod medlemskap i Statens pensjonskasse (SPK) med gode vilkår for pensjon, bustadlån og forsikring BetingelsarStillinga er eit embete, og du må difor vere norsk statsborgar for å bli tilsett. Det er òg eit krav at du kan bli tryggleiksklarert for nivå HEMMELIG. Klausul om mogleg karantene og saksforbod ved overgang til ny stilling utanfor staten inngår i arbeidsavtalen. Vi bruker bakgrunnssjekk frå Semac i rekrutteringsprosessane våre, og godkjend bakgrunnssjekk er ein føresetnad for tilsetjinga. Inkluderande arbeidsliv og mangfaldVi meiner at mangfald er ein styrke. Vi ønskjer medarbeidarar med ulik kompetanse og livserfaring og ulike fagkombinasjonar og perspektiv slik at vi kan løyse oppgåvene våre endå betre. Kultur- og likestillingsdepartementet har som mål å tilsetje fleire personar frå underrepresenterte grupper. Les meir om krava for positiv særbehandling på Arbeidsgiverportalen. Vi vil leggje til rette for medarbeidarar som har særskilde behov. Aktuelle tiltak kan til dømes vere å skaffe tekniske hjelpemiddel, tilpasse møblar eller endre rutinar, arbeidsoppgåver og arbeidstid. Er dette stillinga for deg? Les dette:Vi er opptekne av kva du kan, kva erfaringar du har, og kva kompetanse du bringer med deg. Derfor vil vi stille deg nokre faglege spørsmål som erstattar den tradisjonelle søknadsteksten.  Vi ber om at du lastar opp vitnemål/karakterutskrifter (som kan hentast direkte frå Vitnemålsportalen) og relevante attestar. Utanlandske vitnemål må vere godkjende. Sjå meir på hkdir.no. Vi tek vare på personopplysningane dine i samsvar med GDPR. Ver merksam på at opplysningar om deg kan bli offentleggjort sjølv om du har bede om å bli unnateken frå søkjarlista. Du blir i så fall orientert om dette på førehand. Kvalifiserte kandidatar med ulik arbeids- og livserfaring blir oppmoda til å søkje.   Tilleggsinformasjon Kontaktpersonar: Dersom du har spørsmål om stillinga, er du velkomen til å ta kontakt med ekspedisjonssjef Heidi Karlsen på telefon: 48026077 eller e-post: Heidi.Karlsen@kud.dep.no Dersom du har spørsmål om rekrutteringsprosessen, er du velkomen til å ta kontakt med senior rekrutteringsrådgjevar Vanessa Gilje Bergan på telefon: 99425275 eller e-post vanessa-gilje.bergan@dss.dep.no
Søk på stillingen

Søknadsknappen åpner den opprinnelige søknadsfunksjonen hos kilden, i tråd med NAVs vilkår.