Norge nå-logo
← Tilbake til Jobber i Norge

Pedagog i visuelle kunstfag 

Kulturskule

Arbeidssted
KVAM, NORHEIMSUND, VESTLAND
Publisert
Søknadsfrist
17. nov. 2026
Omfang
Deltid
Ansettelsesform
Vikariat
Antall stillinger
1

Stillingsdetaljer

Me søkjer etter deg som viser kjærleik til kunsten og faget, og vil utforska i lag med elevane våre!    Kvam kulturskule har om lag 400 elevar og 20 lærarar og underviser i alle skulekrinsane i heradet. Me tek utgangspunkt i det som bur i kvar enkelt elev og skapar trygge rammer. Kvam kulturskule ynskjer å vera eit kulturelt kraftsenter med eleven i sentrum. Me ynskjer ein fagleg og pedagogisk dyktig lærar som er interessert i å driva vidare kulturarven og handverket, samt vera open og nyskapande. Me ynskjer at elevane våre skal få læra, oppleva, skapa og formidla kunst og kultur gjennom eigen aktivitet og i fellesskap med andre.  Sjå her for meir informasjon om oss: https://www.kvam.no/tenester/kultur-idrett-og-fritid/kvam-kulturskule/ ArbeidsoppgåverUndervisa i visuelle kunstfag, primært for barn og ungdom i ulike bygder i kommunen.  Arbeid med elevgrupper KvalifikasjonarKunstfagleg utdanning på høgskule-/universitetsnivå innan skapande kunstfag. Søkjarar som ikkje tilfredstiller desse krava, kan tilsetjast dersom tilsvarande realkompetanse eller relevant utdanning kan dokumenterast.  Erfaring frå undervisning / pedagogisk arbeid  Gode utøvande ferdigheiter innan visuelle kunstfag  Grunnleggjande IT-kunnskapar, og evne og interesse for å tilegna seg kunnskap innan ny teknologi Førarkort og tilgang til bil Personlege eigenskaparDu er ein trygg lærar som gjev opplæring av høg fagleg og pedagogisk kvalitet Du er serviceinnstilt og engasjert, fleksibel, raus og inkluderande Du er venleg og har respekt for andre, viser kjærleik til kunsten og faget, og utforskar gjerne i lag med elevane våre Du er samarbeidsvillig og bidreg positivt inn i kollegiet Vi tilbyrGode kollegaer i eit godt arbeidsmiljø og varierte arbeidsoppgåver Løn etter gjeldande tariffavtale og lokalt lønssystem Gode pensjons-/og forsikringsordningar   Generell informasjon: Søknadar må sendast via Webcruiter for å verta registrert på utlysingssak Ber om at du lastar opp vitnemål og attestar saman med søknaden i Webcruiter I Kvam herad er det offisielle styringsmålet nynorsk. Alle tilsette i alle kommunale organ pliktar å nytta nynorsk skriftspråk i tenesta. Me gjer merksam på at etter offentleglova § 25 kan opplysningar om søkjaren bli offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teke til følgje, vert søkjaren varsla om dette. Den kommunale organisasjonen skal i størst mogleg grad spegla mangfaldet i folkesetnaden. Målet er difor å oppnå ei balansert samansetjing når det gjeld alder, kjønn og kulturell bakgrunn. Kvam herad ønskjer å inkludera og leggja til rette for personar med nedsett funksjonsevne. KontaktinformasjonAnne Cathrine Eiken, Kulturskulerektor, +47 975 16 771 ArbeidsstadGrovagjelet 5600 Norheimsund Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Kvam herad Referansenr.: 5204385432 Stillingsprosent: 30% Vikar Startdato: 01.01.2027 Sluttdato: 31.12.2027 Søknadsfrist: 17.11.2026
Søk på stillingen

Søknadsknappen åpner den opprinnelige søknadsfunksjonen hos kilden, i tråd med NAVs vilkår.