Norge nå-logo
← Tilbake til Jobber i Norge

Kvednatunet

Øygarden kommune Kvednatunet

Arbeidssted
ØYGARDEN, ÅGOTNES, VESTLAND
Publisert
Søknadsfrist
18. okt. 2026
Omfang
Deltid
Ansettelsesform
Vikariat
Antall stillinger
2

Stillingsdetaljer

Vi i Øygarden kommune arbeider aktivt for å tilpasse oss morgondagens behov og sikre gode tenester til våre innbyggjarar. Vi legg stor vekt på fagleg kvalitet, utvikling og trivsel blant våre tilsette. For å få til dette, er vi avhengige av eit godt arbeidsmiljø kor samarbeid på tvers av avdelingar og mellom faggrupper finn stad. Vi er opptatt av at vi saman arbeider for å få dette til. Engasjerte medarbeidarar som jobbar strukturert, effektivt og gjerne kjem med innspel til endring er verdifullt i kommunen sitt oppdrag med å tilby berekraftige tenester. Om avdelinga: Kvednatunet er ein omsorgsbustad med heildøgns tenester for personar med demensdiagnose. . Huset består av 40 leilegheiter fordelt på 4 bufellesskap. Her er stor tverrfaglegheit med lege 2 dagar i veka, sjukepleiarar, helsefag og musikkterapeut med fleire for å prøve dekke bebuarane sine behov. Kvednatunet er lokalisert på Ågotnes om lag 10 min frå Straume. Det er gratis parkering for tilsette. Vi søkjer ein initiativrik og sjølvstendig reinhalder, kor 20 % helgearbeid inngår i pleietenesta ArbeidsoppgåverReinhald av fellesareal Reinhald av husvære/bebuarrom Andre reinhaldsoppgåver etter behov Deler av stillinga er pleie på helg. I det legg vi grunnleggjande pleie, miljøarbeid og tryggleikskapande tiltak. Dokumentasjon i tråd med gjeldande rutinar KvalifikasjonarFagbrev innan reinhald, assistent med erfaring frå reinhald, ønskeleg med erfaring frå arbeid med eldre. Personlege eigenskaparEr ansvarsbevisst og påliteleg Kan arbeide sjølvstendig og i samarbeid med andre Har interesse for å bidra til eit reint, triveleg og trygt miljø for bebuarar og tilsette Har gode norskkunnskapar, munnleg og skriftleg Vi legg vekt på at du er personleg egna Vi tilbyr:Gode pensjons- og forsikringsordningar Motiverte og kunnskapsrike kollegaer Interessante utfordringar Høve til fagleg og personleg utvikling Kontakt: Avdelingsleiar Beate Lønningen telefon : 91673031 Avdelingsleiar Bodil Janne Giil Telefon :916 73 032 Einingsleiar Ingrid-Alice Ingebrigtsen : 97537243   Øygarden kommune ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre medarbeidarar i størst mogleg grad skal spegla mangfaldet i befolkninga. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller minoritetsbakgrunn. Som IA-verksemd ønskjer kommunen å leggja til rette for arbeidsforholda dersom du har behov for det. Etter utløpet til søknadsfristen, vert det sett opp ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar, kan verta offentlege sjølv om søkjaren har bede om ikkje å vert ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teken til følgje, vert søkjaren varsla om dette. Ved vurderinga av om ei slik oppmoding skal takast til følgje, skal det leggjast vekt på om det knyter seg særleg offentleg interesse til stillinga. Link til søknadsskjema: Søk her
Søk på stillingen

Søknadsknappen åpner den opprinnelige søknadsfunksjonen hos kilden, i tråd med NAVs vilkår.