Deltidsekspeditør
Vinmonopolet
- Arbeidssted
- KINN, MÅLØY, VESTLAND
- Publisert
- Søknadsfrist
- 2. des. 2026
- Omfang
- Deltid
- Ansettelsesform
- Fast
- Antall stillinger
- 1
Stillingsdetaljer
Vil du bli ein del av Noregs beste faghandel?I butikken vår i Måløy jobbar vi kvar dag for å skape gode kundeopplevingar. Vi søkjer ein engasjert og dyktig kollega – er dette deg?
Medarbeidarane våre er kjende for høg kompetanse og god service. Som butikkmedarbeidar hos oss er du Vinmonopolets viktigaste ansikt utetter, og ved å rettleie kundane i vareutvalet bidrar du til gode kundeopplevingar. Du er òg med på å sikre at vi sel med ansvar ved å ikkje selje til mindreårige eller rusa personar. Stillinga er på 4 timar i gjennomsnitt per veke. Du treng ingen forkunnskapar så lenge du har lyst til å lære!
Kva kan vi tilby deg?
Vi er først og fremst trivelege og dyktige folk som har eit sterkt engasjement for faget vårt, kundane våre og samfunnsoppdraget vårt. Vi er i tillegg opptatt av å skape ein inkluderande kultur, der alle skal kjenne seg velkomne og kunne vere seg sjølve.
Dyktige og engasjerte kollegaer
Eit hyggjeleg og inkluderande arbeidsmiljø
Grundig opplæring som gir unik kompetanse innanfor faget vårt, og jamleg varefagleg oppdatering
Bli ein del av ein raus og inspirerande delingskultur
Bli ein del av ei verksemd med eit viktig samfunnsoppdrag, og som har berekraft høgt på dagsordenen
Gode lønns- og arbeidsvilkår og medlemskap i Statens pensjonskasse, som gir gode forsikringsordningar
Arbeidsoppgåvene dine vil vere:
Skape det beste kundemøtet ved å gi kunderettleiing om produkta våre
Sikre ansvarleg sal ved å ikkje selje til mindreårige eller rusa personar, og førebyggje langing
Kassaarbeid og handtering av pengar
Rutinar og aktivitetar i samband med varehandtering
Anna førefallande butikkarbeid
Opne og stenge butikken
Ansvar for oppgjer
Personlege eigenskapar:
Du er blid og serviceinnstilt
Du brenn for å gi det beste kundemøtet
Du er engasjert, fleksibel og opptatt av å finne gode løysingar
Du evnar å sjå, lytte og forstå behova til ulike menneske
Som person er du ein lagspelar og jobbar godt saman i team
Du har god formidlingsevne
Som tilsett hos oss identifiserer du deg med verdiane våre: raus, solid og dynamisk
Kvalifikasjoner:
For å jobbe hos oss må du ha fylt 20 år og ha gode norskkunnskapar
Du bør ha fullført treårig vidaregåande opplæring (eller tilsvarande)
Det er ønskjeleg at du har god digital kompetanse.
Høyrest dette ut som noko for deg? Søk på stillinga! Ta kontakt med butikksjef Espen Langvik på tlf. 934 91 545 eller e-post espen.langvik@vinmonopolet.no viss du har spørsmål om stillinga.
Send søknad elektronisk via lenkja på denne sida.
Søknadsfrist: 2 desember 2026
I Vinmonopolet har vi eit sterkt fokus på samfunnsansvar og ansvarleg sal av alkohol. Vi er medvitne om å skape ei balansert samansetjing når det gjeld alder, kjønn, kjønnsidentitet, seksuell orientering og kulturell bakgrunn
Tilsetjing i Vinmonopolet skjer på dei vilkåra som til kvar tid går fram av gjeldande lover, reglar og tariffar. Vinmonopolet er omfatta av føresegnene i offentleglova om rett til innsyn i søkjarlister. Etter utløpet av søknadsfristen vil det bli utarbeidd offentleg søkjarliste. Ein søkjar kan bli ført opp på søkjarlista sjølv om vedkommande har bede om konfidensiell behandling. Søkjaren vil i så fall bli varsla før søkjarlista blir offentleg.
Les meir om personvern i Vinmonopolet: https://www.vinmonopolet.no/personvern (https://www.vinmonopolet.no/personvern)
Treng du hjelp til å fylle ut det elektroniske søknadsskjemaet, kan du kontakte Jobbnorges kundeservice på telefon 75 54 22 20.
Søknadsknappen åpner den opprinnelige søknadsfunksjonen hos kilden, i tråd med NAVs vilkår.