Fagarbeidar/elevrettleiar
Vest-Telemark vgs tilrettelagt opplæring, Telemark Fylkeskommune
- Arbeidssted
- TOKKE, DALEN, TELEMARK
- Publisert
- Søknadsfrist
- 30. okt. 2026
- Omfang
- Deltid
- Ansettelsesform
- Vikariat
- Antall stillinger
- 1
Stillingsdetaljer
Vi treng fleire folk på laget vårt og har ledig stilling som elevrettleiar. Stillinga er eit vikariat fram til 1.november 2027 og fyller 70% (62,3%). Du jobbar alle dagar heile veka (26 t/v), men har fri i alle helger og i elevane sine feriar med unntak av 5 planleggingdagar i løpet av skuleåret.
Vår visjon er: Alle kan, me hjelper deg fram. I denne stillinga skal du samarbeide om tett oppfylging av elevar som som har indivduelt tilrettelagt opplæring på AHT-avdelinga eller for elevar på dei andre avdelingane som treng støtte i skulekvardagen. Det betyr at du skal vere ein trygg og god vaksen, ein god rollemodell for elevane og du skal gjere deg kjent med tilretteleggingsbehovet for elevane, for å samarbeide med faglærarar, kontaktlærar og leiinga til beste for eleven og skulen.
ArbeidsoppgaverTil stillinga vil det ligge ansvar for opplæring i ADL-ferdigheiter, planlegge og utføre praktisk arbeid saman med elevar og å delta i variert fysisk aktivitet inne og ute gjennom heile året.
Stillinga ligg til avdeling for tilrettelagt opplæring, men du må vere førebudd på å fylgje opp elevar på alle programområda vi tilbyr:
Utføre oppgåver som er planlagt av faglærar for elevar som treng ekstra støtte i fag
Delta i planlegging og ansvar for gjennomføring av praktiske arbeidsoppgåver
Som arbeidstrening saman med elev utføre manuelt arbeid ute og inne, som snørydding, vedproduksjon, rydde kvist, arbeid med dyr og liknande.
Følgje opp elevar som skal øve på aktivitetar i dagleglivet, herunder også fysisk trening ma. bassengaktivitetar
Følgje opp elevar som treng støtte i skulekvardagen av årsaker knytt til fysisk og/eller psykisk helse
Følgje opp avtaler som er gjort rundt enkeltelevar og klasser
Støttefunksjon i undervisning på yrkesfag både i teknologi- og industrifag, elektrofag og helse- og oppvekstfag
Kvalifikasjoner (overskrift)Utdanning:
Du må ha fullført vidaregåande skule
Det er ynskjeleg at du har fagbrev som barne- og ungdomsarbeidar eller helsefagarbeidar
Det er ynskjeleg av du har spesialpedagogisk utdanning frå fagskule
Erfaring:
Du bør ha erfaring med opplæring og/eller tilrettelagt arbeid for ungdommar eller vaksne personar
Du bør:
Like å vere saman med ungdommar
Vere god på kommunikasjon og vere ein god lyttar og samtalepartnar.
Ha gode samarbeidsevner - like å jobbe i team
Vere løysingsorientert, fleksibel og kunne takle uføresette hendingar i skulekvardagen, og kunne tilpasse arbeidet ut frå dette.
Vere kreativ og nevenyttig og like å utføre praktisk arbeid
Like å vere i fysisk aktivitet ute og inne til alle årstider
Personlege eigenskapar blir vektlagt
I denne stillinga har du rett på ein av dei sikraste pensjonsordningane i landet: offentleg tenestepensjon. Der dei fleste tjenestepensjonar berre blir utbetalt i 10 år, er offentleg tenestepensjon ei utbetaling som varer frå den dagen du sluttar å arbeide - og livet ut! Pensjonen inkluderer og uføre- og etterlattepensjon dersom noko uventa skulle skje. Med pensjonsrett i KLP får du også medlemspris og gunstige vilkår på ei rekke bank-, forsikring- og spareprodukt. Du finn meir informasjon på heimesida til KLP (klp.no)
KontaktinformasjonBirgit Johanne K. Olsnes, Avdelingsleder undervisning, 46902166
ArbeidsstedStorvegen 195
3880 Dalen
Nøkkelinformasjon:Arbeidsgiver: Telemark Fylkeskommune
Referansenr.: 5195498759
Stillingsprosent: 70%
Vikariat
Startdato: 09.11.2026
Sluttdato: 29.10.2027
Søknadsfrist: 30.10.2026
Søknadsknappen åpner den opprinnelige søknadsfunksjonen hos kilden, i tråd med NAVs vilkår.