Barnehageassistent 80 % vikariat
Edland barnehage, Vinje kommune
- Arbeidssted
- VINJE, EDLAND, TELEMARK
- Publisert
- Søknadsfrist
- 12. okt. 2026
- Omfang
- Deltid
- Ansettelsesform
- Vikariat
- Antall stillinger
- 1
Stillingsdetaljer
Edland barnehagen søkjer ein trygg kollega som vil bidra til leik, læring og gode opplevingar i barnehagen.
Me er den nordvestlegaste barnehagen i Vinje kommune, og er ein av fire kommunale barnehagar.
I Edland er naturen rett utanfor døra. Her gjev fjell, skog og vatn fine moglegheiter for leik, utforsking og gode naturopplevingar året rundt. Me ligg nær skule, svømmebasseng, bibliotek, sykkelpark, turstiar og ljosløype.
I barnehagen er me 14 tilsette. Det er ei god blanding av pedagogar, fagarbeidarar, assistentar og matansvarleg.
Alle har mykje og god kunnskap om barn og barns utvikling.
Vil du vera med å skape eit trygt, godt og inkluderande miljø for barn?
Har du evne til å skape gode relasjonar til barn, og eit ynskje om å vera med å forme kvardagen til barn?
Har du lyst til å vera med å utvikle og prege arbeidet i Edland barnehage? Då vil me gjerne ha deg med på laget!
Velkomen som søkjar!
ArbeidsoppgåverAktiv deltaking i det pedagogiske arbeidet på avdeling
Medansvar for å skape eit trygt, godt og inkluderande miljø for barna
Arbeide fagleg og utforskande - med barnehagelova og rammeplanen i ryggen
Bidra til lærande fellesskap i barnehagen
Medansvar for å skape eit godt arbeids- og samarbeidsmiljø
Bidra til at barnehagen har eit godt omdømme
KvalifikasjonarYnskjeleg med erfaring med barn i alderen 1-6 år
Norskferdigheiter jf barnehagelova §27
Personlege eigenskaparDu er ein aktiv og tilstadesverande vaksen som ser kvart barn, lyttar til det barna ønskjer å formidle og møter dei med omsorg, interesse og respekt. Du skaper trygge relasjonar
Du kommuniserer godt med kollegaer, barn, føresette
Du er glad i å vera i aktivitet, både inne og ute
Du er stabil og påliteleg
Du trivst i ein hektisk kvardag
Du er positiv og bidreg til eit godt arbeidsmiljø
Me tilbyrEin barnehage der naturen er tett på; skogen, fjellet og nærmiljøet er vår leikeplass
Ein kvardag med fokus på leik, opplevingar og utforsking
Varierte og spanande utfordringar
Ein arbeidsplass prega av humor og glede
Løn etter lokal lønstabell
God forsikrings- og pensjonsordning
Aktivitetskortordning med gåvekort, og mogelegheit for å vinne flotte premiar
I Vinje kommune er det offisielle styringsmålet nynorsk. Alle tilsette pliktar å nytte nynorsk skriftspråk i tenesta.
I samsvar med offentleglova § 25 kan namn på søkjarane offentleggjerast.
Vinje kommune er oppteken av mangfald, og ynskjer at tilsette i kommunen reflekterer mangfaldet i lokalsamfunnet. Me oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søkje uansett alder, kjønn, funksjonsevne eller kulturell bakgrunn.
Ved tilsetjing blir det stilt krav om politiattest, jf Barnehagelova §30. Attesten skal ikkje vera eldre enn 3 månadar og skal ikkje leverast med søknaden.
Aktuelle kandidatar blir kontakta, og kalle inn til intervju.
KontaktinformasjonAnita Stenberg Mandt, Assisterande verksemdsleiar, 47673979, anita.stenberg.mandt@vinje.kommune.no
ArbeidsstadStoregutvegen 50
3895 Edland
Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Vinje kommune
Referansenr.: 5186142243
Stillingsprosent: 80%
Vikar
Startdato: 15.10.2026
Sluttdato: 15.08.2027
Søknadsfrist: 12.10.2026
Søknadsknappen åpner den opprinnelige søknadsfunksjonen hos kilden, i tråd med NAVs vilkår.