Barne- og ungdomsarbeidarar, vikariat barnehage
Gulen kommune
- Arbeidssted
- GULEN, DALSØYRA, VESTLAND
- Publisert
- Søknadsfrist
- 11. okt. 2026
- Omfang
- Heltid
- Ansettelsesform
- Vikariat
- Antall stillinger
- 1
Stillingsdetaljer
Om stillingaVil du vere med og skape ein trygg, leiken og meiningsfull kvardag for barna våre?
I Gulen kommune har vi barnehagar kor omsorg, leik, læring og gode relasjonar står i sentrum. No søkjer vi ein engasjert og varm barne- og ungdomsarbeidar som ynskjer å vere med og gi barna ein trygg start, gode opplevingar og utviklingsmoglegheiter i kvardagen. Hjå oss får du bruke kompetansen din i eit inkluderande arbeidsmiljø, kor samarbeid, nærvær og barnets beste er viktige verdiar.
Me lyser etter fylgjande, for tida ved eining Dalsøyra barnehage og skule:
I inntil 100% vikariat som barne- og ungdomsarbeidar/eller tilsvarande, frå snarast/etter avtale til medio august 2027. Kan verte moglegheit for noko forlenging av vikariatet. Stillinga er, for tida, knytt til avdeling Hovden barnehage
Barnehagane i Gulen tilbyrEit sterkt fokus på fagleg utvikling, kor idear og innspel frå både nyutdanna og erfarne medarbeidarar vert verdsett
Små og oversiktlege barnehagar som gir nærleik, gode relasjonar og ein trygg start for deg som er ny i yrket
Eit godt, varmt og inkluderande arbeidsmiljø
Rettleiing og støtte som del av arbeidskvardagen
Eit godt fagleg nettverk og tett samarbeid mellom barnehagane i kommunen
Arbeidsoppgåver for ein barne- og ungdomsarbeidarMedverke til at barnehagen er ei god pedagogisk verksemd
Medansvar for tilsyn, omsorg og pedagogisk arbeid med barna
Delta i planlegging, rettleiing, gjennomføring, evaluering og vurdering i verksemda
Nokre av fagarbeidarstillingane i eininga er knytt til arbeid med enkeltborn
Andre arbeidsoppgåver som måtte kome til
KvalifikasjonarFagbrev som barne- og ungdomsarbeidar eller tilsvarande kompetanse
Dersom det ikkje melder seg kvalifiserte søkjarar med fagbrev/tilsvarande kompetanse, kan andre søkjarar verte vurderte
Erfaring frå arbeid i barnehage eller anna arbeid med barn er ynskjeleg
Evne til å arbeide i tråd med barnehagen sitt samfunnsoppdrag og verdigrunnlag
Grunnleggjande digital kompetanse
Gode norskkunnskapar - både munnleg og skriftleg
Det vert stilt krav om tilfredsstillande politiattest før oppstart i stilling
Personlege eigenskaparDu er ein trygg, tydeleg og omsorgsfull vaksen
Du tek initiativ og er aktivt med i leik og kvardagsaktivitetar
Du samarbeider godt med barn, føresette og kollegaer
Du er fleksibel, ansvarsmedviten og løysingsorientert
Personlege eigenskapar vil verte lagde vekt på
AnnaTenestespråket i Gulen kommune er nynorsk
Tilsetjing etter gjeldande lover, føresegner og avtalar
For tilsetjing innan pleie og omsorg, miljøteneste, barnevern, i skule, SFO og i barnehage, vert det stilt krav om politiattest etter aktuell/gjeldande lovheimel før oppstart i stillinga. Det skal berre krevjast politiattest av den som får tilbod om stillinga
Vi gjer merksam på at søkjarlister med namn, kjønn, alder og noverande stilling er offentleg informasjon. Dersom søkjarar likevel ber om konfidensiell handsaming, og grunnen for å unnta offentleggjering ikkje vert godkjent, får søkjen høve til å trekke søknaden sin før offentleggjering
Løn etter tariff
Søknadsknappen åpner den opprinnelige søknadsfunksjonen hos kilden, i tråd med NAVs vilkår.