Norge nå-logo
← Tilbake til Jobber i Norge

Helsefagarbeidar

Sandøy omsorgsdistrikt, Ålesund kommune

Arbeidssted
ÅLESUND, MØRE OG ROMSDAL
Publisert
Søknadsfrist
16. okt. 2026
Omfang
Heltid
Ansettelsesform
Fast
Antall stillinger
2

Stillingsdetaljer

Ålesund kommune ved Sandøy omsorgsdistrikt har grunna permisjonar og vakanse ledig 2 x 100 % stilling som helsefagarbeidar. Arbeidsstad er pt. avdeling sjukeheim. Sjukeheimsavdelinga har 8 plassar som dekker langtid og korttidspasientar. Helsefagarbeidar stillinga er pt. innplassert i tre-delt arbeidsplan med arbeid kvar 3. helg. Vi har årsturnus.  Tenestestad er Sandøytunet på Harøya i Ålesund kommune. Sjukeheim er samlokalisert med med dagaktivitetssenter, heimetenester og bufellesskap og andre kommunale tenester på Steinshamn, Harøya.  Helsefagarbeidarstillingane er knytt til Sandøy omsorgsdistrikt som består av eit lokalsamfunn med fleire øyar, Harøya og Finnøya har fastlandsforbindelse- Nordøyvegen.  Andre tilbod ein har i nærleiken til Sandøytunet er barnehage, barne og ungdomsskule, daglegvarebutikkar, bank og mange private bedrifter. Det er mange tilbod for fritida lokalt innan friluftsliv, idrett, treningssenter og kultur. Kommunen har verdiane open, engasjert og modig og har fokus på bærekraft i planlegging, gjennomføring og evaluering i tenestene. ArbeidsoppgåverSikre at bebuar/pasientar får nødvendig helsehjelp og tenester av god kvalitet i tråd med gjeldande lover, avtalar og retningslinjer. Observasjon, kartlegging, iverksetting av tiltak og dokumentasjon i pasientjournal (Helseplattformen). Legemiddelhandtering. Rettleiing av pasientar, pårørande, kollegaer og studentar. Bidra til kvardagsmeistring og auka livskvalitet hos pasientar. Samarbeide tett med pårørande og interne/eksterne aktørar. KvalifikasjonarFagbrev som Helsefagarbeider (eventuelt fagbrev som hjelpepleier og omsorgsarbeider) Relevant erfaring er ein fordel God munnleg og skriftleg framstillingsevne. Krav om norsk språkferdigheit tilsvarande B2 munnleg og skriftleg (Europarådet sin nivåskala - CEFR) Beherske IKT-verktøy Ved tilsetjing krevst politiattest, MRSA- og TBC-eigenerklæringar Aktuelle kandidater må ha norsk personnummer eller gyldig D-nummer og formidle dette til arbeidsgiver i god tid før oppstart i jobben. Det forutsettes at den som skal ansettes kan bekrefte sikker identitet i form av gyldig pass (internasjonalt) eller nasjonalt ID-kort (EU/EØS). Det kreves også at personlig bankid eller idporten kan benyttes som alternativ innlogging mot ulike digitale løsninger ved behov (Helseplattformen, OTTO-app mm). Personlege eigenskaparVi søkjer fagarbeidar med interesse for teamarbeid, som evnar å være med i ulike endringsprosessar. Trygg, tydeleg og engasjert, med fokus på beboeren Løysingsorientert, fleksibel og glad i nye utfordringar Sjølvstendig og samarbeidsorientert Bidrar til eit godt arbeidsmiljø Nytenkande og endringsvillig Personlege eigenskaper blir vektlagt Vi tilbyrEin interessant arbeidskvardag med varierte og utfordrande oppgåver i eit godt arbeidsmiljø Fagleg påfyll og moglegheit for vidareutdanning etter virksomhetens behov Løn og arbeidsvilkår etter gjeldande tariff Pensjonsordning i henhold til tariff Bedriftshelsetjeneste IA bedrift Gratis parkering for bil KontaktinformasjonRenate Finnøy, Verksemdsleiar Sandøy, 906 14 079, renate.finnoy@alesund.kommune.no ArbeidsstadAustrevegen 15 6296 Harøy Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Ålesund kommune Referansenr.: 5188098199 Stillingsprosent: 100% Fast Søknadsfrist: 16.10.2026
Søk på stillingen

Søknadsknappen åpner den opprinnelige søknadsfunksjonen hos kilden, i tråd med NAVs vilkår.