Norge nå-logo
← Tilbake til Jobber i Norge

Fastlegeheimel ledig i Giske kommune 

Barn, familie og helse, Giske kommune

Arbeidssted
GISKE, VALDERØYA, MØRE OG ROMSDAL
Publisert
Søknadsfrist
24. nov. 2026
Omfang
Heltid
Ansettelsesform
Fast
Antall stillinger
1

Stillingsdetaljer

Giske kommune har ledig fastlegeheimel med listestorleiek 960. Oppstart 1.5.2027. Praksis ved Giske kommunale legesenter, lokalisert på Valderøya. Gruppepraksis med 11 fastlegar og ein LIS1. Senteret er velorganisert og har fokus på godt arbeidsmiljø og samarbeid. Det er tilsett avdelingsleiar med ansvar for alt administrativt. Stabilt og velfungerande hjelpepersonell. Journalsystemet er Infodoc Plenario. Våren 2027 flytter legesenteret inn i nyoppussa lokaler, same bygg som i dag. Fastlegen arbeider som sjølvstendig næringsdrivande. Legesenteret blir drifta av Giske kommune og legen inngår leigeavtale (8.2-avtale) med kommunen. Det er ikkje knytt kommunal deltidsstilling til fastlegeheimelen per i dag. Kommunen søker tilskott frå Helsedirektoratet for midlar til ALIS-avtale som vil kompensere utgifter og tapte inntekter knytt til spesialisering for LIS3. Deltaking i 10-delt legevakt kveld og helg ved Giske legevakt. Deltaking i interkommunal nattlegevakt i Ålesund. I tillegg til formell kompetanse blir personlege eigenskapar og at ein er skikka for stillinga vektlagt. ArbeidsoppgåverArbeid som fastlege i medhald av fastlegeforskrifta. Helsefremmande og førebyggande arbeid. Tverrfagleg samarbeid. Deltaking i legevakt. KvalifikasjonarAutorisasjon som lege, helst med erfaring frå allmennmedisin. Oppfyller kompetansekrav for legar i kommunen. http://lovdata.no/dokument/SF/forskrift/2017-02-17-192 Gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg. God digital kompetanse. Personlege eigenskaparGod på kommunikasjon og samarbeid. Evne til initiativ og til å vere fleksibel og løysingsorientert. Evne til å arbeide strukturert og målretta. Kvinnelege legar bli oppfordra til å søke   Andre opplysningar: Det er krav om gyldig politiattest av ny dato. Søkjar må ha sertifikat og kunne disponere eigen bil. Dokumentasjon på utdanning skal sendast i lag med søknaden. Vi tilbyrSpanande arbeidsoppgåver Gode kolleger og hyggeleg arbeidsmiljø God fagleg støtte og rettleiing for uerfarne legar KontaktinformasjonKaroline Roald Skjong, avdelingsleiar, +47 94971318 Gretha Giske, einingsleiar, 97028234 Anne-Line Sommerdalen, kommuneoverlege, 93462221 ArbeidsstadYtterland 1 6050 Ytterland Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Giske kommune Referansenr.: 5200576983 Stillingsprosent: 100% Fast Søknadsfrist: 24.11.2026
Søk på stillingen

Søknadsknappen åpner den opprinnelige søknadsfunksjonen hos kilden, i tråd med NAVs vilkår.