Norge nå-logo
← Tilbake til Jobber i Norge

Utbyggingsleiar

Teknisk drift og infrastruktur, Vinje kommune

Arbeidssted
VINJE, TELEMARK
Publisert
Søknadsfrist
8. nov. 2026
Omfang
Heltid
Ansettelsesform
Fast
Antall stillinger
1

Stillingsdetaljer

Vinje kommune står framfor fleire spennande og omfattande utbyggingsprosjekt og søkjer difor ein utbyggingsleiar i 100 % fast stilling. Stillinga er organisert i tenesteområdet Teknisk drift og infrastruktur (TDI) og rapporterer til kommunalsjef TDI. Utbyggingsleiaren vil ha det overordna ansvaret for kommunen si prosjektportefølje innan byggje- og anleggsprosjekt, og spele ei sentral rolle i planlegging, styring og gjennomføring av prosjekt frå tidlegfase til ferdigstilling. Teknisk drift og infrastruktur er ei sentral eining i kommunen og har ansvar for drift, vedlikehald og forvaltning av mellom anna veg, vatn, avløp og kommunale bygg. Eininga har òg ansvar for prosjekt- og byggjeleiing av kommunen sine investeringsprosjekt innan desse fagområda. Prosjekta spenner frå mindre vedlikehalds- og rehabiliteringstiltak til større og komplekse utbyggingar, som til dømes skulebygg, helsebygg, vassverk, avløpsanlegg og veganlegg. Utbyggingsleiaren vil vere ein sentral pådrivar for å sikre god framdrift, kvalitet, økonomistyring og måloppnåing i prosjekta. ArbeidsoppgåverLeie og koordinere kommunale bygge- og anleggsprosjekt frå tidlegfase til ferdigstilling. Vere byggherre sin representant i gjennomføringa av prosjekt.  Planlegge og fylgje opp prosjekt i høve framdrift, økonomi, kvalitet og HMS. Utarbeide og fylgje opp konkurransegrunnlag, anbod og kontrakter i tråd med gjeldande regelverk.  Leie og koordinere prosjekteringsarbeid i samarbeid med rådgjeverar, brukarar og andre relevante aktørar. Utarbeiding av politiske saker, og rapportering til administrativ og politisk leiing. Delta i budsjett- og økonomiplanarbeid knytt til investeringsprosjekt. Delta i utvikling og oppfølging av kommunen si investeringsportefølje. Oppgåver knytt til drift og forvaltning innanfor tenesteområda kan òg inngå i stillinga.  KvalifikasjonarIngeniørutdanning frå høgskule eller universitet innan bygg eller andre relevant fagområde. Erfaring frå prosjektleiing og byggjeleiing.  God forståing for økonomistyring, kontraktsoppfølging og prosjektgjennomføring. Erfaring frå prosjektering er ynskjeleg. Personlege eigenskaparEvne til å arbeide sjølvstendig og strukturert. Gode samarbeidsevner og evne til å skape resultat i samhandling med andre. God munnleg og skriftleg framstillingsevne. Vi tilbyrGode forsikrings- og pensjonsordningar Faglege oppdaterte og dyktige kollegaer Arbeidsmiljø med fokus på den gode arbeidsplassen  Løn etter avtale og kvalifikasjonar. Stillinga er plassert i HTA kapittel 5. Kilometergodtgjering etter statens satsar, mellom arbeidsstadene Gode barnehagetilbod  I Vinje kommune er det offisielle styringsmålet nynorsk. I samsvar med offentleglova § 25 kan namn på søkjarane offentleggjerast.  Aktuelle søkjarar blir kalla inn til intervju  KontaktinformasjonKjetil Midtgarden Vaagen, Kommunalsjef teknisk drift og infrastruktur, 41447411, kjetil.vaagen@vinje.kommune.no ArbeidsstadVinjevegen 192 3890 Vinje Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Vinje kommune Referansenr.: 5188305885 Stillingsprosent: 100% Fast Søknadsfrist: 08.11.2026
Søk på stillingen

Søknadsknappen åpner den opprinnelige søknadsfunksjonen hos kilden, i tråd med NAVs vilkår.