Austarheim Skule har ledig stilling for
Sauda kommune Austarheim skule
- Arbeidssted
- SAUDA, ROGALAND
- Publisert
- Søknadsfrist
- 3. nov. 2026
- Omfang
- Heltid
- Ansettelsesform
- Fast
- Antall stillinger
- 1
Stillingsdetaljer
Sauda kommune har ledig 100% fast stilling ved Austarheim skule frå 1. januar 2027.
Austarheim skule er ein barneskule med 143 elevar skuleåret 2026/2027.
Me søkjer ein engasjert og fagleg sterk lærar som vil vere med på å utvikle eit inkluderande og godt læringsmiljø for elevane våre.
Arbeidsoppgåver:Planleggje, gjennomføre og evaluere undervisning i samsvar med gjeldande læreplanverk
Følgje opp elevane si faglege og sosiale utvikling
Delta i skulen sitt utviklingsarbeid
Samarbeide med føresette, kollegaer og eksterne samarbeidspartnarar
Krav til kompetanse:Godkjend utdanning for tilsetting i grunnskulen
Spesialpedagogisk utdanning og/eller formell undervisningskompetanse i eitt eller fleire basisfag (norsk, matematikk, engelsk).
Gode norskkunnskapar, munnleg og skriftleg
Gode digitale ferdigheiter
Personlege dugleikar vil bli vektlagt.
Me søkjer etter deg som:har eit positivt elevsyn og gode relasjonelle ferdigheiter
motiverer til læring gjennom praktisk og variert undervisning
er tydeleg, positiv og utviklingsorientert
samarbeider godt med andre
er løysingsorientert og fleksibel
bidreg aktivt til skulen si utvikling
Me tilbyrEit inkluderande og utviklingsorientert arbeidsmiljø
Pensjonsordning i SPK
Løn og arbeidsvilkår etter gjeldande avtaleverk
Informasjon om sletting av utdanningsgjeld/studielån:Sauda kommune er omfatta av ordninga som inneber sletting av studielån/utdanningsgjeld. Alle som bur i ein av dei 189 kommunene på SSBs sentralitetsnivå 5 og 6 kan få sletta 25 000 kroner av utdanningsgjelda i året frå januar 2026. Du må vere busett i ein av desse kommunane, og vere yrkesaktiv, i minst eitt år. Du vil få sletta utdanningsgjeld kvart år, fram til gjelda er nedbetalt. Tiltaket gjeld alle typar utdanningsgjeld, uavhengig av når gjelda er teken opp. Ein person som bur i ein av desse kommunane frå 1. januar 2025, eller flyttar dit når som helst etter denne datoen, vil etter eitt års butid vere kvalifisert til å få sletta gjelda.
TilsettingsvilkårTilsettinga skjer på dei vilkår og med dei plikter som følgjer av gjeldande lovverk, reglement og tariffavtale for Sauda kommune. Ved tilsetting vil me krevje godkjend politiattest. Sauda kommune ønskjer å bidra aktivt til likestilling mellom kjønna. Me oppfordrar difor menn til å søkje stillinga.
Søknad sendesSauda kommune nyttar elektronisk søknadsprosess. Me ber difor alle om å søkje via vårt elektroniske søknadssystem. Dersom du treng hjelp med registrering av søknad, ta kontakt med lønns- og personalavdelingen på mail til lonn@sauda.kommune.no.
Me gjer oppmerksom på at opplysningar om søkjer kan bli offentliggjort sjølv om søkjeren ber om å ikkje bli oppført på den offentlege søkjerlista. Hvis du oppgir begrunnelse om å unntas fra offentlegheten i din søknad, og anmodningen ikkje tas til følgje, vil søkjer bli informert, jf. offentlighetslovens §25.
Velkommen som søkjar!
Link til søknadsskjema: Søk her
Søknadsknappen åpner den opprinnelige søknadsfunksjonen hos kilden, i tråd med NAVs vilkår.